Smart-ER, forsking for smarte regionar i Europa

ECIU University Research Institute for smart European regions (Smart-ER) skal utforme, utvikle og implementere smartby-forsking.

Published Sist oppdatert
Fakta
Prosjektperiode

2021 – 2024

Finansiering

EU, Horisont 2020

Budsjett (totalt)

2 millionar euro

Alle dei 12 medlemmane er også med i European consortium of innovative universities.

Smart-ER er eit forskingssamarbeid som er tett knytta til University, eit Erasmus+ finansiert prosjekt som vil endre måten høgre utdanning blir utført på i Europa. Studentar, forskarar og eksterne partnarar går saman om å løyse utfordringar, som del av ei meir fleksibel og relevant utdanning.

På samme måte samler forskingsinstituttet Smart-ER eit breitt spekter av interessentar, lokalt, nasjonalt og internasjonalt, for å arbeide ut fra ein felles forskings- og innovasjonsagenda. 

Ny forskingsmodell

Smart-ER vil implementere ein ny modell for å utføre forsking og innovasjon utan veggar. Det inneber å gå i dialog med samfunnet, skride over fag-, sektor- og landegrensar og basere seg på eit for det meste virtuelt forskingsmiljø.

Institusjonane vil saman prøve ut kapasitetsbyggingsprogram (Seed Programme og SMART-ER Academy) og innbyggarinvolvering i forsking. I desse vil dei prøve ut mekanismane og strukturane som blir utvikla i prosjektet. 

Partnarar: 

Alle partnarane i dette prsojektet er medlemar av European Consortium of Innovative Universities ( ), som saman har etablert University. Partner-liste med land i parantes:

  • Universitetet i Twente (NL)
  • Aalborg-universitetet (DK)
  • Dublin City University (IE)
  • Teknologiuniversitetet i Kaunas (LT)
  • Universitetet i Linköping (SE)
  • Universitetet i Tampere (FI)
  • Det tekniske universitetet i Hamburg (DE)
  • Universitetet i Aveiro (PT)
  • Universitat Autonoma de Barcelona (ES)
  • Universitetet i Stavanger (NO)
  • Universitetet i Trento (IT)
  • INSA - Institut National des Sciences Appliquées (FR) 

Read more on the ECIU website

Kontaktpersonar på UiS

Førsteamanuensis i byplanlegging
51831048
Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet
Institutt for sikkerhet, økonomi og planlegging
Rådgiver
51834516
Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet
Fakultetsadministrasjonen TN
Kontor for prosjektadministrative tjenester