Hopp til hovedinnhold

Pårørande si rolle i kreftbehandling

Disputas: Sjukehusa kan heve kvaliteten i kreftomsorga dersom dei lærer av tilbakemeldingane og erfaringane frå dei pårørande, viser forskinga til Inger Johanne Bergerød.

Publisert: Endret:
Portrett av Inger Johanne Bergerød
Inger Johanne Bergerød (44) er kreftsjukepleiar og fagutviklingssjukepleiar ved avdeling for blod og kreftsjukdomar, SUS. Ho er senterkoordinator for SHARE - Senter for kvalitet og sikkerhet i helsetjenesten, UiS.

Bergerød forsvarde avhandlinga Quality and safety in hospital cancer care – a mixed methods study of next of kin involvement då ho disputerte for ph.d.-graden i helse og medisin ved Universitetet i Stavanger 21. mai 2021.

Studien viser på kva måte pårørande er viktige aktørar for å auke kvalitet og tryggleik i kreftomsorga på norske sjukehus. Studien viser også at sjukehus kan heve kvaliteten i kreftomsorgstenester dersom dei involverer og lærer av dei pårørande sine tilbakemeldingar og erfaringar. Dette vil krevje ei strukturell endring i sjukehusa sitt arbeid med å involvere pårørande som ein likeverdig part i det medisinske teamet rundt pasienten.

Forskinga er gjennomførd ved to norske universitetssjukehus og omfattar blant annan 32 intervjuar med leiarar og tilsette samt ei undersøking blant 238 pårørande. Deretter har Bergerød utvikla ein guide for pårørandeinvolvering saman med eit ekspertpanel beståande av 20 pårøranderepresentantar, lækjer og sjukepleiarar. Guiden kan brukast av leiarar og tilsette i sjukehus som ei evaluering av praksis og som ei rettleiing for å utvikle gode metodar for å involvere dei pårørande for å auke kvalitet og tryggleik i kreftomsorga.