Ei helse, ei verd

Korleis kan vi oppnå betre helse for menneske, dyr og miljøet? Det er utfordringa studentar og forskarar skal jobbe med når utdanningsprosjektet NorBra får støtte i fire nye år.

Published Sist oppdatert
NorBra 2020 summer school project. GDPR: Daniela Pampanin har fått muntlig tillatelse fra alle deltakere til at UiS kan lagre og bruke dette bildet. Foto: Privat
Biletet blei tatt i byrjinga av den første sommarskulen, då partane signerte Memorandum of Understanding (MoU) med Federal University of Rio de Janeiro (UFRJ). Se fleire bilete nederst. Foto: Privat

I fire år har professor Daniela M. Pampanin ved Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi samla dei beste studentane frå Universitetet i Stavanger og Federal University of Rio de Janeiro for å lære meir om utfordringar for folkehelsa og miljøet. No har samarbeidsprosjektet NorBra fått 3 millionar kroner frå Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning) til å fortsette arbeidet med å ruste ein ny generasjon i møte med krevjande problemstillingar knyta til helsa til både menneske, dyr og miljø. Tilnærminga i utdanningsprosjektet er kalla One Health, Ei helse. Tanken er å lage og utføre program, politikk, lovgjeving og forsking der fleire sektorar kommuniserer og jobbar saman for betre folkehelse.

Kunnskapsutveksling

Det starta med eit møte i Brasil i 2016. Pampanin gjekk saman med ein brasiliansk forskar om å skape eit samarbeidsprosjekt mellom dei to landa.

– Kunnskapen vår var basert på enkeltprosjekt. Med eit stort akademisk miljø i ryggen var det lett å knyte trådane saman, seier Pampanin.

Det første prosjektet starta i 2017 og avsluttast i år, før dei tar til på ein ny periode direkte. Studentane skal auka sin kunnskap om miljø, menneske og levande organismar ved hjelp av eit sterkt fagleg miljø kor mellom anna Stavanger universitetssjukehus (SUS) og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) er partnarar. Med desse på laget får studentane moglegheit til å gå djupare inn i folkehelsefelt som kreft, miljøpåverknadar og mat.

– Kunnskapsutveksling er viktigast. Studentane kan gå i djubda og får sjansen til å fortsetta studiane som doktorgradsstudentar. Vi hjelper dei til å nå det neste nivået, seier Pampanin.

Sommarskule i tvillingby

Fram til ein viss pandemi stengde verda, har studentane samlast på sommarskule i Macae, Stavangers tvillingby i Brasil, kvar sommar. Ei intens arbeidsuke med feltarbeid, gruppeoppgåver og rettleiing frå professorar, alt med ei holistisk tilnærming der ei forståing av menneske i møte med natur er sentral.

– Studentane elskar det! Sommarskulen er ei god erfaring å ta med seg vidare når dei går inn i ein akademisk yrkesveg, seier Pampanin engasjert. Ho brenn for prosjektet.

– Å knyte folkehelse og miljø er viktig. Vi er glade for å ha SUS med på laget, deira bidrag er av stor verdi.

Viktigast er kanskje utvekslinga av kunnskap med eit stort land som Brasil.

– Eit lite universitet som Stavanger må sjå ut i verda og knyta band. Vi har skapa eit god atmosfære i gruppa. Saman bidreg vi til å auka vissheita om koss menneske og natur må spele på lag, avsluttar Pampanin.

Tekst: Kjersti Riiber

Frå feltarbeid i Brasil. Alle foto: Daniela M. Pampanin
Feltarbeid i Jurubatiba Sandbank nasjonalpark.
Studentane fekk i oppdrag å laga grafiske abstrakt.
Undervisning på sommarskulen.
Professor Daniela M. Pampanin ved Universitetet i Stavanger åpnar forrige sommarskule i Brasil. Foto: Privat
Forskarar ved Universitetet i Stavanger gratulerer med 27-årsjubileet for NUPEM Campus, Federal University of Rio de Janeiro.