Campus Bjergsted ligg i Bjergstedparken nær Stavanger sentrum. Her held Fakultet for utøvande kunstfag til saman med mellom anna Stavanger konserthus, Stavanger katedralskule avd. Bjergsted og Stavanger kulturskule.

Bjergsted kulturpark
Med unntak av Byparken er Bjergsted kulturpark Stavangers største sentrumsnære friområde. I samband med bygginga av konserthuset vart parken utvida i retning sjøen og sentrum. Uteamfiet ved konserthuset har ein kapasitet på inntil 10.000 menneske. Til dagleg er det ein sosial møteplass i eit landskap som inviterer til leik, mylder og kunstopplevingar
Ei rik beplantning, benkar og belysning, kunstinstallasjonar, nye uteplasser mellom skulane, ein ny fotgjengarundergang som knyter konserthusamfiet til det eksisterande gangveisystemet, gjer parken endå meir brukarvenleg – for einkvar.
Bjergsted kulturpark skal vera eit nasjonalt kraftsenter for musikk og kunst.
Bjergsted kulturpark er det namnet seier: Ein park. Grønn og blomstrande vår og sommar, gyllenbrun om hausten, gråkvit om vinteren. Men alltid klar for å gje deg kulturelle opplevingar! Visjonen er at Bjergsted kulturpark skal vera eit nasjonalt kraftsenter for musikk og kunst. Noko av det særeigne med Bjergsted er det tette sambandet mellom utdanning og profesjonelle utøvarar. Bjergsted er òg senter for fritidsmusikklivet og for festivalar.

Stavanger Symfoniorkester speler ei sentral rolle i Bjergsted kulturpark i det nye konserthuset sitt. Stavanger konserthus er arena for ulike sjangrar – klassisk, pop, rock, country, soul, dans, revy, opera, teater, musikalar. Stavanger konserthus styrker mangfaldet ytterlegare og byr på framsyningar som ein tidlegare ikkje har kunna oppleva i regionen.
Bilder fra betagende Bjergsted
Bli kjent med Fakultet for utøvende kunstfag
Kontakt
Telefon: + 47 51 83 40 00
E-post: bjergsted@uis.no
Besøksadresse:
Bjergsted 1
4007 STAVANGER
Åpningstider i ekspedisjonen
Mandag, onsdag og fredag:
10:00-11:30 og 12:00-14:00.
Stengt i lunsjen: kl. 11.30–12.00.
Tysdag og torsdag: stengt.
Postadresse:
Universitetet i Stavanger
Fakultet for utøvende kunstfag
4036 Stavanger