Offentleg postjournal

Universitetet i Stavanger publiserer offentleg journal gjennom løysinga eInnsyn.

Published Sist oppdatert

Universitetet i Stavanger publiserer offentleg journal gjennom løysinga eInnsyn.no.

Få tilgang til offentleg postjournal for UiS.

Om eInnsyn

eInnsyn.no er den leiande nasjonale fellesløysing for publisering- og innsynsløysingar. Løysinga blir forvalta i dag av Digitaliseringsdirektoratet og er teken i bruk av ei rekkje offentlege verksemder i stat, kommune og fylkeskommune.
Ved å ta i bruk felles løysingar får publikum eitt felles tilgangspunkt for journalopplysningar, noko som forenklar tilgang til offentleg journalinformasjon.

Slik søker du

Du kan søke innsyn i saksdokument ved å bruke "handlekorgfunksjonen" i eInnsyn. Systemet sender då ei bestilling vidare til UiS. Saksbehandlingstid for innsynskrav er vanlegvis tre arbeidsdagar. Om behandlinga tek lengre tid skal verksemda informere søkjaren om dette.

Personnamn i offentlege postjournalar

Den som sender/mottek informasjon til/frå verksemda skal identifisere seg, så lenge opplysningane ikkje er underlagt lovheimla teieplikt eller av andre grunnar er unnateke offentleg innsyn. Alle personnamn som blir publiserte i ein offentleg journal vil, i samsvar med forskrift til offentleglova, fjernast automatisk etter eitt år.

Kva er journalføringsplikta

Offentlege organ har plikt til å føre journal fordi den allmenne innsynsretten skal kunne brukast. Styresmakter og publikum skal vite at all korrespondanse blir registrert - og at den dermed kan ettersporast og overprøvast.

Tre kriterium må vere oppfylte for at eit dokument skal vere journalføringspliktig:

  1. For det fyrste må det vere eit saksdokument for organet.
  2. For det andre må dokumentet anten ha kome inn til eller blitt sendt ut frå organet.
  3. For det tredje må dokumentet både vere gjenstand for saksbehandling og ha verdi som dokumentasjon.

Har du spørsmål om offentleg journal ved UiS? Send ein e-post til post@uis.no.