Hopp til hovedinnhold

HHUiS Alumni

HHUiS Alumni er eit fagleg og sosialt nettverk for tidlegare studentar på Handelshøgskolen ved UiS.

Publisert: Endret:

Om HHUiS Alumni

HHUiS Alumni er eit sosialt og fagleg nettverk for deg som har studert leiing, økonomi og/eller juss på Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Stavanger, Distriktshøgskolen i Stavanger eller Høgskolesenteret i Rogaland.

Formål med alumninettverket er å gje tidlegare studentar anledning til ei verdifull nettverksbygging, rådgjeving i karriereutvikling, fagleg påfyll og livslang læring. Som HHUiS-alumn vil du få invitasjonar til ulike faglege og sosiale arrangement i regi av Handelshøgskolen ved UiS og Universitetet i Stavanger, nyheitsbrev og eigne UiS medlemsfordelar.

Aktuelt frå HHUiS Alumni

Miljø er viktig for Nhi Le, og derfor valde ho UiS som studieplass. Nå har ho landa jobb i Vår Energi

Nhi Le hadde som mål å studere og finne svar på korleis ho kunne gjere verda betre. Spesielt fag innan miljø- og naturre...

Therese Log Bergjord tildelt HHUiS Alumnipris 2021

Therese Log Bergjord, CEO i Skretting og en internasjonal kapasitet innenfor havbruksnæringen, er tildelt Handelshøgskol...

Ruth Vihovde Strand tildelt HHUiS Alumniprisen 2020

Ruth Vihovde Strand er seksbarnsmoren som kombinerte økonomistudier med småbarnsliv, deltidsjobb og politisk lederverv. ...

Førsommertreff for HH-UiS Alumni

Rundt 30 deltakere fikk aktivert både smakssansene og hjernecellene, da HH-UiS Alumni arrangerte et førsommertreff på Fr...

Bli medlem i HHUiS Alumni

Tidlegare studentar i økonomisk-administrative fag, rettsvitskap, rekneskap og revisjon, økonomi og informatikk, siviløkonom og Executive MBA kan bli medlem av UiS Alumni nettverk.

Korleis bli medlem?

For å bli medlem må du registrera deg i vår alumniportal, og melde deg inn i nettverksgruppa «Handelshøgskolen ved UiS».

Her vil du ha moglegheita til å lesa relevante artiklar, få nyheitsbrev og finne tidlegare medstudentar som også har registrert seg som alumn. Dette gjer du enkelt ved å logga deg inn med MinID, gjennom denne lenka "alumni.uis.no".

Nyheiter, arrangement med meir vil òg bli publisert her på heimesida vår. I tillegg kan de følgja oss på HHUiS Alumni Facebook. Vi vil og at de følgjer Handelshøgskolen ved UiS på Facebook. 

Velkommen til å bli med oss gjennom HHUiS Alumni!

Kvifor bli medlem?

Vi vil gjerne at dei tidlegare studentane våre skal komma tilbake til oss å vera ein ressurs vi kan dra nytte av, samtidig som vi kan gi noko tilbake til dei som har studert hos oss. I tillegg til å få møta andre tidlegare økonomi- og/eller rettsvitskapsstudentar, både kjente og ukjente, ønsker vi å utvikla ein tettare samhandling mellom HHUiS og næringslivet gjennom dette nettverket.

UiS alumner får i tillegg medlemsfordeler hos mellom anna Sis sportssenter, universitetsbiblioteket ved UiS, restauranten Fish & Cow i Stavanger og campushotellet Ydalir.

Kven kan bli medlem?

Dette gjeld alle som har studert hos "oss" sidan skipinga av økonomisk-administrativ utdanning i Stavanger i 1969 med fullført studium frå enten Rogaland distriktshøgskule, Høgskolesenteret i Rogaland, Høgskolen i Stavanger eller Universitetet i Stavanger.

Kontakt HHUiS Alumni
HHUiS Alumni-kontoret

Epost: hhuisalumni@uis.no  Egil C. Svela Mobil +51 83 31 06 Åse Lea Telefon: +47 51 83 37 47

UiS sentralt alumnikontor

Klaus Liland E-post: klaus.liland@uis.no

Nominering av årets HHUiS-alumn 2022 - frist 1. november 2022

Prisen er ei utmerking til ein HHUiS-alumn som er ein motivator og inspirator for nåverande og tidlegare studentar. Ein HHUiS-alumn har gjennom hardt arbeid utmerka seg i positiv forstand, både gjennom solid karriereutvikling og bidrag til samfunns- og næringsliv. Prisen blei delt ut første gong i 2019.

For å bli vurdert for prisen, må desse kriteria vere oppfylt:

  • Personen må ha fullført ein grad ved HHUiS (eller tidlegare institusjonsnavn)
  • Det er gått minimum to år sidan fullført grad
  • Ein er nominert av andre enn seg sjølv

Send ein e-post til hhuisalumni@uis.no med nominering til HHUiS Alumniprisen 2022 seinast innan 1. november 2022

Beslutningskomiteen består av alumnirådet og fagmiljøet ved HHUiS.

HHUiS Alumniprisen 2022 blir offentleggjort og tildelt i løpet av hausten 2022. Nomineringar eller spørsmål kan bli retta til hhuisalumni@uis.no