Rektors tale på årsfesten 2021

Kjære alle saman, velkomen og gratulerer med dagen.

Published Sist oppdatert

Klaus Mohn talar på årsfesten.

Så godt å sjå dykk samla her i sjølvaste storsalen ved UiS – i Tjodhallen. På denne Årsfesten kan vi møtast slik vi gjorde før pandemien omkalfatra liva og verksemda vår. Ansikt mot ansikt. Skulder ved skulder. Utan munnbind. Normaltilstand.

Pandemien er bak oss, men ikkje heilt utan spor. Nokre studentar vart prega hardare enn andre av einsemd og vanskar med motivasjon. Mange forelesarar har streva hardt med nå ut med god, digital undervisning. Og på visse område har forskinga vår blitt kraftig forseinka på grunn av reiserestriksjonar og manglande lab-tid.

Vi har med andre ord mykje å ta att.

Denne hausten har studentane våre igjen fått boltra seg, i fysisk og fagleg fellesskap, utan skjerm og filter. Denne hausten har tilsette som underviser igjen fått vere i undervisningsrommet saman med studentane. Denne hausten har universitetet vårt igjen kunna by på ny motivasjon, energi og lyst – til undervisning og læring.

Det er sånn universitetet skal vere! Eit levande samspel mellom studentar og undervisarar; diskusjonar og meiningsbrytningar; der studentane er aktive, tenkjer sjølv og diskuterer seg fram til gode løysingar saman med medstudentar og undervisarar. Ein skulle tru det var få høgdepunkt i eit korona-prega år. Men det er ikkje tilfelle.

Ja, vi er ikkje beskjedne. UiS skal måle seg med dei beste. Denne hausten gjer Universitetet i Stavanger ein sterk debut i den prestisjefylte Times Higher Education-rangeringa. Tidleg i september var det klart at UiS er no blant dei 401–500 beste universiteta i verda. Og særs gledeleg er det å merke seg at vi tar plass blant dei 301–400 beste universiteta i verda innan fagområdet helse og medisin. Og det før vi har fått medisinutdanning! Me gjer det og påfallande sterkt innan utdanningsvitskap, økonomi og leiing og samfunnsvitskap.

Nok ei stadfesting kom tidlegare i år. For tredje år på rad er UiS tredje beste forskingsuniversitet i Noreg. Blant universiteta er det berre UiO og UiB som har forskarar som er meir produktive enn våre forskarar. UiS hadde 1,36 publiseringspoeng per vitskapleg tilsett i 2020. Noko å vere stolt over. Samla sett aukar vi forskingsproduksjonen vår år for år og me pustar dei meir etablerte universiteta i nakken.

Ein av våre topp tre produktive forskarar er Natalia Kucirkova, professor på Læringsmiljøsenteret. Hennar forsking dreier seg om barns lesing og skriving og korleis ny teknologi påverkar desse prosessane. Ho er oppteken av å forbetre utvikling, læring og levekår for born og unge. Ho har utmerkt seg med fleire prisar og tildelingar, er særleg engasjert i forskingsformidling og vart tidlegare i år eit nytt medlem i Akademiet for yngre forskarar. Sterke prestasjonar! Gratulerer til Natalia!
UiS har lang tradisjon for å forbetre praksis i skole og barnehage. Det har vi også på andre område. For eksempel som eit resultat av deltaking i nasjonale utval. Slik er vi med og påverkar politikkutforminga i Noreg. Vi har til dømes forskarar som skal foreta ei heilheitleg gjennomgang av det norske skatte- og avgiftssystemet. Vi har folk som deltek i eit klimautval som skal vise korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Og vi har folk som skal bidra til ein ny og meir oppdatert måte å regulere havbruksnæringa.

Vi minnast då næringsminister Iselin Nybø slapp nyheita om at eit større prosjekt om berekraftig havbruk for nær 100 millionar frå regjeringas Grøn plattform-ordning. Det er UiS sin eigen Ragnar Tveterås som skal leie satsinga som skal gje betre fiskevelferd og redusere miljø- og klimaavtrykket i havbruket.

Skal vi måle oss med dei beste må vi ha ambisjonar om å ha dei beste undervisarane. I mars i år utnemnde vi åtte tilsette til meritterte undervisarar. Dagrunn Nåden Dyrstad, Eirik Bjorheim Abrahamsen, Finn Arne Jørgensen, Ingvil Hellstrand, Janne Fauskanger, Kristin Sørung Scharffscher, Lise Karin Meling og Tuula Helka Skarstein. Desse åtte har vist at dei på utmerkt vis set studentane si læring i fokus. Dei har utvikla undervisningsarbeidet sitt kvalitativt over tid, og dei har ei forskande tilnærming til undervisning og læring. Gratulerer med anerkjenninga og statusen.

Me har høge ambisjonar på fleire felt. Ved Handelshøgskulen ved UiS har dei arbeidd hardt med ein søknad om akkreditering for nytt mastergradsstudium i rettsvitskap. Og ambisjonane våre om å etablere medisinutdanning ved UiS lev i beste velgåande. Med sterk kompetanse, eit solid studieprogram, universitetssjukehus på campus og heile regionen i ryggen ventar me no berre på klarsignal frå politikarane.

Master i barnevernsarbeid, bachelor i batteri- og energiteknologi, bachelor i medisinsk teknolog og neste generasjons energiingeniør – er alle nye studiar ved UiS frå hausten 2022. Våre framtidige kandidatar innan psykologi, rettsvitskap, batteri- og energiteknologi, medisinsk teknologi og energiutdanning skal i åra som kjem vere dei som bygger vidare på velferdsstaten og dei som skal sørge for at Noreg skal bli grønare/nå sine klimamål. Det handlar blant anna om å ta vare på velferdssamfunnet vårt, samstundes som vi har eit sterkare omsyn med klima og naturmangfaldet.

Ei satsing er meir omseggripande for UiS. Det er Grøn omstilling. Alle fakulteta er kopla på denne satsinga, dei fleste også med forsking. Vi er ikkje lenger eit oljeuniversitet. Vi er eit omstillingsuniversitet.

Det blir lagt merke til: Då eg i fjor etter strategiarbeidet presenterte strategien vår for Greater Stavanger, reiste konsernsjefen i SR-Bank seg og sa:

«Vi har blitt kjent som eit Stavanger der næringslivet har gått framom og vist veg for universitetet. No er rolla bytta om. No er det Universitetet i Stavanger som går framom og viser veg for det regionale næringslivet.»

Dette må vi ta til oss. Regionen ser til oss. Og vi blir lagt merke til på andre kantar av landet. UiS har ei viktig rolle å spele når det gjelder å bygge videre og fornye velferdspolitikken og når det gjelder å få til ein kraftfull snuoperasjon innan industri og næring.

Idealet vårt er å halde fana høgt når det gjelder akademisk fridom og ytringsfridom. Det er ikkje like sjølvsagt i verda i dag. Heller ikkje i Europa. Vi her heime må også vakte oss vel for å ikkje legge band på den offentlege debatten. Takhøgda skal vere stor. Det beste for usemje er opplysing. Ikkje scenenekt og utestenging, ekkokammer og konspirasjon.

Det var med dette som haldepunkt eg valde å delta på Klimarealistane si tidsskriftlansering for eit par veker sidan. Det gjekk ikkje upåakta hen. Mi meining er at akkurat dette arrangementet hadde vore fritt for kritiske røyster om ikkje eg hadde stilt opp. Eg ønska å stå opp for vitskapen, debattere og bryte meiningar i opent lende. Vi trenger å øve oss på å møte forskjellige meiningar og påstandar, nettopp for å skjerpe vår evne til sakleg kritikk og vår evne til å bidra til kunnskap og opplysing – naudsynt arbeid i eit demokrati. Her har universitetet ei viktig rolle å spele.

Takk for at de høyrde på!