Menneske, meiningar og makter

UiS-forskarane Marianne Hafnor Bøe og Anne Kalvig er for tida aktuelle med ei ny lærebok i religionsvitskap.

Published Sist oppdatert

To kvinner holder en bok
Marianne Hafnor Bøe og Anne Kalvig er aktuelle med ei ny lærebok i religionsvitskap. (Foto: Anja Kristin Bakken)

- Me har skrive «Mennesker, meninger, makter»  med tanke på studentar i religionsvitskap og andre fag der religion står sentralt, og også for fagfellar og andre interesserte, fortel professor Anne Kalvig.

Ho starta arbeidet med boka for to år sidan, men skjønte fort at det ville bli for omfattande å aleine framstilla  og formgi eit heilt fag på ny. Ho inviterte kollega Marianne Hafnor Bøe med på laget, og saman har dei jobba med boka fram til den kom ut no i sommar.

- Det er om lag 20 år sidan det sist vart gitt ut ei norskspråkleg innføring i dette faget, og me kjente begge behovet for ei oppdatert lærebok, seier Kalvig. Relevansen av kunnskap om religionsvitskap i samfunnet er tydeleg for oss alle, både på individnivå og for samfunnet som heilskap. Religion blir stadig aktualisert, og ei slik bok har difor ein klar misjon.

Begge to jobbar ved Institutt for kultur- og språkvitskap ved Universitetet i Stavanger, og boka er skrive parallelt med utviklinga av eit bachelorprogram i religion, kultur og samfunn. I vår testa dei manuset på studentar ved årsstudiet i religion ved UiS.

- Eit godt døme på studentaktiv læring! Det var kjekt å sjå korleis dei reagerte på stoffet og måten me la det opp på. Me fekk nyttige tilbakemeldingar frå studentane.

For å gjera boka mest mogleg lesarvenleg for målgruppa inneheld den ei rekke aktuelle døme og diskusjonsoppgåver, tekstboksar og ordlister. 

Samstundes representerer boka noko nytt, og presenterer faget med ny struktur, slik at ho også kan lesast som eit bidrag inn i ein pågåande fagdiskurs. 

Populærkulturelle religionsuttrykk og økologi

Boka er krydra med religionshistorie, tar opp i seg sentrale fagdiskusjonar og har ein grundig gjennomgang av metode.

- Me meiner det er viktig at også studentar på bachelornivå får ei tidleg innføring i metode.  Det blir ofte skove litt ut i periferien, meiner Hafnor Bøe. 

Dei to har også introdusert nye element i boka. Hafnor Bøe og Kalvig har nemleg inkludert kjønns- og maktkritiske blikk, populærkulturens religiøse uttrykk og religion og økologi i boka.

- Samstundes som dette skal vera ei god grunnleggande innføring på norsk i religionsvitskap har me hatt lyst til å bryta litt med det etablerte. Det er snakk om eitt fag, men me ønskjer å visa fram ulike perspektiv og stemmer i dette faget, inkludert samfunnsvitskaplege bidrag. Me ser på religion som ein integrert del av kulturen, fortel Kalvig. 

- Me har prøvd å løfta fram ein del av dagens religionsforskarar, og få fram det spennande som skjer, blant anna i det norske forskingsmiljøet. I det ligg det også nye blikk på religion og maktkritikk, held Hafnor Bøe fram. Samstundes held me fram faghistoria, som den viktige bakgrunnen ho er.

Stavanger-kunstnar prydar framsida

Framsida til boka er prega av eit spesielt bilete, av ein kunstnar som også braut med det etablerte på si tid. 

 - Me hadde lyst til å gjera noko særskilt ut av framsida, og endte opp med å bruka eit bilete av Stavanger-kunstnaren Frida Hansen sitt teppe «Melkeveien». Ho var nyskapande, fri og modig for dåtida, og viser stjernetåka som eit kvinneleg kollektiv. I kanten av teppet har ho vove inn hebraisk tekst som kan omsetjast til «i byrjinga skapte Gud lyset». Me kan ana mange impulsar og stemmer på ein gong, seier Kalvig.

Forfattarane var midt i innspurten av arbeidet då landet stengte ned i mars.

- Ferdigstilling av eit bokmanus som me samarbeidde om, i koronaens tid, var utfordrande. Me kunne ikkje ein gong finna møterom for å setta oss ned saman, og endte med å ha eit viktig arbeidsmøte på ein uterestaurant! Men om innspurten vart annleis enn tenkt, vart likevel resultatet bra.

Boka er tilpassa eit skandinavisk publikum og har eit internasjonalt utblikk med nordisk tyngdepunkt. Responsen på boka har vore god så langt.

- Det har vore stor interesse knytt til denne utgivinga frå kollegaer rundt om kring, og me ser allereie at den blir tatt i bruk ved universitet og høgskular slik intensjonen har vore, avsluttar Anne Kalvig. 

Tekst og foto: Anja Kristin Bakken