Hopp til hovedinnhold

Matte + kreativitet = sant

Elevar som blir lært opp til å tenke kreativt, har større sjanse for å gjere det bra i matematikk.

Publisert: Endret:

EN gutt ligger på gulvet med papirbiter i ulike former rundt seg. Han setter sammen to av dem
MATTE-KREATIVITET: Ei oppsummering av internasjonal forsking på temaet viser at elevar som tenker kreativt gjer det bedre i matte. (Foto: Getty images)

Kreativitet i skolen er noko ein gjerne forbind med estetiske fag som kunst og handverk eller litteratur. Men evna til å tenke kreativt er like viktig i matematikkfaget, syner ny forskning. Ei oppsummering av internasjonal forsking på temaet, viser at elevar som tenker kreativt har større sjanse for å lukkast i matte.

Kunnskapsoppsummeringa har analysert 30 ulike studiar fra fleire land, mellom anna Norge, og konkluderer med at det er ein tydeleg samanheng mellom dei kreative evnene til elevane og matteprestasjonane deira. Samanhengen mellom kreativitet og gode matteresultat er størst når elevane blir lært opp til å tenke kreativt spesifikt i matematikkfaget. Men det er òg ein samanheng mellom generelle kreative evner og matematikkfaglege prestasjonar.

Kreativitet er evna til å tenke nytt og komme med nye idear. Det handlar om å finne nye løysingar på eit problem, finne ulike tilnærmingar og komme med løysingar andre ikkje har tenkt på fra før av. Forsking viser at kreativitet ikkje berre er medfødt, men òg eit resultat av påverknad frå omgjevnadar, samfunn og skole. Forfattarane bak kunnskapsoversynet understreker derfor at skolen bør gi elevane anledning til å utvikle dei kreative evnene sine òg i matematikkfaget.

Les meir om forsking på matematikk: