Universitetet i Stavanger aukar forskingsproduksjonen

Som einaste norske universitet publiserte UiS meir forsking i 2022 enn året før.

Publisert Sist oppdatert

Hydrogenforbrenning i mikrogassturbin.
FRÅ FORSKINGA I 2022: UiS-forskarar klarte å drive ein gassturbin med 100 prosent hydrogen. Her står UiS-professor Mohsen Assadi og stipendiat Reyhaneh Banihabib saman med Bjarte Hetlelid ved Norce. Foto: Kjersti Riiber

Mens alle dei andre universiteta gjekk tilbake, held Universitetet i Stavanger fram med sin auke av vitskapleg publisering. Det viser 2022-tala som blei publisert på Database for statistikk om høgare utdanning fredag 14. april.

Når forskarar får publisert sine artiklar i godkjende vitskaplege tidsskrift, skårar dei poeng i det norske forskingssystemet. Statistikken for 2022 viser at UiS produserte 1453,5 publikasjonspoeng. Det er ein auke på 3,3 prosent samanlikna med 2021.

Kraftig vekst

– Det er særs gledeleg at vi også i 2022 kan vise til ein auke i forskingsproduksjon. UiS har dei siste åra hatt ei kraftig vekst på fleire område som gjev utslag i stabilt høgare publiseringspoeng, seier Merete Vadla Madland, prorektor for forsking ved UiS.

UiS ligg på femteplass når det gjeld publiseringspoeng totalt, bak dei fire «gamle» universiteta – UiO, NTNU, UiB og UiT. 

Når det gjeld publiseringspoeng per vitskapleg tilsett har UiS 1,24 poeng. Her ligg UiS over snittet og på ein fjerdeplass blant universiteta, berre bak dei tre store universiteta, UiO, UiB og NTNU.

Desse auka mest

Det er dei teknisk-naturvitskaplege forskingsområda som sankar flest poeng ved UiS. Men størst framgang finn vi hos Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, som gjekk opp med 13,9 prosent.

Også Handelshøgskulen, Det samfunnsvitskaplege fakultet og Arkeologisk museum har hatt ein auke i sin forskingsproduksjon.

Tekst: Karen Anne Okstad