Slik jobbar lærarutdanningar med å utvikla praksiskvaliteten

Fire utdanningsinstitusjonar har fått rundt fem millionar kroner kvar for å auka kvaliteten i praksisopplæringa til lærarstudentar. Her kan du lesa meir om korleis dei jobbar for å nå målet om betre praksis.

Published Sist oppdatert
Kvalitetsutvikling
Nyskapande praksis

Ei eiga støtteordning for nyskapande former for praksissamarbeid og praksisrettleiing blei oppretta i 2020. Bakgrunnen er strategien Lærarutdanning 2025, der styrkt kvalitetsutvikling av praksis eitt av innsatsområda. Støtteordninga blir administrert av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku).

Noko av kritikken mot lærarutdanninga har gått på mangelen i samanheng mellom teori og praksis, noko me vil sjå nærare på og gjera noko med.

Vigdis Vangsnes , førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet
Fire utdanningsinstitusjonar har fått støtte for å utvikla kvaliteten på praksis i lærarutdanninga. (Illustrasjonsfoto: Anja Kristin Bakken, UiS)

Regjeringa delte før nyttår ut 20 millionar kroner som skulle styrka kvaliteten på praksis i lærarutdanningane, gjennom Diku-støtteordninga.

Pengane er omtrent likt fordelt mellom fire forskingsprosjekt, som skal føra til forskingsbasert kunnskap om nye måtar å organisera praksissamarbeid og praksisrettleiing på, opplyste regjeringa.

Det er Nord Universitet, NTNU, Høgskulen på Vestlandet og Høgskolen i Østfold som har fått tilslag for forskingsprosjekta sine. Nedanfor kan du lesa meir om dei enkelte prosjekta.

Høgskolen i Østfolds (HiØ) prosjekt har tittelen «Kunnskapsmegling i likeverdige partnerskap og profesjonsfellesskap.»

Prosjektet skal vara fram til 2024, og 50 tilsette ved HiØ er engasjert i oppgåver som har med satsinga å gjera, i tillegg til skular og barnehagar som allereie er tilknytt høgskulen gjennom DEKOM og REKOM.

Anne Beate Reinertsen, professor i pedagogikk ved HiØ, er prosjektleiar for «Kunnskapsmegling i likeverdige partnerskap og profesjonsfellesskap.»

Anne Beate Reinertsen, professor i pedagogikk ved HiØ (Foto: HiØ)

-Det overordna målet vårt med prosjektet er å utvikla fleire arenaer for samarbeid, gjensidig kompetanseutvikling og forsking med praksisfeltet, som er delt opp i tre hovudtrekk eller hovudmålsettingar. For det første å byggja opp interne strukturar ved HiØ som gjer oss endå betre i stand til å utvikla oss i fellesskap med praksisfeltet. For det andre å bli gode kunnskapsmeklarar, mellom høgskulen, kommunane med sine skular og barnehagar, og studentane - skapa kunnskapsutvikling mellom dei tre. For det tredje å få til trepartssamarbeid mellom høgskulen, kommunane (med skular og barnehagar) og studentar i eit praksisperspektiv, forklarer Reinertsen.

-Omgrepet «kunnskapsmekling» står sentralt her - kva ligg i det?

-Det handlar om å gå inn mellom etatane og sjå nærare på prosessen der ein forhandlar og reformulerer kunnskap. Å prøva å prosessualisera ein slik samanheng, slik at ein ikkje står på kvar si side, for vår del i det nemnde trepartssamarbeidet. Ein kan sjå det som ei rørsle bort frå New Public Management – som lenge har blitt kritisert – over til det ein kan kalla New Public Governence. Der målet er å opna opp for mindre administrering og leiing, og meir medbestemming og samarbeid. Betra samarbeidet og auka relevansen mellom kvarandre og sjå nærare på kva ein kan tilby kvarandre i staden for å «berre implementera.» Ein må ha med både hovud og kropp i ein slik prosess.

-Kva er det nye ved dette prosjektet?

-Ein kan jo diskutera kor nytt det er, men eit viktig moment og ein føresetnad for oss er å ta høgd for at endring og utvikling ikkje går føre seg utan usemje. Ein tar ein risiko når ein set spørsmålsteikn ved kunnskapen sin eller blir spurt om noko ein ikkje veit mykje om, og det kan vera mentalt utfordrande. Tanken vår er å baka inn denne risikoen i prosjektet og gjera han mindre. Heller stilla spørsmål av typen «Kva har du erfart i samarbeid som du ikkje har tenkt på før?» eller «Kva er det du har behov for å vita?» Skapa ein atmosfære for å vera meir open, kort og godt.

-Kva forskingsspørsmål blir belyst i denne prosessen?

- Det overordna spørsmålet kan seiast å vera «Korleis bryta vanar?», rett og slett. Eller «Korleis gjer me noko nytt?» Og «Korleis får me kunnskap i omløp mellom oss?» Me ønsker at ein skal stilla kritiske spørsmål til si eiga verksemd, noko som kan vera ei utfordring, og desse spørsmåla kan vera på ulike plan. Nokre fokuserer kanskje på skuleutvikling, leiinga og liknande, andre går meir spesifikt inn i norsk, matematikk eller andre fag.

-Kva slags funn eller konsekvensar ser de føre dykk som følgje dette arbeidet?

-Eg håpar me kan klara å skapa eit syn på kunnskap som førebels – at han heile tida kan utviklast og setjast saman på nye måtar. Og at ein får eit forhold til prosessar, at eit emne ikkje er avgrensa til eit prosjekt, men heile tida er løpande, at prosess blir eit mål og middel i seg sjølv. Og at ein i tillegg blir vant med å visa fram det ein faktisk kan.

-Korleis kan dette prosjektet bidra til andre sine lærarutdanningar?

-Me håpar å visa eit døme på eit trepartssamarbeid som har bevega noko - til dømes tanken me har om tilhøvet mellom teori og praksis. Og gjerne driva litt brubygging mellom dei. For eg trur me alle har teoriar, og at me alle har praksisar, og at tilhøvet mellom dei dermed er meir komplekst enn som så. Difor vil me gjerne bidra i ein diskusjon om dette tilhøvet, avsluttar Anne Beate Reinertsen, professor i pedagogikk ved HiØ og prosjektleiar for «Kunnskapsmegling i likeverdige partnerskap og profesjonsfellesskap».

Du kan lesa meir om prosjektet på HiØs nettsider.

Norges teknisk-vitenskapelige universitets (NTNU) prosjekt heiter «Praksisforankrede norskfaglige masteroppgaver,» forkorta PRANO.

Prosjektet skal gå over tre år og er eit samarbeid mellom NTNU og Trondheim kommune, konkret ved Charlottenlund ungdomsskole og Huseby barneskole det første året. Desse er gjennom statusen sin som universitetsskular allereie tilknytt NTNU.

Ann Sylvi Larsen, dosent ved institutt ved lærarutdanning ved NTNU (Foto: NTNU)

Ann Sylvi Larsen, dosent ved institutt ved lærarutdanning ved NTNU, er prosjektleiar for «Praksisforankrede norskfaglige masteroppgaver» (PRANO).

-Noko av bakgrunnen for prosjektet er at alle studentar i den nye lærarutdanninga skal ha mastergrad, noko som skaper både eit auka press på rettleiarar og skular, der studentar hentar empiri. Målet med prosjektet er finna ein modell eller arbeidsformer som kan styrka samarbeidet mellom skule og lærarutdanning på dette feltet. Prosjektet handlar om fordjuping i praksis, fordi me synest praksisfeltet òg skal vera ein forskingsarena på syklus 2 i lærarutdanninga. Konkret kjem me til å prøva ut ein modell der fire studentgrupper ved to av NTNUs universitetsskular jobbar saman med praksislærarar – som alle har fordjuping i norsk og spesiell interesse for fagfeltet - om å utvikla aktuelle masteroppgåver forankra i praksis. Samstundes blir studentane følgt opp av rettleiarar frå eit fagmiljø eller ei forskargruppe med spisskompetanse på feltet, fortel Larsen.

Planlegginga av prosjektet er allereie i gong, men sjølve utprøvinga av prosjektet går over dei to neste skuleåra. Til neste år blir ein ny skule og to praksislærarar innlemma i prosjektet.

-Kva er nytt ved dette prosjektet?

-Ein har alltid forska på praksisfeltet, men då gjerne ved at studentane har henta empiri for masteroppgåvene sine i skulen. PRANO handlar vel så mykje om å prøva ut korleis ein kan organisera praksis i syklus 2, altså i masterutdanninga i eit samarbeid mellom fag- og forskargrupper og praksislærar. Slik får praksisfeltet ei tettare kopling til forskingsfeltet, og i samarbeid med praksislærar vil forskargruppa meisle ut ulike prosjekt innanfor eit felles tema, til dømes grammatikkundervising, som studentane kan skriva sine masterprosjekt innanfor. Kvar gruppe på fire masterstudentar har praksis i same klassen, og skriv beslekta oppgåver, dei får grupperettleiing der både forskargruppa og praksislærar er med og i tillegg gir dei respons til kvarandre. Rolla til praksislærar er altså å rettleia og hjelpa til med empiriinnsamling.

-Kva forskingsspørsmål blir belyst?

-Det er vanskeleg å gå konkret inn på forskingsspørsmål i ein samanheng som dette, men ei overordna problemstilling kan vera: «Korleis kan me som universitet samarbeida med praksisfeltet i arbeid med metode og empiri?» I tillegg kjem mange norskfaglege spørsmål til å bli sett nærare på gjennom arbeidet til masterstudentane.

Ein viktig ressurs her er dei fem fag-/forskingsgruppene som studentane kan velja å knytta seg til. Desse fem gruppene er: Digitale tekstpraksiser, Litteraturdidaktikk, Språk/grammatikk, Literacy – med vekt på skriving og Flerspråklighet og språklig mangfold.

-Kva slags funn eller konsekvensar ser de føre dykk av dette arbeidet?

-Me ser føre oss at dette kan vera ein modell som kan overførast frå norsk til andre - kanskje alle - fag i lærarutdanninga. Denne moglege overføringsverdien var noko av grunnen til at me fekk tilslag på søknaden. Prosjektet er allereie lagt fram i eit nasjonalt master-nettverk, og me har planar om å informera om korleis det kan nyttast vidare, i fleire samanhengar.

-Korleis kan dette prosjektet bidra til andre sine lærarutdanningar?

-Sidan alle lærarutdanningar har master nå, har me tru på at dette kan vera ein modell som kan brukast i dette utdanningsløpet hjå andre universitet og høgskular. Reint metodisk har masterstudentar tidlegare ofte brukt intervju som metode, då gjerne intervjua ein lærar eller to. Gjennom PRANO kan ein få fram meir faglege problemstillingar, ved at bestemte problemstillingar blir prøvd ut og utforska i klasserommet. Det er mykje meir interessant å setja i gong prosessar på denne måten, som case-studium, og observera utviklinga. Noko som òg kjem elevane til gode, ettersom dei blir med på ulike, spennande undervisingsprosjekt som studentane forskar på. I ettertid kjem studentane tilbake og legg fram funna på skulane, og på denne måten gir prosjektet noko fagleg tilbake til praksisfeltet òg.

-Kanskje kan nokon bli freista til å bli forskar ein gong i framtida òg?

-Eg trur absolutt ei slik erfaring kan vera inspirerande i den retninga òg, ja. Dersom ein tenker rekruttering til ph.d.-utdanning, kan denne bakgrunnen vera nyttig. Ein kjem meir inn i ein vitskapleg diskurs når ein jobbar med forskarar som her, avsluttar prosjektleiar Ann Sylvi Larsen, dosent ved institutt ved lærarutdanning ved NTNU.

Vigdis Vangsnes, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, er prosjektleiar, medan Knut Steinar Engelsen, professor ved Høgskulen på Vestlandet, er forskingsleiar for «Rehearsing Teaching Professionally in Teacher Education.» Forkorta til RetProTE, med undertittelen «Building Purposeful Teaching Repertoires to Bridge Theory and Practice in Teacher Education.»

Dette bildet har et tomt alt attributt
Professor Knut Steinar Engelsen og førsteamanuensis Vigdis Vangsnes ved Høgskulen på Vestlandet (Foto: HVE)

Prosjektet har i første omgang to mål: Å bidra til å etablera ei grunnskulelærarutdanning der lærarstudentane får høve til å øva på å vera den fagleg utøvande læraren, òg når dei er på campus. Og å utvikla undervisingsrepertoar i matematikk og engelsk der ein nyttar undervisingsmetodane læringsdialogen og pedagogisk drama. 

-Kva er bakgrunnen for RetProTE-prosjektet?

-Lærarutdanninga har tradisjonelt hatt to arenaer – teori og praksis – som på ulike måtar har vore skilde. Den teoretiske opplæringa på campus har ikkje vore nært nok knytt til den praktiske utøvinga.  Noko av kritikken mot lærarutdanninga har gått nettopp på mangelen i samanheng mellom teori og praksis, noko me vil sjå nærare på og gjera noko med, fortel Vangsnes og Engelsen.

-Kva er det nye ved dette prosjektet?

-Punktvis kan ein seia det slik: Å byggja reflekterte undervisingsrepertoar på nye måtar, òg på campus. Å byggja ned skotta mellom praksis og teori. Å skapa modelleringar til undervising som kjem lærarutdanninga, men òg grunnskulen, til gode. Ein har gjerne ikkje fått systematisk øving i mindre skala, som har vore refleksjonsorienterte, i dette mellomrommet mellom teori-praksis, og det ønsker me å gjera noko med her. Det blir somme tider sagt at ein på lærarutdanninga «lærer mykje OM å undervisa, men lærer lite Å undervisa.»

-Korleis skal dette gjennomførast konkret?

-Gjennom systematiske øvingar kopla til faget på campus, der ein øver seg på å undervisa i mindre skala, gjer opptak av dette og diskuterer i etterkant, er målet å utvikla ein praksis som er reflektert, dialogisk og som tek vare på alle. Lærarstudentane vekslar mellom å øva på, utøva, undersøkja og reflektera over si eiga og andre si undervising for å utvikla rike og reflekterte, faglege undervisingsrepertoar. Øvingane går føre seg med medstudentar, men òg på partnarskulane som inngår. Studentane er ute i skulane i punktpraksis, med tettare samarbeid enn tidlegare.

-De nemner i denne samanhengen omgrepet «microteaching» - kva går det ut på?

Ja, ein snakkar gjerne om «microteaching», der ein bryt dei ulike delane i undervisinga ned i enkeltdelar, som ein øver på, ser på, reflekterer over og prøver igjen på. Litt som ein kladd, som ein stadig bearbeider. Eller som i fotballen, der ein trener på enkeltelement som til dømes pasningar, og deretter set det saman til ein heilskap.

ReTProTe er eit samarbeidsprosjekt mellom lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Haugesund og Stord kommunar og tre grunnskular - éin i Haugesund og to på Stord. HVL samarbeider òg med universitetet i Aberdeen, Skottland og universitetet i Limerick, Irland.

-Kva forskingsspørsmål blir belyst her?

-Me vil sjå nærare på korleis me kan utvikle ny kunnskap om korleis lærarstudentar kan bli gitt moglegheiter på campus til å øve på undervising og gjennom individuell og kollektiv refleksjon utvikla nye og reflekterte undervisningsrepertoar. Aktivitetane vil ha særleg søkelys på korleis studentane kan utvikla spesielt repertoar knytt til det å inkludera alle elevane i undervisinga si i faga matematikk og engelsk, og slik óg stimulere til demokratisk medborgarskap.

-Kva slags funn eller konsekvensar ser de føre dykk av dette arbeidet?

-Me ønskjer jo å endra lærarutdanninga generelt i Noreg, i ei retning som svarar på utfordringane som er nemnde, altså dei som gjeld tilhøvet mellom teori og praksis. Når arbeidet er ferdig, håpar me difor å ha utvikla modellar som andre lærarutdanningar, både i Noreg og internasjonalt, kan ha nytte av. I første omgang satsar me å få med våre andre to campus, i Bergen og Sogndal, og deretter utvida. Samarbeidet vårt med partnarane våre i Irland og Skottland gjer at me kan ha perspektiv som går ut over det nasjonale.

-Her har de på eit vis allereie byrja svaret på siste spørsmål – korleis kan dette prosjektet bidra til andre sine lærarutdanningar?

-Då kan me jo leggja til at inntrykket vårt er at tidlegare prosjekt har hatt problem med å implementera funn og modellar inn i det vidare arbeidet. Det har rett og slett ofte «ebba litt ut» etter prosjektperioden. Derfor er me meir utviklingsorienterte enn tidlegare. Me har eit nært samarbeid med skulane, slik at det størst mogleg grad skal vera eit partnarskap. Om me ikkje akkurat ønskjer å revolusjonera norsk lærarutdanning, vil me i alle fall at arbeidet vårt skal vera nyttig for andre utdanningsinstitusjonar. Spesielt DIKU er opptatt av spreiingseffekten av dette arbeidet, avsluttar Vigdis Vangsnes og Knut Steinar Engelsen ved Høgskulen på Vestlandet.

«Multimodal Veiledning i Musikklærerutdanning» (MoVeM) skal prøva ut den digitale rettleiingsteknologien og programvara ved namn MOSO (Mentoring and Observation Software) i praksissituasjonar med musikkstudentar og -lærarar.

Prosjektet skal gjennomførast av Nord universitet ved Fakultet for lærarutdanning, kunst og kultur, avdeling Levanger, i samarbeid med fleire praksisskular og -lærarar. Prosjektleiargruppa består av professor Jens Knigge, universitetslektor Laila Grendahl, førstelektor Ola Buan Øien (alle Nord universitet) og Tony Mathisen (Stokkan ungdomsskole, Stjørdal), og her fortel gruppa meir om arbeidet.

-Noko av bakgrunnen for prosjektet er at praksisopplæringa for musikkstudentane våre er prega av store ulikskapar. Ho inkluderer blant anna praksis i alle skuleslag, kulturskule og «prosjektpraksis» med musikkprosjekt i samfunnet. Eit særleg behov musikkstudenter har i samband med musikkundervising er rettleiing av praktisk - altså kunstnarisk,-  førebuing, observasjon og refleksjon. Tradisjonell praksisrettleing framstår i denne samanhengen som mangelfull; spesielt lærarar i kulturskule manglar formell rettleiingskompetanse, og etterlyser sjølv denne. MoVeM rettar i den samanhengen fokus mot multimodale tilnærmingar, som kan gi ein rikare tilgang til det nonverbale som skjer i musikkundervisinga. I lys av MoVeM-prosjektet ser me eit behov for å innføra ein tilsvarande multimodal rettleiingsteknologi og likeså å heva digital kompetanse hjå universitetstilsette og samarbeidspartnarar fra praksisfeltet, seier Knigge.

Bilde av prosjektgruppa bak MoVeM-prosjektet
Hovuddelen av MoVeM-prosjekt-gruppa samla. Frå venstre Laila Grendahl (Nord universitet), Jens Knigge (Nord universitet), Tony Mathisen (Stokkan ungdomsskole), Klara Vik Aarmo (Mosvik skole), Maria Stattin (Inderøy videregående skole), Rolf Martin Snustad (Nord universitet), Rasmus Iversen Seloter (Levanger kulturskole). (Foto: Nina Kjeøy, Nord Universitet)

Implementeringa av MOSO er planlagt for studentar og lærarar tilknytt tre klassar ved musikklærerutdanninga ved Nord universitet, som følgjer prosjektet i fire semester. Prosjektet følgjer studiet si oppbygging relatert til dei ulike praksisarenaene - grunnskule, kulturskule, vidaregåande og prosjektpraksis. MoVeM består derfor av praksislærarar i dei respektive skulene eller institusjonane, studentar og universitetslærarar.

-Kva er det nye ved MoVeM-prosjektet?

-Denne tilnærminga er innovativ på to overordna nivå: For det første finst det, så vidt me veit, inga musikklærarutdanning i Noreg som systematisk bruker digitale og spesialtilpassete rettleiingsmodellar- og teknologiar. For det andre finst det, tilsvarande, ingen evidensbaserte modellar eller teknologiar i musikklærarutdanninga, svarer Grendahl.

-Kva forskingsspørsmål blir belyst?

-Ein kan formulera det slik: «Gjennom forskingsbasert tilnærming ønsker me i dette prosjektet å utvikla, prøva ut og evaluera moglege metodar og strategiar som kan heva kvaliteten på praksissamarbeid og praksisrettleiing.» Me utfører derfor ein såkalla «design based research»-studie der to implementeringssyklusar blir evaluert og videreutvikla, svarer Øien, som leiar forskingsarbeidspakken.

-Kva slags funn eller konsekvensar ser de føre dykk av dette arbeidet?

-Me har forskjellige delmålsettingar, som me håpar blir oppfylt: For det første å sjå korleis musikkfagleg læring og undervising kan vera med på å modulera eksisterande rettleiingsteknologiar til ein musikkspesifikk rettleiingsteknologi. For det andre å skapa tettare dialog og systematisk samarbeid mellom universitet og skule. Formålet er at skular og praksislærarar ikkje lenger er eksterne «leverandører», men blir ein del av universitetet si utdanning og ein likeverdig diskusjonspartnar, seier Grendahl.

-Og ikkje minst er det viktig å videreutvikla rettleiingskompetansen til lærarane. Med utgangspunkt i dei særeigne behova som praksis i musikklærarutdanninga har, ønsker me å utvikla vårt eige multimodale rettleiings-teknologiske redskap, supplerer Mathisen, som er ansvarleg for implementeringa saman med Grendahl.

-Korleis kan dette prosjektet bidra til andre sine lærarutdanningar?

-Hovudmålet i MoVeM er å prøva ut ein digital rettleiingsteknologi for å utvikla og stimulera til kvalitetsheving av rettleiingspraksis ved musikklærarutdanningar i Noreg. Det betyr at me håpar funna og erfaringane våre kan vera til nytte for alle lærarutdanningar i landet, særleg innan musikkpedagogikk, men òg for allmennpedagogikk. I siste prosjektperioden har me derfor planlagt forskjellige delingsaktivitetar som til dømes fagartiklar, workshops og føredrag, avsluttar Knigge på vegner av prosjektleiargruppa.