Kunnskapsoppsummering om multikulturalisme

Noreg er eit fleirkulturelt samfunn med eit mangfald av etnisitetar og kulturar. Multikulturalisme er ein ideologi som viser til aksept og støtte for verdien av eit slikt mangfald. Dette forskingsnotatet presenterer resultat av 35 år med artiklar om multikulturalisme i det tverrfaglege tidsskriftet International Journal of Intercultural Relations.

Published Sist oppdatert
referanse:

Arasaratnam, L.A. (2013) A review of articles on multiculturalism in 35 years of IJIR. International Journal of Intercultural Relations, 37(6), 676–685. https://doi.org/10.1016/j.ijintrel.2013.09.006

Foto: Getty Images.


Bakgrunn

International Journal of Intercultural Relations (IJIR) er eit leiande tidsskrift for interkulturell forsking innanfor disiplinar som mellom anna psykologi, sosiologi, medievitskap, statsvitskap og kommunikasjon. Temaet multikulturalisme har vore drøfta i artiklar sidan første utgåve av tidsskriftet i 1977 og framover, men omgrepet har ikkje vore nemnt i tittelen på ein artikkel før i 2002. Det aukande kulturelle mangfaldet i land som er opne for migrasjon, gjer multikulturalisme til eit stadig meir relevant tema.
Sjølv om dei verkar nokså like, er det ein skilnad mellom omgrepa multikulturalitet (eller fleirkulturalitet) og interkulturalitet: Multikulturalitet viser til kulturelt mangfald i ein gitt samanheng, medan interkulturalitet viser til utvekslingar eller samhandling mellom kulturar eller kulturelle perspektiv. Til dømes kan me snakka om interkulturell pedagogikk på ein multikulturell skole. Med andre ord er interkulturell samhandling noko me kan læra oss gjennom deltaking i eit multikulturelt miljø.


Multikulturalisme kan, på si side, definerast som ein ideologi som viser til aksept for ulike kulturar i eit samfunn og til aktiv støtte for desse kulturskilnadene frå både majoritetsfolk og minoritetsgrupper. Vidare kan multikulturalisme delast opp i tre ulike aspekt:

  1. demografisk multikulturalisme, som viser til etnisk mangfald i folkesetnaden
  2. politisk multikulturalisme, som viser til politiske vedtak som skal fremja mangfald
  3. psykologisk multikulturalisme, som viser til haldningar som er relaterte til den politiske ideologien om aksept og støtte til ein kulturelt heterogen folkesetnad

Føremål

Den systematiske oversynsartikkelen1 til Arasaratnam vart publisert i eit spesialhefte av IJIR om multikulturalisme. Føremålet var å gå gjennom 35 år med forsking på multikulturalisme for å identifisera dei dominerande tematikkane i feltet. Sidan IJIR er eit prominent internasjonalt tidsskrift om interkulturelle relasjonar, er eit oversyn over artiklar om multikulturalisme der eit godt høve til ei systematisk kunnskapsoppsummering om multikulturalisme generelt.

Inkluderte artiklar

Oversynsartikkelen er i form av ein tematisk analyse av artiklar om multikulturalisme som har blitt publisert i IJIR i perioden 1977—2012. Ho starta med ein gjennomgang av 37 fagfellevurderte artiklar (ikkje leiarartiklar eller bokmeldingar) som hadde «multiculturalism» eller «multicultural» i tittelen. Arasaratnam identifiserte fire tematikkar i desse artiklane: (1) haldningar til multikulturalisme; (2) multikulturelle samhandlingar; (3) multikulturell pedagogikk og (4) multikulturell identitet. Desse tematikkane danna grunnlag for utvida heiltekstsøk på kvart enkelt tema, noko som auka talet på inkluderte artiklar til 49. Desse blei kategorisert etter tema og kva slags type multikulturalisme, av dei tre nemnde ovanfor, som blei reflektert i artikkelen.

Resultat

Arasaratnam legg fram oppsummeringar innanfor dei fire tematikkane og kva slags aspekt av multikulturalisme dei fell innanfor.

Haldningar til multikulturalisme

Denne tematikken fell innanfor det psykologiske aspektet av multikulturalisme. Den multikulturelle hypotesen er at ein sjølvsikker identitet vil leia til utveksling, respekt for andre og mindre diskriminering. Denne hypotesen blir bekrefta i fleire studiar, noko som støttar opp under den multikulturelle ideologien om at kulturelt mangfald er eit gode for samfunnet og at dette mangfaldet bør bli tatt rettvist vare på.
Fleire av studiane innanfor denne tematikken vart gjort i Nederland og tok føre seg fenomenet akkulturasjon, som vil seie dei forandringane som skjer i ein person i møte med ein annan kultur. Desse studiane dreier seg om migrasjon og eit generelt funn er at majoritetsgrupper føretrekk at minoritetsgrupper assimilerer til majoritetskulturen medan minoritetsgrupper ønsker vern av si eiga kultur. Det er likevel større aksept hos majoritetsgrupper for å bevara minoritetskulturen dersom dei opplever at migrasjonen ikkje var frivillig. Med andre ord syner resultata ei haldning frå majoritetskulturen om at dersom nokon frivillig flytter til eit anna land så bør dei assimilera vertskulturen, men dersom dei blir drive på flukt er det meir akseptabelt at dei held på kulturen sin.
Krav om vern av kulturen til minoritetsgrupper kan opplevast som truande for majoritetsgrupper og leia til motstand mot multikulturalisme som ideologi. Minoritetsgrupper er generelt meir positive til multikulturalisme enn majoritetsgrupper. Resultata indikerer at maskulint orienterte grupper som unngår usikkerheit, har negative haldningar til kulturelt mangfald medan yngre folk med høgare utdanning og kvinner har positive haldningar til multikulturalisme. Arasaratnam hevder at dersom desse mønstra for mangfaldiggjeringa av samfunnet held fram i same mønster i åra framover, kan det leia til auka spenning mellom majoritet og minoritetsgrupper. Viss resultata frå Nederland er representative for resten for andre europeiske land, bør det derfor vera eit mål for europeiske samfunn å søke einskap i mangfaldet. Ei løysning kan vera å legga vekt på at ein ikkje treng vera einskaplege for å føla einskap.


Multikulturelle samhandlingar

Denne tematikken dreier seg om multikulturalisme som haldningar i respons på det demografiske aspektet av multikulturalisme. Studiane med denne tematikken synte at trass i at folk som bur i multikulturelle lokalsamfunn har eit generelt medvit om kulturelt mangfald, er det ikkje sikkert at dei inngår i interkulturelle samhandlingar.
Resultata synte òg at etniske grupper i eit multikulturelt samfunn blir tiltrekte av kvarandre basert på opplevde fellestrekk. Men det er uklårt om det er slik at me likar dei som liknar oss eller om me opplever at dei me likar, liknar oss. Fostringa av ein felles identitet er ein strategi som blir mykje nytta i samfunn som er prega av eit mangfald av kulturar og verdiar. Uavhengig av styrking av einskilde etniske grupper sin kultur, er det sannsynleg at viss folk opplever at dei deler fellestrekk med andre, vil dette leia til ein felles hovudstraumskultur.
Ifølgje Arasaratnam syner desse funna at multikulturelle lokalsamfunn kan ha nytte av program og høve som legg til rette for samhandling mellom ulike kulturelle grupper, særleg viss desse er retta mot påpeiking av fellestrekk og mot å nå felles mål.

Multikulturell pedagogikk

Denne tematikken dreier seg om politisk multikulturalisme som reaksjon på det demografiske aspektet av multikulturalisme. To av dei inkluderte studiane indikerer eit skifte i fokus når det gjeld multikulturell pedagogikk i amerikanske skolar. I ein studie frå 1977 låg fokus på at minoritetar måtte læra seg dugleikane til den amerikanske middelklassen for å evna seg i det amerikanske samfunnet. I ein annan studie frå 1985 ligg fokuset på interkulturell kompetanse snarare enn på assimilering av middelklassen sitt verdisett. Denne kompetansen kan byggast opp gjennom læring basert på erfaring, åtferd og informasjon. Tanken er at læraren kan nytta positiv forsterking til å fremma åtferd som styrker interkulturelle relasjonar gjennom å legga til rette for fyrstehandserfaring med ulike kulturar i ein kontrollert setting og å legga fram fakta og informasjon om kulturane.
Ein annan studie synte at denne typen erfaringslæring òg er nøkkelen til å skikka lærarar til å takla utfordringane i kulturelt mangfaldige klasserom. Det er fleire studiar som peiker på at multikulturell pedagogikk må retta seg inn mot at medlem av majoritetsgrupper må tileigna seg kunnskap om minoritetsgrupper og interkulturell kompetanse.
Ein studie frå Israel synte at den arabiske læreplanen var retta mot multikulturalisme i større grad enn den jødiske, som er meir retta mot internasjonalisering. Forfattaren av denne studien meiner at dette er eit eksempel på at majoriteten jobbar for assimilering av minoriteten gjennom utforminga av læreplanen i eit samfunn som er prega av konflikt mellom to etniske grupper.


Ifølgje Arasaratnam syner desse funna ei utvikling i amerikansk multikulturell pedagogikk som, iallfall tilsynelatande, går frå fokus på assimilering til fokus på interkulturell kompetanse gjennom erfaringsbasert læring. Datagrunnlaget frå to studiar er likevel for lite til å trekka konklusjonar her. Erfaringsbasert læring er nøkkelen til interkulturell kompetanse, både for elevar og lærarar. Det kan vera verdt å sjå nærare på læreplanar for å finna ut i kva grad dei legg opp til interkulturell kompetanse satt opp mot assimilering til hovudstraumskulturen.

Multikulturell identitet

Denne tematikken dreier seg om psykologisk multikulturalisme som respons på det demografiske aspektet av multikulturalisme. Artiklane innan tematikken dreier seg om problemstillingar rundt identitetsutvikling som eit resultat av eksponering for multikulturalisme og individuelle særmerke som påverkar effektiviteten i multikulturelle miljø. Dei inkluderte artiklane er relativt nye då ingen er publisert tidlegare enn år 2000.
Det kan sjå ut til at mange menneske i multikulturelle miljø har ein tendens til å skifta mellom identitetar i tråd med omgjevnadene, medan dei som veks opp i multikulturelle miljø og er mykje eksponert for ei anna kultur enn sin eigen i formative år ofte utviklar ein blanda identitet. Desse blir ofte omtalt som tredjekultursindivid. Her blir ulike kulturelle element integrerte i kvarandre for å danna ein fast multikulturell identitet som ikkje endrar seg ut frå den kulturelle samanhengen eller kva for eit land dei er i.
Fleire av studiane har nytta ein spørjeundersøking kjent som Multicultural Personality Questionnaire (MPQ), som er designa for å finna koplingar mellom fem personlege eigenskapar og ein multikulturell personlegdom. Dei fem eigenskapane er kulturell empati, openheit, emosjonell stabilitet, fleksibilitet og sosialt initiativ. Kulturell empati er evna til medkjensle med folk frå andre grupper. Openheit er ei open haldning til andre kulturar, utan fordommar. Emosjonell stabilitet er evna til å halda seg roleg i stressande situasjonar. Fleksibilitet er evna til å læra frå nye opplevingar og til å takla uventa situasjonar. Til slutt er sosialt initiativ ein aktiv orientering mot sosial samhandling, særleg med tanke på dei kulturelle andre. Ifølgje desse studiane kan sosialt initiativ knytast opp mot psyko-sosial tilpassingsevne til nye kulturar, medan openheit og emosjonell stabilitet korrelerer med meistring av framandspråk. Vidare synte ein av studiane at sosialt initiativ og emosjonell stabilitet hang saman med internasjonale studentar si evne til å tilpassa seg i USA.
Resultata frå studiane på multikulturell identitet synte at det er sannsynleg at personar som er mykje eksponert for multikulturelle miljø, former ein blanda identitet og utviklar haldningar som er knytt til effektiv interkulturell kommunikasjon. Vidare legg personlegdomstrekk som sosialt initiativ, openheit og emosjonell stabilitet til rette for å tilpassa seg nye kulturelle miljø.


Implikasjonar

Haldningane til multikulturalisme er motsette hos minoritet- og majoritetsgrupper og det vil nok gå lang tid før dette endrar seg. Konseptet om ein blanda identitet er interessant, men det er framleis eit sjeldan fenomen, ifølgje Arasaratnam. Det kan bli interessant å følgja med på korleis denne typen hybrididentitet utviklar seg i den oppveksande generasjonen. Enn så lenge er det lenge til røynda klarar leva opp til ideologien, og det er opp til multikulturelle samfunn å ta stilling til spenninga mellom grupper gjennom politikk og praksis.
Arasaratnam avsluttar med ei rekkje spørsmål som ho meiner er verdt å undersøkja vidare. For det første: Er det slik at opplevde fellestrekk mellom ulike grupper kjem før sympatien, eller kjem sympatien før dei opplevde fellestrekka? For det andre: Kva slags faktorar leier til ein skiftande identitet og kva slags faktorar leier til ein blanda identitet hos tredjekultursindivid? For det tredje: Korleis kan haldningar til multikulturalisme bli målt på ein effektiv måte på tvers av kulturar? For det fjerde: Er det slik at innlemming av multikulturelle emne i utvida læreplanar fostrar positive haldningar til multikulturalisme? Og til slutt: Kva er effektive måtar å promotera felles mål og sameina identitet i multikulturelle lokalsamfunn? Dette er nokre av dei mest sentrale spørsmåla for den som vil forska vidare på multikulturalismen i åra framover.


Gjennomgangen av 35 år med litteratur om multikulturalisme syner ein konsensus rundt multikulturalisme både som ein ideologi og som eit pragmatisk imperativ. På det politiske nivået kjem dette til syne gjennom lovfesta vedtak som støtter opp under ideologien i fleire land. I USA kan ein sjå eit mogleg skifte i utdanningssektoren frå eit fokus på assimilering av verdiane til den kvite middelklassen til integrering av interkulturelle perspektiv hos alle, helst gjennom erfaringsbasert læring.

[1] Systematisk kunnskapsoversyn: Som regel ein artikkel eller ein rapport som gjer eit oversyn over eit klårt definert forskingsspørsmål. Oversynet brukar systematiske og eksplisitte metodar for å identifisera, velja ut og kritisk vurdera relevant forsking, samt for å samla inn og analysera data frå studiane som er inkluderte i oversynet.