Oversikt over opningstidene til dei ulike bygga på UiS.
Opningstider campus Ullandhaug
Bygga er opne for publikum frå 07:30 – 18:00. Etter 18:00 treng du tilgong.
Hovudinngangane til Campus Ullandhaug står opne kvardagar mellom klokka 07.30 og 18.00.
For å få tilgang til døgnope bibliotek eller bygg utanom opningstid (kl 06.00 og 07.30, kl 18.00 og 22.30 eller i helgane), går du fram slik:
Send e-post til drift@uis.no, frå UiS-student-e-posten din (til dømes abcde1234@uis.no) med fullt namn og mobilnummer. Skriv Adgang i emnefeltet.
Dette gjeld både digital tilgang (app) og fysisk studentkort. Du får vidare informasjon på e-post.
Du treng berre fysisk studentkort om du skal ha tilgang til laboratorium og spesialrom, eller om du studerer ved fakultetet for utøvande kunstfag på Campus Bjergsted.
Alarm blir sett på klokka 23:00. Alarmen gjeld ikkje universitetsbiblioteket, som er døgnope for studentar og tilsette.
Ikkje UiS-student?
Studentar frå andre studiestader enn UiS kan kontakte drift@uis.no for å få registrert studentkortet sitt, slik at dei får tilgang til bygg på campus og universitetsbiblioteket etter 18:00.
Andre bygg
Bygg som UiS disponerer, men som har andre opningstider: