Hopp til hovedinnhold

Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger

Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger har eit svært engasjert fagmiljø som underviser og driv forsking på høgt internasjonalt nivå, og tilbyr nokre av dei mest ettertrakta studietilboda i landet.

Publisert: Endret:
Fakta
Studentar

1250

Stipendiatar

17

Vitskapleg tilsette

91

Partnaruniversitet

40

Administrativt tilsette

15

Årlege vitskaplege publikasjonar

50

"Økonomi handlar om å forstå menneskeleg åtferd"
OM OSS

Handelshøgskolen ved UiS

Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger (HH-UiS) blei etablert 1. januar 2011, men har ei uavbroten historie frå og med opprettinga av studium i økonomi og administrasjon i Stavanger ved Rogaland distriktshøgskole i 1969.

Vi har over 100 tilsette med høg fagleg kompetanse og gode nettverk med andre forskarar og forskingsinstitusjonar både nasjonalt og internasjonalt. Av desse er rundt 20 doktorgradsstipendiatar. Innanfor undervisning og forsking har vi nær kontakt med samfunns- og næringslivet.

Handelshøgskolen ved UiS er delt inn i tre fagavdelingar: avdeling for rekneskap og rettsvitskap, avdeling for samfunnsøkonomi og finans og avdeling for innovasjon, leiing og marknadsføring.

Det er over 1300 studentar knytt til Handelshøgskolen ved UiS. Av desse er vel 800 studentar på bachelornivå, nær 400 på masternivå og nærare 100 som følger Executive MBA-programmet. Ved å ta mastergrader hos oss kan du bli både siviløkonom og statsautorisert revisor. Grunnutdanningane på bachelornivå er innanfor økonomi og administrasjon og rettsvitskap.

Alle organisasjonar treng kompetanse for å styre den strategiske utviklinga og sikre ein berekraftig ressursbruk. Dette er kjernen i studieprogramma våre, og kandidatane blir kvalifiserte til å jobbe innanfor industri, bank og finans, revisjon og IT, administrasjon i offentleg og privat tenesteytande sektor i brei skala.

Handelshøgskolen ved UiS er medlem i det globale leiarnettverket EFMD.

Kontakt oss
Besøksadresse

Elise Ottesen-Jensens hus, 2. etasje Kjell Arholms gate 35 4021 Stavanger

Telefon

+47 51 83 15 55

Postadresse

Universitetet i Stavanger Handelshøgskolen ved UiS 4036 Stavanger

Handelshøgskolen ved UiS er medlem i EFMD

Globalt nettverk for leiarskap

Våre studium

Økonomi og administrasjon

Master 2 år – siviløkonom

Rettsvitskap

Bachelor

Forretningsjus

Master 2 år

Executive MBA

Erfaringsbasert master

Doktorgrad (PhD)

Ved forskarskolen for økonomiske og administrative fag

Forsking

Handelshøgskolen ved UiS har eit ungt og dyktig forskingsmiljø innanfor økonomi, jus, innovasjon og administrasjon.

Hovedområde

Handelshøgskolens hovedområde for forsking:

  • Rekneskap og revisjon
  • Økonomi
  • Finans
  • Rettsvitskap
  • Organisasjon og leiing
  • Marknadsføring
Ekspertise

Økonomi: arbeidsmarknadsøkonomi, åtferdsøkonomi, miljø- og ressursøkonomi, oppdrettsrelatert forsking, olje- og energirelatert forsking. Finans: Applied finance Organisasjon og leiing: leierskap, produksjonsleiing, prosjektleiing, IT-leiing, strategi Marknadsføring: branding, forbrukaråtferd, Business to Business (B2B), distribusjonskanalar, Interorganizational Relationships, industrinettverk, sosiale nettverk

Prodekan for forsking

Prodekan for forsking ved Handelshøgskolen er Ragnar Tveterås.

Forskarskolen for økonomiske og administrative fag

Forskarskolen for økonomiske og administrative fag (ECOBA) utdannar forskarar som studerer korleis menneskjer og bedrifter fungerer og samhandlar i organisasjonar og marknader. Les meir om forskarskolen her.

Senter for innovasjonsforsking

Senter for innovasjonsforsking forskar på innovasjon som ei drivkraft for verdiskaping og velferdsutvikling innan global økonomi. Les meir på nettsida til senteret.

CIAM – Cluster on Industrial Asset Management

CIAM fokuserer på å gjere industriell produksjon meir kostnadseffektiv gjennom læring og innovasjon. Målet er å bidra til verdiskaping og redusert risiko for våre industrielle partnarar. Les meir på CIAMs nettsider.

Bruk av registerdata ved Handelshøgskolen

Handelshøgskolen ved UiS ønsker å informere potensielle deltakarar i våre forskingsprosjekt om kva registerdata er og bruken av desse. Les meir om Handelshøgskolens bruk av registerdata her.

Utvalde forskingsprosjekt

Resilient

Korleis auke trivsel og motivasjon hos ungdom?

Releasing the power of users

Korleis sikre brukarmedverknad i utviklinga av nye og innovative digitaliseringsløysingar i helse- og sosialsektoren

IPROCESS

Utvikling av nye konsept og metodar for fleksible og berekraftige matproduksjonsprosessar

Runin

Korleis kan universiteta bidra til vekst, innovasjon og regional utvikling?

Feedback and incentives

Korleis behalde motiverte tilsette? Prosjektside under utvikling.

Brukarinteresser og digitalisering i helse- og sosialsektoren

Involvering av brukarar i innovasjonsprosessen innanfor digital helse. Prosjektside under utvikling.

Coast-Benefit

Verdsetjing av natur- og friområde i samband med forvalting av kystsoner. Prosjektside under utvikling.

Leiinga på Handelshøgskolen ved UiS

51831582
Handelshøgskolen ved UiS
Dekan
51833770
Avd. for innovasjon, led. og mark.føring
Professor
51831640
Avd. for innovasjon, led. og mark.føring
Professor
51833776
Fakultetsadministrasjonen HH-UIS
Fakultetsdirektør
51831678
Avd. for innovasjon, led. og mark.føring
Avdelingsleder
51834502
Avdeling for samfunnsøkonomi og finans
Avdelingsleder
51832896
Avdeling for regnskap og rettsvitenskap
Avdelingsleder

Avdelingar, tilsette og styret

Senter for innovasjonsforsking

Senter for innovasjonsforsking forskar på innovasjon som ei drivkraft for verdiskaping og velferdsutvikling innan global økonomi.

Ambisjonen på senteret er å vera premissleverandør for praksis og politikk og å vera eit internasjonalt synleg og anerkjent forskingsmiljø.

Høg forskingskvalitet skal kombinerast med relevans. Gjennom formidling og tette relasjonar til næringsliv og offentleg sektor skal forskingsresultata skapa debatt i det offentlege rommet og ha implikasjonar for praksis og politikk.

Senter for Innovasjonsforskning er etablert av Universitetet i Stavanger (UiS) og IRIS (International Research Institute of Stavanger – no NORCE). Senteret er gjort mogleg ved ei grunnfinansiering gitt av familien Gjedebo på NOK 50 mill.

Les meir på nettsida til senteret

CIAM – Cluster on Industrial Asset Management

CIAM fokuserer på å gjere industriell produksjon meir kostnadseffektiv gjennom læring og innovasjon. Målet er å bidra til verdiskaping og redusert risiko for våre industrielle partnarar.

Les meir på CIAMs nettsider

HHUiS Alumni

Fagleg og sosialt nettverk for tidlegare studentar på Handelshøgskolen ved UiS.

HHUiS Alumni er eit fagleg og sosialt nettverk for deg som har studert leiing, økonomi og/eller juss på Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Stavanger, Distriktshøgskolen i Stavanger eller Høgskolesenteret i Rogaland.

Formål med alumninettverket er å gje tidlegare studentar høve til ei verdifull nettverksbygging, rådgjeving i karriereutvikling, fagleg påfyll og livslang læring. Som HHUiS-alumn vil du få invitasjonar til ulike faglege og sosiale arrangement i regi av Handelshøgskolen ved UiS og Universitetet i Stavanger, nyhetsbrev og egne UiS medlemsfordeler. 

Gå til nettsidene for HHUiS Alumni her

Aktuelt frå Handelshøgskolen

Ledige stillinger som studentassistent ved Handelshøgskolen

Handelshøgskolen ved UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studenter som ønsker å kombinere studiene med jobb. Søkna...

– Det beste med jobben min er muligheten til å treffe og hjelpe ulike mennesker hver dag

Fam Skjæveland jobber studerte bachelor i rettsvitenskap på Handelshøgskolen ved UiS. Nå jobber hun som advokatfullmekti...

– Fundamentet for vår lokale levestandard svekkes

Næringslivet i Stavanger-regionen skiller seg ut med svært høy lønnsomhet og verdiskaping sammenlignet med andre byregio...

Handelshøgskolen ved UiS skal utdanne spesialister i forretningsjus

Høsten 2021 etablerer Handelshøgskolen ved UiS et masterstudium i forretningsjus. Studiet vil gi kandidatene spesialkomp...

Kick-off for studentene ved Handelshøgskolen

17. til 20. august arrangerte Handelshøgskolen ved UiS kick-off-uke for sine studenter. Over 400 studenter deltok, forde...

Setter prislapp på naturen

Hvilke miljøverdier går tapt for det norske samfunnet hvis jærstrendene eller Lofoten forringes? Det har Ana Faria Lopes...

Ruth Vihovde Strand tildelt HHUiS Alumniprisen 2020

Ruth Vihovde Strand er seksbarnsmoren som kombinerte økonomistudier med småbarnsliv, deltidsjobb og politisk lederverv. ...

Norway Summit – Grønn økonomi

Universitetet er partner med Norway Summit som arrangeres 13. oktober. Årets konferanse tar for seg grønn økonomi og ska...

Effekten av medelever og tankesett

En lærer som har et mer lærende tankesett siste året på ungdomsskolen, ser ut til å ha en positiv effekt på elevers eget...

Internship hos bedrifter for studenter fra Handelshøgskolen ved UiS

Hele 20 ulike virksomheter tar i høst imot de første 25 internship-studentene fra bachelor- og masterprogrammene i økono...

Førsommertreff for HH-UiS Alumni

Rundt 30 deltakere fikk aktivert både smakssansene og hjernecellene, da HH-UiS Alumni arrangerte et førsommertreff på Fr...

Torfinn Harding melder overgang fra NHH til Handelshøgskolen ved UiS

Torfinn Harding starter som professor ved Handelshøgskolen ved UiS den 1. august. Han har de siste årene jobbet som førs...

Hold deg oppdatert: Følg Handelshøgskolen ved UiS i sosiale medium!