Bak skyene er himmelen alltid blå

Rektor Klaus Mohn sine tankar etter leiarsamling om omstilling.

Published Sist oppdatert

Hav og himmel med skyer møtes i en horisont

Mandag 8. mai var 63 leiarar ved Universitetet i Stavanger invitert til Leiarforum på Arkeologisk museum. Hovudtemaet for samlinga var konsolidering og omstilling, som har stor merksemd frå dei aller fleste tilsette ved universitetet no om dagen. Samlinga var kjærkomen og konstruktiv, med gode presentasjonar og engasjerte drøftingar, med deling av verdifulle refleksjonar på tvers av organisasjonen.

Eitt universitet: UiS

Me er på sett og vis i ei brytningstid for UiS. Det gjer leiarskapet viktigare enn nokon gong. Mange av oss har hatt enklare dagar. Når det buttar mot kan det være freistande å trekke seg tilbake, samle merksemda om seg og sitt. Kanskje til og med egge til ressurskamp og skylde på andre. Slik er det også for leiarar.

Difor tok eg høvet i går til ei sterk og klar oppfordring: Tenk ikkje «meg» og «dei andre». Tenk «Oss ved UiS». Rett nok er det store forskjellar på tvers av organisasjonen, og stor variasjon mellom ulike fag og fakultet. Men fortsatt er me EIN organisasjon, EITT universitet. Vær difor raus, og vis stoltheit også når andre lykkast. Og om det buttar mot, så tenk på kor heldige me trass alt er, og snakk om kva for eit flott universitet me arbeider for.

Dermed gjeld det fortsatt: Me er i same båt!

Skyer på horisonten

Sidan me blei universitetet har dei aller fleste pilene berre peika ein veg, og det er opp. Berre sidan 2010 har det årlege budsjettet auka med meir enn 50 prosent, talet på årsverk er opp med 75 prosent, me har 20 prosent fleire studieprogram og nær 50 prosent fleire studentarOg sjølv gjennom den aller siste tida er det og mykje å glede seg over.

Samstundes er det ikkje til å kome unna at me har utfordringar i vente. Ein del av dei rår me ikkje med. Dette gjeld auken i prisar og kostnadar, stagnasjonen i studentkulla og skjerpinga av konkurransen. Frå politisk hald møter me trongare økonomiske rammer for 2023, inntrekking av 250 corona-relaterte studieplassar og innføring av studieavgift for utanlandsstudentar.

I tillegg er ikkje utviklinga i resultata så god som me skulle ønske oss, og det er urovekkande trekk ved søkartala for 2023. Om desse tendensane held fram, så vil dei bidra til lågare resultatbaserte inntekter for Universitetet i Stavanger i åra som kjem.

Det er dermed fleire grunnar til at me må trekke i bremsene og tenke oss om. I tråd med bodskapen frå allmøtet frå november i fjor, treng me ei betring i det økonomiske handlingsrommet på 150 mill kroner for ikkje å gå mot betydelege økonomiske underskot.

Budsjettrammer og tillit

Med rammefinansierte fakultet og autonome fagmiljø, er det nær sagt umogleg å vite i dag kva for løysingar og utvegar ein endar opp med i alle delar av organisasjonen. Ansvaret for å spare ligg uansett på alle nivå. Budsjetta er vår aller viktigaste reiskap for økonomistyring. Og no blir dei trongare. For dette må me ta ansvar, leiarar og medarbeidarar.

Enkelte stadar kan ein kome til at det beste er å kutte jamt. Andre kan kome til at ein er best tent med fase ut enkelte aktivitetar, slik at ressursane kan brukast betre på det som går bra. Målet for må difor bli å finne løysingane som passar best for det enkelte fakultet, senter, institutt eller avdeling.

Apparatet på institusjonsnivå står til rådvelde for råd og innspel. Spesielt gjeld dette HR, avdeling for verksemdstyring og -utvikling (AVU) og Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt (AKS). Den som veit mest om status og utsikter for den enkelte eining er dermed leiaren for den enkelte eining.

Umetteleg behov for informasjon

Med ei uviss og uføreseieleg framtid er informasjonsbehovet naturleg nok stort. Til dette har me ein organisasjon og ein linje. Og denne linja er hovudkanalen for kommunikasjon i organisasjonen. Sjølv orienterer eg dei som rapporterer til meg som best eg kan. Og forventninga er den same til leiarar på alle nivå i organisasjonen.

Det er leiarar i første linje som veit best kor skoen trykker i eiga eining, og som kjenner dei tilsette og behova deira aller best. Med trongare økonomiske rammar som utgangspunkt er det dei same leiarane som veit best kva status er for omstillinga av verksemda i fakultet, institutt og avdelingar.

Mi oppfordring er at leiarar engasjerer tilsette i samtale og samarbeid rundt omstillinga som no går føre seg. Alle skal ha ein sjanse til å halde seg godt oppdatert, og som leiarar er det vårt ansvar å sikre at oppdatert informasjon blir kommunisert i linja på løpande basis

Ambisjonar føreset armslag

Det viktige å ha for auge er at ingenting av det som er skjedd har potensial til å omstøyte strategien vår. Det langsiktige ambisjonsnivået ligg fast, og strategien har så langt vist seg som ei robust rettesnor for dei langsiktige prioriteringane våre. Slik skal det og være i tida som kjem.

Likevel kan eg opplyse om at me tek ein revisjonsrunde på strategien i løpet av hausten i år. Sjølv tenker eg at visjon, verdiar, samfunnsoppdrag og overordna stragegisk innretting – som på plansjen min – vil ligge fast. Men i underskogen av ambisjonar og mål er det truleg rom for enkelte justeringar i lys av endringar i omverdensbiletet og rammevilkår, og ikkje minst i lys av erfaringane gjennom dei siste tre åra.

Vel så viktig som den omstillinga på kort sikt er det uansett at kvalitetsarbeidet kan halde fram på lengre sikt. Me må fortsatt strekke oss etter forbetring, i utdanning, forsking, innovasjon og samfunnskontakt. For utan kvalitet er det vanskeleg å betre resultata.

Framtida er for god til å fortvile

Om tidene kan være litt krevjande akkurat no, så har me mykje å sjå fram til. Sjølv ser eg difor no fram mot eit nytt åremål som rektor. Og med på laget får eg nye leiarkrefter. Sjølvsagt blir det med eit visst vemod eg må skille lag med Astrid Birgitte Eggen, Rune Dahl Fitjar og Ole Ringdal. Eg takkar dei for den store innsatsen dei har lagt ned for UiS gjennom dei siste fire åra, og ikkje minst for resultata dei har oppnådd på sine respektive område.

Merete Vadla Madland held fram som prorektor for forsking. Som ny prorektor for utdanning har styret tilsett professor Bjørg Synnøve Frøysland Oftedal, som hittil har arbeidd ved Helsevitskapleg fakultet. Og som prorektor for innovasjon og samfunn får eg med meg professor Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim. Og til slutt tilsette styret i førre veke Karoline Holmbo Høibo som ny direktør for organisasjon og infrastruktur. For eit lag eg får med meg!

Rett nok har me litt motvind for tida. Men sjølv orkar eg ikkje å fortvile. Det finst så mykje å glede seg over. Våren her her, og sommaren står for døra. Universitetet i Stavanger er på ein stø kurs, med ein strategi som femnar vidt og som står seg godt.

Eg klarer nesten ikkje å vente til ferien er over!