Kva vil det seie å vere eit «normalt barn» i barnehagen?

Liv Mette Strømme disputerte for doktorgraden i utdanningsvitskap ved Universitetet i Stavanger 28. juni 2019. Ho har undersøkt korleis ein forstår normalitet i barnehagen og kva utsikter det er for barn i alderen tre til fem år til å vere seg sjølv i lys av forventingar om normalitet.

Published Sist oppdatert

Liv Mette Strømme
Liv Mette Strømme

for barn i alderen tre til fem år til å vere seg sjølv i lys av forventingar om normalitet. 

I arbeidet med doktorgraden har Strømme gjort videoobservasjonar i barnehagen av samspel mellom vaksne og barn og barn i mellom. 

Ho har også intervjua tilsette. 

Strømme oppdaga at forventingar er knytte til verdiar og normer for korleis barn bør vere, individuelt og i fellesskapen.   

Rasjonelt og fornuftig 

Hovudresultatet er at «det normale barnet» i barnehagen framstår som eit rasjonelt barn som tenkjer fornuftig, og som kontrollerer kjenslene og kroppen sin. 

I doktorgradsavhandlinga, som har tittelen «Normalitet i barnehagen. Ansatte og barns forventninger til det å ‘være normal’», diskuterer Strømme dilemma knytte til forventingar om normalitet for barn, men også for tilsette. 

Eit rasjonelt barn har ikkje like mykje rom for det spontane, for impulsivitet og for ulike kjensler. 

Vil bevisstgjere 

Målet er at resultata kan bevisstgjere barnehagetilsette om kva det inneber å ta for gjeve ei oppfatning av kva som er normalt, og kva for nokre barn barnehagar skaper utsikter og avgrensingar for.  

Strømme meiner det er nødvendig å diskutere grunnleggjande omgrep som normalitet kontinuerleg i eit samfunn som skal vareta eit mangfald av barn, og skape rom og respekt for ulikskapar. 

Liv Mette Strømme er frå Haugesund. Ho er utdanna barnehagelærar og spesialist i klinisk pedagogikk og arbeider som avdelingsleiar for barnehage og psykisk helse ved Karmøy Pedagogisk, psykologisk teneste. 

Tekst: Elin Nyberg