Six shades of grey – ein meir medviten og risikoforebyggande drikkekultur i arbeidslivet

Den mykje nytta, men samstundes gjerne kontroversielle bruken av alkohol på arenaen mellom arbeid og fritid skjer ikkje i ein stor og diffus «gråsone». Det er nå utarbeida ein modell som kan nyttas for å utvikla ein medviten og risikoforebyggande drikkekultur i arbeidslivet.

Published Sist oppdatert
Mennesker som skåler
Det finns lite forsking på alkoholbruk i gråsona mellom arbeid og fritid.

Bruk av alkohol i samanheng med arbeid har både positive og negative ringverknader. Negative verknader er omfattande kostnader for arbeidsplassar gjennom sjukefråvær, nedsett arbeidsevne og ulykker, i tillegg til at potensialet for at arbeidstakarar kan utvikla eit problematisk forhold til alkohol .

Studiar om arbeidsrelatert bruk av alkohol har som oftast fokusert på drikking på arbeid, medan få studiar har utforska drikking i gråsona mellom arbeid og fritid; eksempelvis julebord, jobbreiser, konferansar, og lønningspils.

Mesteparten av den arbeidsrelaterte drikkinga i Norge skjer i denne gråsona ettersom drikking på arbeid er oppfatta som ikkje akseptabelt. Drikkekulturen på ein arbeidsplass påverkar drikkåtferda til tilsette.  Norske forskarar i WIRUS studien ville derfor utforske drikkekulturen i gråsona mellom arbeid og fritid og identifisera mogeleg risikofylt drikkeåtferd.

Kva påverkar drikkekultur?

Det blei gjennomført fokusgrupper med tilsette i 8 verksemder; 4 i privat sektor og 4 i offentleg sektor. Dei tilsette var kvinner og menn, med ulik utdanning, frå ulike posisjonar og med ulike arbeidserfaring. Dei tilsette blei bedne om å kvar for seg skriva ned arbeidsrelaterte drikkesituasjonar for deretter saman å diskutera desse situasjonane i høve til kva erfaringar dei gjorde seg, kva dei snakka om, kor mykje dei og kollegaene eller samarbeidspartane drakk, og andre ting som dukka opp.

Det viste seg at drikkekulturen og drikkeåtferda var påverka av 6 ulike dimensjonar ved drikkesituasjonen;

  1. «Kven inviterte meg til situasjonen?»; om det var eksterne samarbeidspartar, arbeidsgivar, eller kollegaer – grad av forplikting ovafor den som inviterte
  2. «Må eg delta?» - grad av forplikting eller frivillig deltaking
  3. «Å drikke eller ikkje drikke?» - grad av drikkepress eller frivillig drikking
  4. «Arbeidssnakk eller anna snakk?» - grad av arbeidsrelatert samtale eller privat snakk
  5. «Finns det drikkereglar å følgja?» - grad av drikkeregulering eller inga regulering
  6. «Påverknad av å væra borte frå heimen» - grad av liten (ute) struktur til vanleg (heime) struktur

Gråsonemodellen

For å kunna identifisera risikodrikking i arbeidslivet, er det utarbeida ein modell basert på seks dimensjonar ved ein drikkesituasjon. I modellen er grad av risiko for tilsette, arbeidsplass og arbeidsliv skuggelagt i ulike grånyansar.

Skuggelegginga av drikkesituasjonar frå lyst til mørke grått i modellen kan nyttas for å utvikla ein medviten og risikoforebyggande drikkekultur.

Drikkestasjonane viste seg å væra samstundes påverka av fleire sider ved drikkekulturen. Desse kan skuggeleggja situasjonane frå mørk grå til lys grå i høve til kva grad av forplikting, press, arbeidsrelatert samtale, drikkereglar eller avstand til heimestruktur, situasjonane har. For å kunna identifisera risikofylt drikkeåtferd, må desse ulike dimensjonane vurderast for kvar drikkesituasjon.

Gråsona mellom arbeid og fritid blir då ikkje grå, men rører seg langs eit kontinuum frå mørk grå (mest svart) til lys grå (mot kvitt) der mørk skuggelegging representerer høgast risiko for problem drikking. Dimensjonar ved drikkekulturen og drikkesituasjonar kan identifiserast for den einskild tilsette, for arbeidsfellesskap eller for arbeidslivet generelt. Skuggelegginga av drikkesituasjonar viser risikodrikking på individ-, arbeidsplass- og arbeidslivs nivå og med det relevant informasjon for å kunna etablera drikkekulturar med minst mogeleg risiko på alle nivå.

Ved å stimulera til debatt om kva drikkekultur ein vil ha knytt til kven som inviterer, kjensle av forplikting til deltaking og til drikking, medvit om samtaletema og grad av struktur i den skuggelagte gråsona, vil dette kunne redusera risiko ved bruk av alkohol. Dersom det i tillegg stimulera til å utvikla ein tydeleg ruspolitikk vil truleg fleire erfare ein meir konstruktiv bruk av alkohol, med færre negative konsekvensar.

Les meir:

Sagvaag H, Rimstad SL, Kinn LG, Aas RW. Six shades of grey: Identifying drinking culture and potentially risky drinking behaviour in the grey zone between work and leisure. The WIRUS culture study. Journal of Public Health Research, 2019

Omtala er laga av forskingsgruppa PARTAKE - deltakelse i skole, arbeidsliv og behandling ved Universitetet i Stavanger. For meir forskingsnytt, følg oss gjerne på heimesida vår eller Facebook.