80 prosent CO2-kutt på flyreiser i 2020

Frå og med mars 2020 vart det brått stopp i reiseverksemda for tilsette ved UiS. Som ein følge av det har UiS spara jordkloden for to tusen tonn CO2 på å ikkje ta fly gjennom fjoråret. Det svarar til ein nedgang på rundt 80 prosent.

Published Sist oppdatert
Ikkje overraskande gjekk talet på flyreiser drastisk ned ved norske arbeidsplassar i 2020.

Når ein ser på Universitetet i Stavanger sin klimarekneskap viser tala ikkje overraskande at organisasjonen har hatt drastiske CO2-kutt som følge av nedstenginga i 2020.
UiS har til dømes kutta CO2-utsleppa frå flyreiser totalt med over to tusen tonn frå 2019 til 2020.
Det vil seie at UiS har kutta utsleppa knytt til flyreiser med rundt 80 prosent samanlikna med 2019 samla sett. 

CO2-utslepp på flyreiser

Flyreisene som UiS-tilsette gjorde i 2019 i Norden, førte med seg utslepp av 917 tonn CO2. I 2020 var dette talet redusert til 265 tonn. Det vil seie at UiS har hatt 71 prosent kutt i CO2-utsleppa for flyreiser i Norden i 2020. 
Tilsvarande er flyreiser til Europa kutta ned med 87 prosent, frå 537 tonn CO2-utslepp i 2019 til 72 tonn i 2020.
For reiser til resten av verda har UiS 82 prosent utsleppskutt på CO2, frå 1098 tonn i 2019 til 201 tonn i 2020.
Nedgangen i flyreiser frå 2019 til 2020 utgjer 38 prosent av nedgangen i UiS sine totale CO2-utslepp.

Beregna CO2-utslepp frå flyreiser ved UiS
Utslepp i tonn, 2020Utslepp i tonn, 2019Ut-slepps-kutt i  tonnUt-slepps-kutt i prosent
Norden26591765271 %
Europa72 537 46587 %
Verden201 1 098 896 82 %
Sum5392 5532 01479 %
Har spara nær 40 millionar på ikkje å reise

Frå og med mars 2020 og dei påfølgande månadene og fram til årsskiftet har UiS spara rundt 40 millionar kroner på å ikkje reise.

Dersom vi berre ser på flyreiser er innsparinga mot 2019 rundt 14 millionar kroner.

Dersom vi berre tek for oss perioden frå april til desember og reknar heilårseffekt, er estimert innsparing frå det eine året (2019) til det andre (2020) omkring 45 millionar kroner.