Korleis tilby tannbehandling til dei med tannlegeskrekk

Korleis kan tortur- og overgrepsutsette og personar med tannlegeskrekk få tannbehandling? Emilie Bryne har forska på nettopp dette.

Published Sist oppdatert

Portrett av dame med hvit genser og briller
Emilie Bryne har ein bachelor i psykologi frå Deakin University, Melbourne, Australia og ein mastergrad i helsevitskap frå Universitet i Stavanger. Ho er forskar hos Tannhelsetjenestens kompetansesenter Rogaland.

Ho forsvarde avhandlinga How a dental anxiety service for torture, abuse and dental phobia patients works and why: A realist evaluation då ho disputerte for ph.d.-grada ved Universitetet i Stavanger 14. september 2023.

Kva har du forska på?

I doktorgradsarbeidet mitt har eg utforska TOO-tenesta, eit tilrettelagt tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med sterk angst for tannbehandling (odontofobi). Eg ville finna ut korleis, kven og under kva omstende tortur- og overgrepsutsette og personar med tannlegeskrekk kan få tannbehandling.

Det interessante med TOO-tenesta er at det er tannbehandlarar, i samråd med psykologar, som gir kognitiv åtferdsterapi. Tannlegar og tannpleiarar har svært få (eller ingen) åtferdsfag, dermed kan behandlinga avvika frå det dei har lært i utdanninga si.

Rettane som TOO-pasientar får, er avhengig av at ein har vore utsett for tortur, som definert av Amnesty International, fysisk, psykisk eller seksuelt overgrep, eller at ein oppfyller diagnostiske kriterium for ekstrem tannlegeskrekk.

Kva har du funne ut?

Det viktigaste eg fann var at det relasjonelle hadde mykje å seia for korleis pasientane klarte å ta imot behandlinga. Pasientane la meir vekt på måten behandlarane framsto, enn sjølve elementa i behandlinga. Dette var overraskende, for me har ein tendens til å fokusere på sjølve terapiforma og om terapitypen er effektiv, framfor å retta det mot behandlarane for å forstå om dei blir medierande roller i behandlinga.

Den viktigaste faktoren for pasienten var at dei vart møtte med ein holistisk (heilskapleg) og roleg tilnærming, som gjorde at dei kjende seg sett. Samtidig var det essensielt at behandlaren gav pasientane positive kommentarar for tennene, sjølv om desse var heilt øydelagt. Det reduserte skamma og fekk pasientane til å kjenna på auka sjølvkjensle. Pasientane gav uttrykk for at det var viktig at behandlaren var forutsigeleg, fordi det lét dei behalda kontrollen.

Det viktigaste behandlaren kunne gjera var å gi rom for tid, fordi det auka tilliten til pasienten. Samtidig måtte behandlarane vektleggja og tilpassa måten dei kommuniserte med pasientane, som varierte frå pasient til pasient og gradera behandlinga rett til kvar pasient.

Korleis kom du fram til dette?

Ved å gjera ein såkalla realist evaluation fekk eg henta inn og analysert totalt 27 djupneintervju og 13 dokument. Dei ulike metodane eg brukte leidde til ei rik og kausal forklaring til korleis tortur og overgrepsutsette og personar med odontofobi skulle klara å ta imot angst -og tannbehandling.

Kva kan forskningsresultata brukast til?

Funna frå doktorgradsprosjektet mitt kan brukast til å forstå korleis sårbare pasientar kan ta imot tannbehandling og korleis tannhelsetenesta og tannbehandlarar kan møta tortur- og overgrepsutsette og pasientar med ekstrem tannbehandlingsangst.

Doktorgradsarbeidet er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger og Tannhelsetjenestens kompetansesenter Rogaland.