Gullrute til tidlegare UiS-studentar

«Overleverne» (NRK) ble i helgen ble kåret til beste dokumentarserie. Tidlegare UiS-studentar har regi og foto på serien.

Publisert Sist oppdatert

Stian Skjerping, Eirik Gjesdal og Tommy Jørpeland står sammen på rød løper med Gullruten-prisen i hånden.
Frå høgre Stian Skjerping (Screen Story) saman med Eirik Gjesdal (NRK) og Tommy Jørpeland (Screen Story). Foto: Mari Løvås.

I helga blei det beste frå norsk TV-bransje kåra under den årlege prisutdelinga «Gullruten». Beste dokumentarserie 2019 gjekk til «Overleverne», ein dokumentarserie om menneske som har overlevd blant anna ulykker, mishandling og sjukdom.

Skryt frå kringkastingssjefen

Eirik Gjesdal i NRK er regissør for serien, og siste sesong er produsert i samarbeid med produksjonsselskapet Screen Story. Stian Skjerping i Screen Story er A-fotograf, som betyr at med unntak av noko dronefilming, er det han som har filma.

Samarbeidet starta i fjor med møter for å diskutere manus og planlegge opptak. Sidan har det blitt mange dagar med opptak. Utmerkinga i helga og skryt elles, gir lyst og motivasjon til å halde fram.

– Det er utrolig gøy å bli satt pris på. På festen etter prisutdelinga helste eg på kringkastingssjefen. Han sa eg skulle fortsette med det eg gjer, seier Skjerping.

– Prøv og feil i studietida

Både Gjesdal og Skjerping har bachelor i fjernsyns- og multimedieproduksjon (FMP) frå UiS.  Skjerping ser tilbake på studietida som ein god stad å skaffe seg variert erfaring, gjennom å prøve seg i ulike roller.

– På studiet lærte me å sjå heile prosessen, noko som er veldig nyttig nå. Sjølv om eg berre arbeider med foto, må eg tenke på korleis det skal klippast og på det tekniske når eg er på opptak, seier han.

Hans råd til andre som vil gå i hans fotspor, er å arbeide hardt og vise det ein kan i praksis.

– Det som er bra, er at FMP er eit veldig praktisk retta studie. Det er ikkje berre karakterane som avgjer i denne bransjen. Det ein gjer i praksis er viktigare, seier han.

Nye ting på gang

Han vil ikkje avsløre kva som er neste prosjekt, men lovar at det er ting på gang.

– Sjølv om Screen Story alltid har lyst å lage kule ting, er dette ein ekstra motivasjon til å fortsette. Eg kan love at de ikkje har høyrt det siste frå oss, seier han.

Forutan at han er med i teamet som vant prisen for beste dokumentarserie, var Skjerping nominert til fagpris for Beste foto – enkamera.

Først publisert 15.05.2019