Hopp til hovedinnhold

Lærarstudentar si profesjonelle utvikling gjennom praksis

Kva må til for at lærarstudentar skal utvikle seg profesjonelt gjennom praksisopplæringa? Denne studien samlar nasjonal og internasjonal forsking på dette feltet. Resultata viser at særleg fem område i praksisopplæringa er sentrale: sosiale og emosjonelle aspekt, praksiserfaringar, teori–praksis-dimensjonen, rettleiing og refleksjon.

Publisert: Endret:
Forskingsnotat
Kva er eit forskingsnotat?

Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskingsnotatet gjer forskinga mer tilgjengeleg og lesarvennleg.

Nasjonale studiar om sosiale og emosjonelle aspekt ved praksisopplæringa viser seg å vere nærast fråverande i denne forskingsgjennomgangen.

Bakgrunn

Praksisopplæringa i lærarutdanninga er ein viktig arena for den profesjonelle utviklinga til lærarstudentar. Samstundes viser nyare norsk forsking at kvaliteten på praksisopplæringa i grunnskulelærarutdanningane (GLU) er variabel, og at det på nåverande tidspunkt er uvisst kva lærarstudentane faktisk lærar av og i praksis. Det er difor naudsynt å identifisera område i praksisopplæringa som bidrar til høgare kvalitet på denne delen av lærarutdanningane.

To lærere i klasserom
Praksisopplæringa i lærarutdanninga er ein viktig arena for den profesjonelle utviklinga til lærarstudentar. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Føremål

Det systematiske kunnskapsoversynet som blir samanfatta i dette forskingsnotatet, retter merksemda mot praksisopplæring i lærarutdanninga som arena for profesjonell utvikling for lærarstudentar. Målsettinga er å bidra med ny innsikt og kunnskap som kan brukast i kvalitetsutvikling av praksisopplæringa i GLU. Forskingsspørsmålet er: «Hvilke områder i praksisopplæring i lærerutdanningen (trinn 1–10) fremheves som sentrale for lærerstudenters profesjonelle utvikling, i empiriske studier?»

Inkluderte studiar

Søket etter relevante studiar blei gjort etter følgjande kriterium:

  1. Studiane måtte vere empiriske
  2. Utvalet måtte i hovudsak bestå av lærarstudentar
  3. Konteksten for studien måtte enten vere nasjonal eller internasjonal integrert praksisopplæring i fleirårig lærarutdanning som kvalifiserer for tilsetting i skulen (trinn 1-10)
  4. Studiane måtte undersøke ulike område i praksisopplæringa
  5. Studiane måtte undersøke lærarstudentane si profesjonelle utvikling
  6. Studiane måtte vere publiserte mellom 2005 og 2020

Studiar om integrert lektorutdanning 8-13 blei utelate grunna eit ønske frå forskarane om å avgrense den nasjonale konteksten. Når det gjeld punkt 5, poengterer forskarane at «profesjonell utvikling» er eit omfattande fenomen. Av den grunn har dei òg vald ut studiar som bruker liknande omgrep, som «læring,» «utvikling», «profesjonell identitet» og «refleksjon.»

Totalt 84 empiriske – nasjonale og internasjonale – studiar (av desse var to doktoravhandlingar) i perioden 2005–2020 inngår i det systematiske kunnskapsoversynet.

Lærer står foran en klasse
Sosiale og emosjonelle aspekt, spesielt relasjonar, emosjonar og makt, er sentrale område i praksis for den profesjonelle utviklinga til lærarstudentar, viser resultata i studien. (Foto: Getty Images)

Resultat

Resultata av det systematiske kunnskapsoversynet viser at fem område i praksisopplæringa ser ut til å vere sentrale for den profesjonelle utviklinga til lærarstudentar: (1) sosiale og emosjonelle aspekt, (2) praksiserfaringar, (3) teori–praksis-dimensjonen, (4) rettleiing og (5) refleksjon. I tillegg syner resultata at omfanget av forsking og merksemda på praksisopplæring har endra seg i løpet av tidsperioden 2005–2020, både nasjonalt og internasjonalt. I perioden 2005–2009 verka forskingsomfanget å vere avgrensa. Talet på studiar auka merkbart i perioden 2010–2014 og heldt seg etter måten stabilt i perioden 2015–2020. Nedgangen i nasjonale studiar er derimot påfallande, ettersom internasjonale studiar har hatt ein stor oppgang.

Sosiale og emosjonelle aspekt

Resultata viser at sosiale og emosjonelle aspekt, spesielt relasjonar, emosjonar og makt, er sentrale område i praksis for den profesjonelle utviklinga til lærarstudentar. Etablering og vedlikehald av student–elev-relasjonar er her viktig. Nære samarbeid i såkalla kritiske partnarskap, mellom medstudentar og praksislærar i støttande atmosfære og positiv støtte og aksept ved praksisskulen, er andre sentrale faktorar i denne samanhengen.

Praksiserfaringar

Ut frå fleire av studiane i det systematiske kunnskapsoversynet kan det synast som om praksiserfaringar generelt styrkar evna lærarstudentar har til å handle og endre undervisingsmønster. Gradvis kan desse erfaringane endre merksemda til studentane – frå seg sjølv til undervisingsmetodane og elevane si læring, og gi studentane høve til å reflektere over eigen læraridentitet. Praksiserfaringar kan i tillegg bidra til stressreduksjon, eit meir realistisk bilete av korleis det er å vere lærar, auka tryggleik og medvit om eigen, profesjonell utvikling. Sjølvoppfatninga og meistringsforventinga til studentane ser ut til å auke som eit resultat av praksiserfaringar.

Teori-praksis-dimensjonen

Tidlegare studiar viser at dersom praksisopplæringa ikkje er teoribasert, opplever studentane raskt dei teoretiske og profesjonsorienterte perspektiva som lite meiningsfulle og relevante. Trass i dette viser det systematiske kunnskapsoversynet at praksisopplæringa er høgare verdsett enn teoriopplæringa og blir vurdert som den viktigaste arenaen for profesjonell utvikling blant lærarstudentar. Studentane opplever samstundes moglegheita for å integrere teori i praksisopplæringa som varierande og vanskeleg.

Rettleiing

Rettleiingssamtaler og evaluering omfattar ifølgje fleire studiar kva ein konkret gjer i undervisinga, ikkje grunngjevingar og refleksjonar som omhandlar kvifor ein gjer som ein gjer. Dette einsidige søkelyset kan ifølgje artikkelforfattarane føre til at sjansen minkar for at lærarstudentane får utvikle seg profesjonelt.

Refleksjon

Fleire typar tilrettelegging kan skape grobotn for refleksjon i praksisopplæringa. Kunnskapsoversynet nemner tilgang til arbeidsrom, som reint fysisk skapar eit rom der ein i ro og fred kan diskutera opplevingar. Utanlandspraksis kan ifølgje ein studie føra til refleksjon fordi refleksjonen går utover det kontekstnære handlingsrommet i her-og-nå-situasjonen. Trepartsamtaler, aksjonslæring organisert i lærarteam og kritiske partnarskap mellom studentar og praksislærar er andre tiltak som andre studiar nemner som positive faktorar for å fremje refleksjon.

Dersom praksisopplæringa ikkje er teoribasert, opplever studentane raskt dei teoretiske og profesjonsorienterte perspektiva som lite meiningsfulle og relevante.

Implikasjonar

Nasjonale studiar om sosiale og emosjonelle aspekt ved praksisopplæringa viser seg å vere nærast fråverande i denne forskingsgjennomgangen. Retten studentar har til eit godt psykososialt læringsmiljø, og korleis denne retten eventuelt skal ivaretakast ved praksisskulen, er heller ikkje nemnd i dei nasjonale styringsdokumenta. Å forske vidare på sosiale og emosjonelle aspekt i praksisopplæringa i norsk grunnskulelærarutdanningskonteks kan dermed vere fruktbart med tanke på framtidig arbeid med kvalitetsutvikling av praksisopplæring i GLU, særleg sidan interessa for dette forskingsområdet aukar internasjonalt. Styringsdokumenta for GLU er òg er lite informative om det konkrete innhaldet i rettleiinga under praksisopplæringa. Meir forsking som rettar merksemda mot dette området, både frå student- og praksislærarperspektivet, vil dermed gi innsikter som kan brukast i arbeidet med kvalitetsutvikling av praksisopplæringa i GLU.

Referanse:

Sørensen, Y. & Bjørndal, K. E. W. (2021). Sentrale områder i praksisopplæringen for lærerstudenters profesjonelle utvikling – en systematisk forskningsgjennomgang (2005–2020). Nordisk tidsskrift for utdanning og praksis, 15[3], 38–69. DOI: https://doi.org/10.23865/up.v15.2640