Samarbeid mellom universitet og bedrifter

Disputas: Korleis samarbeider vitskaplege tilsette med næringslivet for å bidra til omstilling i regionane? Det er det overordna spørsmålet i doktorgradsforskinga til Kwadwo Atta-Owusu.

Published Sist oppdatert
Kwadwo Atta-Owusu
Kwadwo Atta-Owusu kjem frå Ghana. Han har ein master i økonomi og forretningsadministrasjon med spesialisering i internasjonal forretningsadministrasjon frå University of Oulu. Han har ein bachelor i bedriftsøkonomi frå Ghana Baptist University College. Han bur for tida i Stavanger. Han er postdoktor ved Senter for innovasjonsforsking ved UIS.

Atta-Owusu forsvarde avhandlinga Promoting academic engagement in regions: How individual and contextual factors shape engagement activities då han disputerte for ph.d.-graden ved Universitetet i Stavanger 10. mai 2021. Han har vore tilknytt Handelshøgskolen ved UIS (HHUIS) under doktorgradsprosjektet.

Samarbeid mellom universitet og aktørar som næringsliv og offentleg sektor er viktig for å utvikle regionar og for å skape innovasjon som kan hjelpe på vegen. Universitet bidrar til innovasjon på ulike måtar – ikkje berre gjennom kommersialisering, men også gjennom samarbeid med næringsliv og offentlege styresmakter.

Atta-Owusu har sett på samarbeid frå perspektiva til universiteta og dei vitskaplege tilsette med utgangspunkt i ei spørjeundersøking som dekker vitskapleg tilsette på fleire av -universiteta. Han har sett på kor mange vitskaplege tilsette som samarbeider med omgivnadene. Han har funne at ein svært stor del av dei vitskapleg tilsette samarbeider med næringslivet, offentleg sektor og/eller frivillige organisasjonar. Samarbeidet kan forklarast av individuelle faktorar, som motivasjon, stadstilknyting og nettverk, og av kva ressursar som finst i omgivnadene.

Kwadwo Atta-Owusu er del av det store EU-finansierte forskingsprosjektet RUNIN (the Role of Universities in Innovation and Regional Development). Sju europeiske universitet har undersøkt korleis universitet og bedrifter kan samarbeide for at regionar skal klare omstillinga dei står overfor. Totalt 14 stipendiatar med 14 ulike prosjekt deltek, blant dei tre stipendiatar knytt til UIS. UiS-stipendiatane har konsentrert seg om korleis bedrifter og universitet kan samarbeide, men frå ulike inngangar og ståstader.