Handelshøgskolen UiS Alumni

Eit nettverk for å utvikle eit fagleg og sosialt godt samarbeid for og med tidlegare studentar.

Published Sist oppdatert

Om Handelshøgskolen UiS Alumni

Handelshøgskolen UiS Alumni er eit nettverk for deg som har studert leiing, økonomi og/eller jus/rettsvitskap på Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Stavanger, Rogaland distriktshøgskole eller Høgskolesenteret i Rogaland.

Formålet med alumninettverket er å gje tidlegare studentar anledning til ei verdifull nettverksbygging, rådgjeving i karriereutvikling, fagleg påfyll og livslang læring. Som alumn vil du få nyheitsbrev og invitasjonar til ulike faglege og sosiale arrangement i regi av Handelshøgskolen ved UiS og Universitetet i Stavanger.

Bli Alumn

Tidlegare studentar i økonomi og administrasjon, rettsvitskap, rekneskap og revisjon, foretningsjus, økonomi og informatikk, siviløkonom, PhD og Executive MBA kan bli medlem av alumninettverket knytta til Handelshøgskolen UiS.

Kvifor bli medlem?

Vi vil gjerne at dei tidlegare studentane våre skal komma tilbake til oss å vere ein ressurs vi kan dra nytte av, samtidig som vi kan gi noko tilbake til dei som har studert hos oss. I tillegg til å få møta andre tidlegare økonomi- og/eller rettsvitskapsstudentar, både kjente og ukjente, ønsker vi å utvikla eit tettare samarbeid mellom Handelshøgskolen UiS og næringslivet gjennom dette nettverket.

UiS Alumni sentralt har i underkant av 12.000 registrerte medlemer. Alle medlemer av UiS-nettverket har fordelar med rabatt ved SiS sportssenter.

Korleis bli medlem?

For å bli medlem må du registrera deg. Vår database er under rekonstruksjon og vil bli relansert i på nyåret 2024.

Nyheiter, arrangement med meir vil òg bli publisert på siden til Handelshøgskolen UiS. I tillegg kan de følge oss på Facebook både under Handelshøgskolen UiS Alumni og Handelshøgskolen UiS.

Velkommen til å bli med oss!

Kven kan bli medlem?

Dette gjeld alle som har studert her sidan oppstarten av økonomisk-administrativ utdanning i Stavanger i 1969 med fullført studium frå enten Rogaland distriktshøgskule, Høgskolesenteret i Rogaland, Høgskolen i Stavanger eller Universitetet i Stavanger.

Kontakt Handelshøgskolen UiS Alumni
Alumni-kontoret

Epost: hhuisalumni@uis.no  Egil C. Svela Telefon: + 47 51 83 31 06 Åse Lea Telefon: +47 51 83 37 47

UiS sentralt alumnikontor

Lene Tønnesen E-post: lene.tonnesen@uis.no