– Bjergsted skal bli ein endå meir levande kulturpark

Bjergsted-konferansen 2021 trekte opp dei store linjene for kunst og kultur eit samfunnsperspektiv etter det siste halvårets nedstenging. På veg ut av pandemien har dekan Morten Wensberg ved Fakultet for utøvande kunstfag endå større ambisjonar for Bjergsted.

Published Sist oppdatert

Dekan Morten Wensberg har store ambisjonar for Bjergstedparken. Mot slutten av konferansen, som vart leia av kommentator Harald Birkevold frå Stavanger Aftenblad, snakka Wensberg om satsinga vidare saman med Tone Grindland, styreleiar i Stavanger Symfoniorkester og regiondirektør i NHO:

Heildagskonferansen var den andre av sitt slag – den første vart arrangert i 2019, medan 2020-utgåva måtte som mykje anna i koronaåret leggast på is.

–Det føles godt å kunna gjennomføra konferanse igjen etter nedstenginga. Eg har inntrykk av at mange av deltakarane også opplevde det sånn, og det var gledeleg stort oppmøte, seier Morten Wensberg.

Med konferansen ønsker UiS å invitere kunst- og kulturlivet til å møtast for ein kunst- og kulturfagleg debatt, heilt i tråd med universitets strategi om å vere eit ope universitet. Det la òg rektor Klaus Mohn vekt på i velkomstorda sine:

– Tanken bak det opne universitetet er at vi på UiS må dele raust av vår kunnskap og innsikt med arbeids-, samfunns- og næringsliv. Samstundes skal vi lytte til omverda, plukke opp utviklingstrekk og idear og utvikle oss. Det er slik me legg til rette for eksponering og forbetring og det er slik me best legg grunnlag for gjennomslag og samfunnsbidrag.

Bjergsted-konferansen vert arrangert av Fakultet for utøvande kunstfag i samarbeid med kulturavdelinga i Stavanger kommune og samarbeidsutvalet i Bjergsted – der aktørar som Stavanger Symfoniorkester, Stavanger kulturskole, og Rogaland musikkråd er med.

– Det å artikulere kunstens og kulturens samfunnsbidrag er ei viktig oppgåve for oss i sektoren og eg er glad for at vi har ein arena som Bjergsted-konferansen for å sette søkelyset på dette, seier dekan Wensberg.

Optimisme og samspel

Direktør i Kulturrådet, Kristin Danielsen, er optimistisk på vegner av kulturlivet. "Sjølv om det ikkje var mogleg å vise kunst og kultur under restriksjonane blei det laga kunst og kultur, og no kjem det – no kjem jazzalderen", sa ho.

Eit av spørsmåla som vart stilt under årets konferanse var kvifor vi som samfunn satsar på kultur, og korleis denne satsinga kan og bør arta seg i post-koronatida som ligg ute i horisonten. Dette var mellom andre direktør for Kulturrådet, Kristin Danielsen invitert til snakka om. Og ho ser ikkje mørkt på tida som kjem, for pandemien også har skapt moglegheiter for fornying, meiner Danielsen:

– Kulturrådet arbeider no med å kartlegga kva slags kultursektor vi skal gjenoppbygge. Skal vi gå attende til 2019 eller skal vi planlegga for den sektoren vi ønsker oss framover? Dette arbeidet skjer i tett samspel med aktørar i kulturlivet.

Også Aftenposten-kommentator Frank Rossavik var invitert til å snakke om kva verdi kunsten har i samfunnet og kva vi vil med kunsten. Han peika på at kulturpolitikk handlar mykje om pengar.

– Institusjonane vil ha pengar, kunstnarane vil ha leveleg løn. Kulturpolitikarane måler seg etter kor mykje pengar dei kan løyva, men få snakkar om kunsten sin eigenverdi. Betyr kunst noko for samfunnet anna enn som underhaldning for innbyggarane? Det er lett å sjå at kunst vert påverka av politikk, men vanskeleg å sjå at politikk vert påverka av kunsten.

Kunstfag i skulen – kva skal vi med det?

Eit knippe fagpersonar belyste korleis dei estetiske faga blir varetatt i utdanningsforløpet. Her viste mellom andre professor i pedagogikk, Anne Bamford, til at det i dag vert lagt stadig meir vekt på allsidigheit – «fusion skills» – i tilsettingsprosessar. Folk må kunne integrere og bruke meir enn éi ferdigheit:

Det kunstariske fekk og plass i programmet.

– Elevane treng ikkje bli kunstnarar, men overføringsverdien til andre delar av livet og samfunnet er så stor. Det handlar om livsmeisting og danning i brei forstand, sa Bamford, og slo fast at for å få legge til rette for slik fleksibilitet og kreativitet må lærarutdanninga styrkast på kulturfeltet.

Liv Runesdatter er både utøvande musikar og lærar i småskulen. Ho brenn for barn og unges rett til musikalsk fostring fordi musikk gir rom for utforskar- og skapartrong:

– Musikk triggar elevane sin ibuande kreativitet og fremmer fellesskapet. Det kan inngå tverrfaglege prosjekt, og gi rom for spanande modningsprosesser og kompetanseløft for heile kollegiet, avslutta Runesdatter.

Ambisjonar og visjonar

Bjergsted-konferansen er også staden for å annonsere visjonar. Det gjer Morten Wensberg meir enn gjerne:

– Bjergsted-visjonen er allereie over 20 år gammal og danna grunnlaget for dei store utbyggingane i Bjergsted frå 2010. Dessutan har han gitt oss som held til her i Bjergsted mål, retning og ambisjonar. Vi samarbeider alt usedvanleg godt i Bjergsted, og institusjonane som held til her produserer og leverer kunst og kultur i rikt monn. Men likevel meiner vi at det er riktig å sette oss nye ambisiøse mål fram mot Byjubileet i 2025.

Målet er å gjere Bjergsted til ein endå meir levande kulturpark.

– Vi ønsker å etablera ein Bjergsted-festival om sommaren der vi både bidrar sjølv og samtidig inviterer byens andre aktørar med inn. Målet er å fylle sommaren i Bjergsted-parken med kunst, kultur og folk, avsluttar dekan Wensberg.

Kvintetten Strengeplukk sto for den musikalske avslutninga på konfeansen. Musikarane, som trakterer kvar sine typar strengeinstrument, har sitt utspring frå Fakultet for utøvande kunstfag.


Tekst: Unni Berland
Foto: Agnete in't Veld Bendiksen