Hopp til hovedinnhold

Betydninga av intervensjonar for å skapa positiv haldning til inkluderande utdanning hjå lærarstudentar

I denne artikkelen ser forskarane nærare på 23 studiar som har undersøkt om lærarstudentar si haldning til inkluderande utdanning blei meir positiv etter ulike former for intervensjonar i ein universitetskontekst.

Publisert: Endret:

Hender på bord.

Studiane indikerte at både informasjonsbasert-kognitive intervensjonar og kombinasjonar av tilnærmingar som var både informasjonsbasert-kognitive og hadde element av praktisk feltarbeid kunne føra til meir positive haldningar til inkludering. (Illustrasjonsfoto: Unsplash)

Forskinga som fokuserer på prosessen med å endra lærarstudentar sine haldningar i ein universitetskontekst har i løpet av 21 år gitt svært avgrensa, empiriske prov på at haldningskampanjane har effekt.

Forskingsnotat
Kva er eit forskingsnotat

Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskningsnotatet gjer forskinga meir tilgjengeleg og lesarvennleg.

Studiane indikerte at både informasjonsbasert-kognitive intervensjonar og kombinasjonar av tilnærmingar som var både informasjonsbasert-kognitive og hadde element av praktisk feltarbeid kunne føra til meir positive haldningar til inkludering. Forskarane peikar likevel på at studiane har teoretiske manglar og metodiske veikskapar. På nåverande grunnlag er det vanskeleg å konkludera med at det er årsakssamanheng mellom tilnærmingane og endra haldningar til inkludering, og resultata må difor brukast varsamt.

Bakgrunn

Ei positiv haldning til inkludering har blitt sett på som ein av dei viktigaste faktorane – kanskje til og med ein føresetnad – for å lykkast med å skapa inkluderande opplæring i skulen. Å skapa ei meir positiv haldning til inkludering hjå lærarstudentar har difor blitt interessant både innan forsking og lærarutdanning. Dei siste tre tiåra har metodar og innhald i lærarutdanning utvikla seg for å skapa slike haldningar hjå lærarstudentane, og ei oversikt over forskinga på dette arbeidet og om tiltaka har effekt har vist seg naudsynt.

Føremål

Føremålet med det systematiske kunnskapsoversynet til Lautenbach og Heyder er todelt: For det første å oppsummera kva forsking som er utført på intervensjonar som er meint å føra til meir positive haldningar til inkludering blant lærarstudentar, gjort i ein universitetskontekst. For det andre kva forskinga seier om kva for ei av dei ulike formene for intervensjonar – informasjonsbasert-kognitive, praktisk feltarbeid, eller ein kombinasjon – som mest sannsynleg fører til ei meir positiv endring til inkludering.

Inkluderte studiar

Det systematiske kunnskapsoversynet omfattar 23 studiar. Dei blei funne i søk gjennom databasen EBSCO host Complete, som inkluderer dei mest relevante databasane, deriblant ERIC, MEDLINE, Psych Articles, Psych INFO og Soc INFO. Tidsmessig skulle studiane vera publisert etter 1994, på grunn av at FNs Salamanca-erklæring det året gav eit rammeverk om spesialundervising. Dei seinaste studiane er publiserte i oktober 2017.

Utveljingskriteriane var følgjande:

  1. Studiane måtte vera publiserte på engelsk
  2. Studiane måtte vera publiserte i internasjonale, fagfellevurderte tidsskrift
  3. Studiane måtte handla om lærarstudentar
  4. Studiane måtte òg handla om haldningane lærarstudentane hadde til inkludering
  5. Desse haldningane måtte ha blitt vurdert minst to gonger, før og etter intervensjon
  6. Mellom vurderingane skulle ein planlagt og strukturert intervensjon ha blitt gjennomført.

Studiane fordelte seg geografisk på USA (14), Australia (3), Canada (2), Kina, (1), Nord-Irland (1) og Tyrkia (1), i tillegg til éin internasjonal studie (Australia, Canada, Hong Kong og Singapore). Nesten alle studiane hadde ei tidsramme på rundt eitt semester.

Resultat

Samla sett gir resultata frå studiane eit bilete av at intervensjonane skapar ei positiv endring i haldninga til inkludering blant lærarstudentane:

  • Ti studiar nytta og undersøkte informasjonsbasert, kognitiv implementering, og åtte av desse rapporterte om ei positiv endring i haldningane hjå lærarstudentane.
  • 11 studiar nytta og undersøkte implementering av kombinasjonen informasjonsbasert-kognitiv og praktisk feltarbeid, og åtte av desse rapporterte om ei positiv endring i lærarstudentane sine haldningar til inkludering.
  • Éin studie fokuserte utelukkande på praktisk erfaring, og fann inga endring i haldningar, men hadde då òg tidsramme på berre éin dag.
  • Den siste studien samanlikna ein rein informasjonsbasert-kognitiv intervensjon med ein rein feltarbeid-intervensjon og fann inga haldningsendring i nokon av intervensjonsgruppene som blei undersøkt.

Lautenbach og Heyder anerkjenner framskritta som er oppnådd og innsatsen som ligg bak arbeidet med å endra haldningane til inkludering blant lærarstudentar. Samstundes påpeikar dei at dette systematiske kunnskapsoversynet viser tydeleg at forskinga som fokuserer på prosessen med å endra lærarstudentar sine haldningar i ein universitetskontekst i løpet av 21 år har gitt svært avgrensa, empiriske prov på at desse haldningskampanjane har nokon effekt. Reelle konklusjonar er difor vanskelege å trekkja.

Implikasjonar

Forskarane bak oversynet foreslår fire forbetringspunkt for liknande forsking i framtida. Ho bør innehalda:

  1. Ein teoretisk bakgrunn for både det spesifikke målet med og karakteristikken av intervensjonen.
  2. Detaljert informasjon om deltakarane – inkludert utveljingsprosessen og etiske perspektiv, materialet – inkludert psykometriske data om spørjeskjema, og innhaldet i intervensjonen – til dømes i eit vedlegg eller som tilleggsmaterial.
  3. Bruk av kontrollgruppe.
  4. Tilgang til all naudsynt, statistisk informasjon, for å kunna forstå til fulle korleis endringane i lærarstudentane sine haldningar går føre seg.

Til slutt peikar Lautenbach og Heyder på at framtidig forsking i tillegg bør stilla seg spørsmålet om korleis ei haldning som byggjer opp under inkluderande utdanning eigentleg “ser ut”. Bakgrunnen er at forskarane i dei gjennomgåtte studiane har merka seg ei implisitt forståing av at jo høgare lærarane scorar på haldningsskalaen, jo betre. Forskarane poengterer her at ekstremt positive haldningar like gjerne kan reflektera overflatiske, naive overtydingar, mangel på kunnskap om og erfaring med inkluderande utdanning eller vera utslag av at respondentane gir svar dei trur er dei sosialt aksepterte. Lautenbach og Heyder foreslår difor at haldningane ein antar blir oppnådd gjennom intervensjonane bør bli definert meir presist, for å få forsking som gir auka kunnskap om inkludering i utdanning.

REFERANSE:

Lautenbach, F & Heyder, A. (2019). Changing attitudes to inclusion in preservice teacher education: a systematic review. Educational Research, 61(2), 231-253. DOI: https://doi.org/10.1080/00131881.2019.1596035