UiS-professor vann forskingspris saman med mannen

Kathinka Dæhli Kurz, professor ved Institutt for data- og elektroteknologi, vann Stavanger universitetssjukehus sin forskingspris med mannen Martin Kurz.

Published Sist oppdatert
Eit par mottek ein pris.
Frå venstre administrerande direktør Helle Schøyen ved SUS, nevrolog Martin Kurz, radiolog og professor Kathinka Dæhli Kurz og forskingsdirektør Svein Skeie ved SUS. Foto: Svein Lunde

Det er forskinga deira innan hjerneslag som no blir anerkjent med Stavanger universitetssjukehus sin forskingspris. Dei to fekk prisen under fredagsundervisninga ved Stavanger universitetssjukehus 1. september. Administrerande direktør Helle Schøyen delte ut prisen til stor applaus.

– Det er ei stor glede å få dele ut denne prisen. Med stor innsats har dei begge bygd opp forskingsmiljø og drive igjennom forsking som har forbetra pasientbehandlinga. Forskinga deira har vist, og vil framleis visa igjen utanfor regionen, seier Schøyen på heimesidene til SUS. ​

Kathinka Dæhli Kurz er professor i helseteknologi, og tilknytt Institutt for data- og elektroteknologi ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiS. I tillegg er ho radiolog og seksjonsoverlege ved SUS.

Martin Kurz er nevrolog og seksjonsoverlege, og professor ved Universitetet i Bergen. Han er også leiar i Norsk hjerneslagforening. Det er første gong i sjukehuset si historie at prisen går til eit ektepar.

– Det er framleis utruleg mykje innanfor våre fagområde som ein ikkje veit nok om, som kan gjerast betre og smartare. Føresetnadene endrar seg fort, og derfor dukkar det heile tida opp nye problemstillingar det er freistande å forska på, seier Kathinka Dæhli Kurz.

Utdrag frå komiteens grunngjeving

Som høvesvis radiolog (Kathinka) og nevrolog (Martin) med djuptgåande kompetanse innan hjerneslag, har bidraget deira til forskingsmiljøa på dei respektive avdelingane deira og gjennom samarbeidet mellom dei vore av uvurderleg verdi. Ved å etablera og utvikla forskingsmiljø med framifrå produksjon har Kathinka og Martin oppnådd store forskingsresultat av høg kvalitet. Dei vitskaplege bidraga deira har vore prega av originalitet, nyskapning og betydning for pasientomsorg og medisinsk praksis. Me har også teke omsyn til aktiv deltaking i internasjonale nettverk og evne til å byggja opp lokale forskingsmiljø, og då ikkje minst lagt vekt på langvarig og omfattande undervisnings- og rettleiingsinnsats.

Komiteen har bestått av Bjørnar Gilje, Svein Skeie og Geir Sverre Braut.

Om prisen

  • ​Blir delt ut til forskarar/forskingsmiljø som har bidrege vesentleg til forsking ved Stavanger universitetssjukehus.
  • Pris som har vore delt ut nesten årleg sidan 1992.
  • Prisen er på 50.000 kroner og skal brukast til vidare forskingsrelatert aktivitet.
  • Årets forskingspris hadde fire nominerte kandidatar.