Hopp til hovedinnhold

Korleis blir stordata nytta i høgare utdanning?

Sjølv om høgskular og universitet ofte nyttar såkalla stordata, veit studentar og tilsette lite om sjølve bruken av denne type data. Eit nytt forskingsnotat ser nærare på praksisen.

Publisert: Endret:

Stordata viser til innsamling, kopling og analysering av store mengder data som blir behandla av automatiserte prosessar, som kunstig intelligens. Data om studentar, til dømes data om deira demografiske bakgrunn, akademiske utvikling, helse, rørsler på campus-området eller bruk av biblioteket, er blitt ei vanleg kjelde til informasjon for høgskolar og universitet.

Mens det har vore mykje fokus på vern av privatlivet og datasikkerheit i samband med innsamling av stordata i medisinsk samanheng, har det vore mindre fokus på denne etiske dimensjonen av innsamling av stordata i høgre utdanning. Dette forskingsnotatet ser nærare på fleire av desse problemstillingane.