Hopp til hovedinnhold

Korleis blir barn sett og hørt i barnevernet?

Disputas: Korleis blir barn synleggjort i norsk og chilensk barnevernsarbeid? Det har Ida Bruheim Jensen forska på.

Publisert: Endret:
Ida Bruheim Jensen
Ida Bruheim Jensen er frå Kristiansand og bur i Stavanger. Ho har ein mastergrad i psykologi frå Universitetet i Oslo og er tilsett som førsteamanuensis ved Institutt for sosialfag ved UIS. Jensen er tilknytt forskarskulen SWEL (Social Work and Welfare).

Ho forsvarte doktorgraden sin i samfunnsvitskap med avhandlinga «Ways of Seeing Children: Perspectives of Social Workers in Chile and Norway» 16. juni 2021.   

I Noreg speler staten ei aktiv rolle i barn og unge sine liv, mens i Chile ligg ansvaret for barn sine oppvekstsvilkår i større grad hos familiane sjølv. Kva for ei betydning kan dette ha for måten barn og unge blir sett og høyrt i barnevernet, og kva meiner barnevernsarbeidarar det vil seie å sjå barn?

38 barnevernsarbeidarar deltok i studien; 21 frå Chile og 17 frå Noreg. Det er ein klar tendens til at barnevernsarbeidarar i Noreg har eit meir individualistisk barnesyn enn barnevernsarbeidarar i Chile som fyrst og fremst ser barnet som del av ein familie og ein sosial kontekst.

Dette er ikkje uventa gitt dei velferdssystema barnevernsarbeidarar i Noreg og Chile jobbar innanfor. Likevel ligg det ulike spenningar her som både angår forholdet mellom det å sjå barnet som sjølvstendig aktør og som del av ein familie, men også kunnskapssyn som barnevernsarbeidet byggjer på. Individualiseringa i Noreg verkar å bli forsterka av eit psykologisk kunnskapsparadigme, mens chilenske barnevernsarbeidar trekkjer på meir samfunnskritisk og systemisk kunnskap i forståingane sine av barn og barndom.

Barnevernsarbeidarar i Noreg synest også å ha ein større tillit til at oppgåver som fell utanfor mandatet til barnevernet blir handtert av andre tenester, mens barnevernsarbeidarar i Chile har mindre tiltru til at andre velferdsområde vil kome på bana for å sikre barn og familiane sine behov.

Det individualiserte barnesynet som kjem fram i det norske materialet har særleg aktualitet i lys av kritikken Noreg har fått i den europeiske menneskerettsdomstolen, kor barnevernet er dømt for brot på konvensjonen sin artikkel 8 - retten til familieliv. Her har vi kanskje noko å lære av barnevernet i Chile, sjølv om barnevernet i Chile opererer under heilt andre ressursvilkår enn kva gjeld i Noreg.