Hopp til hovedinnhold

Disputas om bløding etter fødsel

Signe Egenberg har forska på korleis helsepersonell kan bidra til å redusera blodtap etter fødsel, og sett på effekten av simuleringstrening i tverrfaglege team i Noreg og Tanzania.

Publisert: Endret:
Jordmor Signe Egenberg har undersøkt endring i opplevinga av å kunna handtera bløding etter fødsel, og behovet for blodoverføringar i samband med fødsel.

Første gang publisert 12. mai 2017. Tekst: Benedicte Pentz

Ifølgje Verdshelseorganisasjonen døyr 250 mødrer kvar dag på grunn av bløding etter fødsel. Ulike opplæringsprogram er gjennomførte for å auka kompetansen til helsepersonell på akutt fødselshjelp. Førebels har forsking på effekt av opplæring ikkje kunna visa til redusert blodtap etter fødsel, målt indirekte ved behov for blodoverføring etter fødsel.

Sjukehus i Noreg og Tanzania

I doktorgradsarbeidet sitt prøvde Egenberg ut simuleringstrening i tverrfaglege team med mål om å redusera alvorlege blødinger ved fødsel. Treninga innebar fleire verkelegheitsnære rollespel på bløding følgd av grupperefleksjon i tverrfaglege team. Helsepersonell ved føde- og barselavdelingar ved to sjukehus i Noreg og to i Tanzania deltok. Endring i opplevinga av å kunna handtera bløding etter fødsel, og behovet for blodoverføringar i samband med fødsel, vart undersøkt.

Nedgang i blodoverføringar

Resultatene viste at personalet opplevde auka tru på meistring knytt til handtering av bløding etter fødsel. Egenberg fann ein tydeleg nedgang i blodoverføringar gitt etter fødsel. Treninga lét seg lett overføra til praksis og det tverrfaglege samarbeidde i samband med alvorlege blødinger vart betre.

Prosjektet har vist at denne typen tverrfagleg simuleringstrening kan gjera ein forskjell ved alvorlege blødinger etter fødsel.

Forskingsjordmor ved SUS

Signe Egenberg er første jordmor som tar doktorgrad ved Universitetet i Stavanger. Ho arbeider som forskingsjordmor ved Stavanger universitetssjukehus (SUS), og disputerte med avhandlinga Multi-professional simulation training on postpartum hemorrhage in Tanzania and Norway ved UiS 15. mai 2017.