Eit forskingsseminar frå Senter for innovasjonsforskning med Jason Deegan frå NORCE.
Engelsk tittel: Leading or Lagging? Do Public or Legacy Sectors Inspire the Twin Transition?
Torsdag 25. september kl. 12.00–13.00 Rom EOJ 276/277 og på Teams Seminaret går føre seg på engelsk.
Samandrag
Overgangen til grønare og meir digitale økonomiar er avhengig av kor raskt nye ferdigheiter spreier seg i regionale arbeidsmarknader. Det er likevel uklart kva sektorar som set i gang desse endringane. Sektorane offentleg administrasjon og utdanning blir ofte forventa å gå føre som gode døme, medan dominerande, etablerte næringar som oljesektoren anten kan motsetje seg eller fremskunde omstillinga. Denne studien undersøker om desse sektorane får fleire i regionen til å ta i bruk grøne og digitale ferdigheiter. Basert på over to millionar stillingsannonsar frå 2009 til 2022, sporar vi korleis etterspurnaden etter grøne og digitale ferdigheiter spreier seg mellom sektorar og regionar.
Vi finn at utdanningssektoren konsekvent inspirerer til breiare bruk av både grøne og digitale ferdigheiter, medan offentleg administrasjon berre viser svak og sporadisk påverknad, og oljesektoren i stor grad følgjer si eiga retning. Etterspurnaden etter grøne ferdigheiter spreier seg breiare mellom sektorar enn digitale ferdigheiter, noko som tyder på at miljøomstillingar lettare kan delast mellom sektorar enn digitale omstillingar. Funna understrekar at sektorar med offentleg kontakt kan spela ei viktig rolle i å inspirere regionale omstillingar – men berre når etterspurnaden deira etter nye ferdigheiter samsvarer med den breiare lokale økonomien.