Kunstbasert undervisning i lærarutdanninga

Lærarstudentar som fekk kunstbasert undervisning løpet av utdanninga, blei tryggare på å ta i bruk kreative undervisningsmetodar i klasserommet.

Published Sist oppdatert
Forskingsnotat
Kva er eit forskingsnotat?

Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskingsnotatet gjer forskinga mer tilgjengeleg og lesarvennleg.

Studentane fekk auka sjølvtillit når det gjaldt eigne kunstnariske evner og oppdaga estetiske evner dei ikkje visste at dei hadde

Fire voksne studenter står ved et staffeli og maler
KREATIVITET I LÆRARUTDANNINGA: Lærarstudenter som fekk kunstbasert undervisning i løpet av utdanninga, utvikla nye tankar og idear om korleis dei kunne bruke estetiske undervisningsmetodar i klasserommet (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Studien

Dette forskingsnotatet er ei samanfatning av det systematiske kunnskapsoversynet Arts-based teaching and learning in teacher education:“Crystallising” student teachers' learning outcomes through a systematic literature review. Artikkelen er skrive av forskarane Marie Møller-Skau og Fride Lindstøl ved Universitetet i Sørøst-Norge og blei publisert i tidsskriftet Teaching and Teacher Education i 2022.

Bakgrunn

Lærarar i det 21. hundreåret treng nye måtar å tenke undervising og læring på, fordi ei verd i rask endring krev meir enn overflatiske, formelbaserte kunnskapar og ferdigheiter. I denne samanhengen blir det hevda at kunstbaserte og estetiske element i undervisninga i lærarutdanninga kan støtte studentane i å vere kreative, opne for nye idear, fordomsfrie, risikovillige, emosjonelt intelligente, engasjerande og opne for mangfald i klasserommet. Slike oppfatningar er ikkje nye, og har mellom anna blitt fremma av kjente pedagogar som Vygotsky og Dewey. Ei vanleg forståing er at ein lærer både i og gjennom kunst, og at ein gjennom å integrere kunst og estetiske element i ulike fag, kan skape kreative og inkluderande prosessar i klasserommet. Om ein ser utdanning frå eit slikt perspektiv, blir kunst eit emne som angår alle lærarar og lærarutdanningar.

Fleire studiar har utforska kunstbasert undervising og læring i kunstlærarutdanningar, mens ein har gitt mindre merksemd til det same i den allmenne lærarutdanninga. På same tid har ein kunnskap om at lærarstudentar sin erfaring med kunst ofte er avgrensa til det dei sjølv lærte på skulen, og at dei ikkje nødvendigvis er like interessert i kunst som kunstlærarstudentar.

Føremål

Dette skildrar og diskuterer kva som karakteriserer læringsutbyttet til lærarstudentar som deltar i undervisning der ein vektlegg kunstbasert læring. Forskingsspørsmålet er: i lærarutdanningar som legg vekt på kunstbasert undervising og læring? Forskarane bak kunnskapsoversynet understrekar at dei ikkje er opptatt av kjenneteikn som passar inn i eit tradisjonelt syn på læring, som førehandsdefinerte og isolerte sluttresultat av læringsprosessar, men til læringsutbytte som noko som oppstår i løpet av læringsprosessen der studentane sjølv speler ei aktiv rolle i eigen læring. Forskarane fokuserer heller ikkje på å isolere kunst som eit eige fag, men oppfattar kunstbasert undervisning som ei rekke tilnærmingar til læring generelt.

Barn bygger molekyler av godteri
KREATIVE UNDERVISNINGSMETODAR: Gjennom å integrere kunst og estetiske element i ulike fag, kan læraren skape kreative og inkluderande prosessar i klasserommet. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Inkluderte studiar

For å finne relevante studiar, gjorde forskarane eit systematisk søk i ti relevante databasar i september 2020. Studiar blei inkludert i kunnskapsoversynet om dei:

  • var publisert i perioden 2000 til 2020 i fagfellevurderte tidsskrift
  • handla om allmenn lærarutdanning der dei fleste studentane ikkje hadde bakgrunn frå kunstutdanning
  • hadde eit tverrfagleg eller breitt perspektiv på kunst og estetikk
  • var empiriske studiar

19 studiar blei til slutt inkludert i kunnskapsoversynet. Studiane var utført i åtte ulike land; USA, Canada, Storbritannia, Irland, Norge, Spania, Sør-Afrika og Australia. Alle studiane skildra kurs der ein eller fleire kunstformer blei brukt som tilnærming til undervisning og læring. Studiane involverer òg ulike kunstformer som for eksempel musikk, dans, drama, visuell kunst, samtidskunst, design og estetiske element som lyd, former og bevegelsar.

Resultat

Etter å ha utført ei kvalitativ innhaldsanalyse av dei inkluderte studiane, fant forskarane tre ulike, men samanfletta læringsutbyte: 1) emosjonelle vendingar, 2) evne og ønske til å handle og 3) endra haldningar.

Emosjonelle vendingar

Dei fleste studentane hadde lite kunstfagleg bakgrunn. Både før, og i starten av, kursa utrykte fleire av dei skepsis eller motstand mot kurs som vektla kunstbasert undervising og læring. Studentane var redde for å gjere feil eller prestere dårlegare enn medstudentane. Dei uttrykte skepsis eller bekymring knytt til opne læringsprosessar og kreative oppgåver.  Studentane var usikre på kva som var «rett» og «bra» resultat og syntest det var utfordrande med kreative, uprøvde og innovative tilnærmingar. I løpet av kursa endra desse oppfatningane seg hos fleire av studentane. Studiane viser at studentane syntest å sette pris på dei nye erfaringane dei fekk i løpet av kursa. Eit eksempel på dette er ein studie (Ogden et al., 2010) der studentane utrykte stoltheit over å skape ei musikkteaterforestilling. Studentane sa dei opplevde glede og entusiasme og kjente seg levande. Ifølge studien påverka òg arbeidet med førestillinga andre aspekt ved studentane sine liv: Dei fekk ei auka forståing for kunst – noko som oppmuntra dei til å søke opp liknande aktivitetar utanfor skolen. Andre studiar viser at kunstbasert læring fremma både personlege og profesjonelle refleksjonar hos studentane.

Jente står i forgrunne og synger med tre elever bak seg
ENDRA SYN PÅ KUNST: I starten av den kunstbaserte undervisninga kjende mange studentar seg usikre på eigne kunstneriske evner. I løpet av kursa endra desse oppfatningane seg hos fleire av studentane. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Evne og ønske til å handle

Lærarstudentane såg ut til å mangle sjølvtillit til å praktisere kunstnariske aktivitetar. I ein av studiane svarte 79 % av studentane før studiestart at dei trudde kunstnariske evner var medfødd. Men denne oppfatninga skulle endre seg i løpet av kurset. Forskarar i fleire av studiane legg vekt på korleis studentane fekk auka sjølvtillit når det gjaldt eigne kunstnariske evner og oppdaga estetiske evner dei ikkje visste at dei hadde. Dei utvikla òg nye tankar og idear om korleis dei kunne bruke estetiske undervisningsmetodar i klasserommet. Dei følte seg mellom anna sikrare på, og meir villige til, å ta kreative sjansar i eigen undervising. Gjennom kunstbasert undervisning lærte studentane mellom anna å fange merksemda til elevane i klasserommet, finne nye og kreative måtar å løyse problem på og kople seg på interessene og perspektiva til elevane.

Forskinga identifiserer på same tid nokre utfordringar som kan hemme lærarstudentane si handlekraft. For eksempel var mange studentar framleis redde for å prøve ut kunstbasert undervisning i eigen praksis. Dei peikte mellom anna på mangel på tid og prioritering av standardisering og testar i skolen. Ifølge enkelte studiar kjente òg studentane på at dei mangla støtte og forståing for kunstbasert undervising på eit institusjonelt nivå.

Endra haldningar

Ved starten av kursa uttrykte fleire studentar skepsis mot kunstnariske tilnærmingar, fordi dei såg på elevar som mottakarar av kunnskap, snarare enn konstruktørar av kunnskap. Dei hadde òg problem med å foreine det kunstariske med det akademiske. På same tid viser studiane at det skjedde fleire endringar i haldningane til studentane. For eksempel oppdaga studentane korleis kunstbasert læring gjorde det mogleg å engasjere og imøtekomme ulike elever i skolen. Dei såg interessa elevane hadde i å engasjere seg i fleire kunstformer, og anerkjente dermed kunst som motiverande for læring på tvers av fag. Lærarstudentane opplevde òg at kunstbaserte tilnærmingar skapte opne og inkluderande læringsmiljø der alle barn kunne uttrykke seg. I ein studie (Pool et al., 2011) der lærarstudentane skulle undervise i geometri, erfarte dei at kunst som introduksjon til temaet kunne kople teori og praksis på nye måtar og gjere det tilgjengeleg for fleire elevar. I fleire av studiane oppdaga lærarstudentane at dei erfaringane dei sjølv fekk gjennom estetiske prosessar, var dei same for elevane i klasserommet. Samla sett ga desse erfaringane studentane eit breiare perspektiv på undervising og læring.

Elever spiller inn med mikrofon på stativ mens en lærer instruerer
MOTIVERANDE: Lærarstudentane oppdaga korleis kunstbasert læring gjorde det mogleg å engasjere og imøtekomme ulike elever i skolen. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Implikasjonar

Forskarane bak dette kunnskapsoversynet argumenterer for at lærarutdanningsprogram bør ruste framtidige lærarar til ei usikker framtid, og at kunstbasert undervising og læring, som opnar opp for mangfald, kreativitet og risiko, er ein veg til dette målet. Ei utfordring er at sjølv om framtidige lærarar er villige til å prøve ut kunstbaserte tilnærmingar i undervisninga, møter dei på utfordringar, som manglande støtte frå undervisningsinstitusjonane, marginaliseringa av estetiske fag, fokus på resultat i skulen og standardiserte læreplanar.

For at lærarutdanninga betre skal kunne legge til rette for kunstbastert undervising og læring, etterlyser forskarane bak dette kunnskapsoversynet meir forsking på studentane sine haldningar til kunst og korleis ulike typar undervisingsopplegg i lærarutdanninga fungerer.

Sjølv om dei inkluderte studiane viser til positive resultat for korleis kunstbasert undervising i lærarutdanninga endrar studentane sine kjensler, handlingar og haldningar, peiker forfattarane av artikkelen på fleire avgrensingar ved kunnskapsoversynet. Mellom anna har dei inkluderte studiane små utval og eit spesielt fokus på enkelte læringsutfall. Andre typar studiar med andre fokus kunne belyst temaet frå andre synsvinklar og gitt andre resultat. I tillegg er studiane utført i ulike kontekstar (ulike land, lærarutdanningsprogram, kulturar, studentar) og studerer ulike læringsmetodar og kunstformer. Dette gjer det utfordrande å skildre eit felles mønster for læringsutfall.

REFERANSE:

Møller-Skau, M., & Lindstøl, F. (2022). Arts-based teaching and learning in teacher education:“Crystallising” student teachers' learning outcomes through a systematic literature review. Teaching and Teacher Education, 109, 103545. https://doi.org/10.1016/j.tate.2021.103545