Eit opent universitet

Oppsider og utfordringar i ytringsrommet.

Published Sist oppdatert

Klaus Mohn, portrett

Foredrag av rektor og professor Klaus Mohn i Vitenskapsakademiet 23. februar 2022.

Sidan universitetet blei universitet for godt og vel femten år sidan, har ein arbeidd hardt og godt for å stadfeste og vidareutvikle posisjonen innan forsking, utdanning og innovasjon og samfunnskontakt. For dette kan me takke mange av dei som har arbeidd ved UiS gjennom eit langt arbeidsliv.

Spørsmålet eg har stilt meg er difor kva eg kan gjere for forskjell og korleis eg eventuelt kan bidra til at UiS kan halde fram den gode utviklinga, bli enno betre på alt me gjer, og styrke omdømmet både regionalt og spesielt på nasjonalt nivå. Me spelar ikkje lenger i eit kretsmeisterskap, og må difor ruste oss for konkurranse mot dei beste, både i Noreg og internasjonalt. Som kunnskapsorganisasjon er samstundes menneska vår viktigaste ressurs. Å auke attraksjonsverdien for UiS føreset ikkje berre at det me gjer er spennande og bra, men og at me blir kjent for å være eit spennande og godt universitet. Berre slik kan me trekke til oss dei beste og mest interessante hovuda blant studentar og søkarar til ledige stillingar. Som kunnskapsorganisasjon er menneska vår viktigaste ressurs.

Det er gjennom samspel og samarbeid med interessentane våre at omdømmet vårt blir skapt. Studentar, tilsette, styresmakter, politikarar, næringslivet, offentleg sektor, andre universitet, nasjonale og internasjonale organisasjonar høyrer med blant våre viktigaste interessentar. Men det gjer også sivilsamfunnet og folk flest. Det er folk flest som rekrutterer søkjarar til studia våre, og det er via folk flest me blir ålment kjent som eit spennande og godt universitet. Saman med mitt eige samfunnsengasjement gav dette ei rekke grunnar til å markere kvalitetane ved Universitetet i Stavanger med større breidd og tyngd i alle delar av offentlegheita.

Saman har me sett ein ny kurs

Difor er eg oppriktig glad for at dette tankesettet er tydeleg reflektert i strategien for UiS mot 2030. Som faglege temasatsingar har me her etablert ‘Energi’, Helse og velferd’, samt ‘Læring for livet’, som alle skal støtte opp under ‘Grøn omstilling’. For organisasjonen har me elles etablert ein strategisk ambisjon om ‘eit framifrå lærings- og arbeidsmiljø’. Og for sosial omgang og samfunnskontakt vil me gjerne bli kjent som ‘Eit opent universitet’.

Å være leiar ved eit universitet handlar aller mest om lagspel. De veit godt kva som ligg bak posisjonen UiS har opparbeidd, og for meg handlar det no om å ta stafettpinnen, og gjere som best me kan under den neste etappen. Som Isaac Newton sa det: «If I have seen further, it’s by standing on the shoulders of giants.

Ikkje desto mindre har eg eit sterkt engasjement for dagens tema. Om eg får være litt personleg, så føyer haldningane mine her seg særs godt til UiS sitt motto om å utfordre det velkjente, og utforske det ukjente. Alltid har eg vore vore nyfiken, alltid har eg vore samfunnsengasjert, og alltid har eg vore klar til å opponere. Med ingeniørforeldre kom ungdomsopprøret til overflata då eg valte samfunnsfaglinja på vidaregåande skule. Eit stort vonbrot for opphavet: «Tenk å kaste bort talentet på snakkefag», var refrenget. Men så gikk det ikkje så aller verst likevel, når alt kom til alt.

Økonomi og samfunn

Ein del av dykk veit at eg er økonomiutdanna, at eg har arbeidd mange år i næringslivet og at eg brukt mykje tid både ved Norges Handelshøgskole i Bergen og ved Handelshøgskulen ved UiS. Dei av dykk som trur dette gjer meg til ein typisk blåruss tek likevel skammeleg feil. Den faglege bakgrunnen min er samfunnsøkonomi, der ein brukar teori og matematiske modellar for å forstå åtferd blant individ, føretak og organisasjonar. Sjølv ser eg dette som ein kvantifisert samfunnsvitskap. Og det er i sanning mitt samfunnsengasjement som har vore drivande også for utdanningsvalet mitt.

På same viset er tronga til uavhengig fagleg arbeid og engasjement rundt samfunnsspørsmål som dreiv meg frå næringslivet og tilbake til akademia. Om det var pengane som var viktigast, så kunne eg valt annleis. I staden begynte eg på doktorgrad i ein alder av 41 år, og etter tre år som stipendiat og fem år i professor II-stilling kom eg omsider til Handelshøgskulen ved UiS i full og fast stilling våren 2013.

Tilbake i 2017 var UiS gjennom eit stort omorganiseringsprosjekt, der styret vedtok overgang frå valt rektor og universitetsdirektør til einheitleg leiarskap med tilsett rektor og ekstern styreleiar (peika ut av Kunnskapsdepartementet). Etter litt om og men kom eg til at eg ville søke den nye rektorstillinga i 2018. Overgangen frå eit beskytta liv forskar og førelesar var overgangen formidabel. Eg visste for så vidt kva eg gikk til, men mest i teorien. I praksis fekk eg eit takras av møte i hovudet, og brukte i realiteten 6-12 månadar på å få hovudet over vatnet. Men etter kvart byrja det å lysne, fordi eg har fått betre klarheit rundt rolla mi, fordi eg har fått meir tryggleik i rolla som rektor, og fordi eg har fått trening i å handtere kvardagen på toppen.

Oppslutning og engasjement

I lag med studentar og tilsette har me likevel fått til mykje i løpet av dei siste 2-3 åra. Først og fremst har me samla tilsette og studentar om ein ny kurs for universitetet. På same tida har me arbeidd systematisk med forbetring i alle område av organisasjonen. Dette har gitt resultat i form av meir og betre forsking, meir og betre utdanning – og meir og betre innovasjon og samfunnskontakt. Sist, men ikkje minst, har me no ei organisering og leiing som gjer at verksemda er meir veldriven enn nokon gong.

Men det er lita hjelp i at resultata er gode og at kvaliteten er på veg opp i alle ledd, om ingen veit om det. Difor har me lagt vekt på å gjere Universitetet i Stavanger betre kjent, ikkje berre gjennom leiinga sine aktivitetar, men vel så mykje ved å oppfordre kollegaar i alle lag av universitetet til engasjement, om det er i media, via møte og konferansar, eller gjennom representasjon i relevante interesseorganisasjonar.

Då forstår de kanskje korfor tilsette ved UiS i dag står fram med eit sterkare engasjement enn nokon gong - rundt faglege spørsmål, universitetspolitiske spørsmål, og rundt teknologi, helse, kultur og kunst, utdanning, økonomi, samfunnsutvikling og politikk. Målet er å markere Universitetet i Stavanger meir tydeleg som ein sterk og uavhengig kunnskapsinstitusjon, som ikkje let seg kjøpe til noko, heller ikkje til taushet. Og difor er det at alle tilsette blir oppfordra til å engasjere seg, med det beste me har – av kunnskap, kompetanse og innsikt.

Variasjon har stor verdi

Mi klare overtyding er at det er eit mangfald av meiningar og perspektiv som best kan informere, utfordre og utvide det offentlege ordskiftet. Eit opent offentleg ordskifte er kritisk for gode opplyste avgjerder og ikkje mindre enn ein grunnstein for demokratiet som system. Slike ideal kan ikkje oppfyllast utan at ein vågar å ta sjansar, gjev rom for å feile og visar vilje til å reparere. Dette føreset eit raust debattklima, der argumenta står i sentrum og der individuelle omsyn og enkeltpersonar ikkje kjem i vegen for saka.

Eit opent og fordomsfritt ytringsrom bør heller ikkje være reservert for tankesett som er politisk korrekte og konsensus-prega. Heller bør ein akseptere eit visst innslag av rabulisme. Både for individet og for samfunnet er det gjerne når ein tøyer medvitet at nyskapande idear kan ta form. Om ytringsrommet blir for trongt, så tapar ein viktige kjelder til ny kunnskap og erkjenning. Historia har vist at det som kan sjå spinnvilt ut i dag, kan få nye tankar i sving, og sette spor i form av ålmenn innsikt på eit seinare tidspunkt. For meg passar UiS sitt motto dermed som hand i hanske: «Utfordre det velkjente, utforske det ukjente.»

Mitt råd er difor ikkje å velje enklaste utveg. Snarare tvert om. For om ein ikkje tek utfordringar, så vil ein heller ikkje vekse. Her tenker eg stundom på kva forfattaren Tomas Espedal har sagt: «I valget mellom lette og vanskelige løsninger, må jeg velge de vanskeligste. Alltid! Derfor havner jeg andre steder enn der jeg trodde jeg skulle ende opp. Alt blir større. Jeg blir større.» Og vidare: «I det øyeblikket livet blir mindre, lukker en seg, og man ser ikke verden som den er.»

Nokon må våge å stå opp og seie at keisaren er utan klede. Motsatsen er å sjå bort, bøye av og følgje hovudstraumen, uansett kva retning han tek. Å markere autonomi og integritet er dermed avgjerande for meg sjølv, og viktig for Universitetet i Stavanger, slik eg ser det. Og tilbakemeldingane så langt tydar på at denne tilnærminga og har gitt god gjenklang, blant studentar og tilsette, men og blant dei som følgjer med på Universitetet i Stavanger frå utsida.

At det skal mot til å mæle har eg erfart meir enn ein gong gjennom dei første åra som rektor ved UiS. La meg minne dykk om nokre eksempel.

Ikkje rør oljeskatten!

Våren 2020 var regjeringa under hardt press frå næringslivet for å legge til rette for stønadsordningar i møte med koronakrise og økonomisk tilbakeslag. Store føretak og eigarar stod langt framme i køen, saman med næringsorganisasjonar og fagrørsla, og sette fram svakt grunngjevne krav om stønad. I ettertid har desse ordningane vist seg å være viktigare for å skåne føretakseigarar og investorar enn for dei tilsette og arbeidsplassane deira.

Interessene rundt olje- og gassnæringa pressa og på for meir lempelege skattevilkår. Stabiliteten i skatteregimet har god fagleg underbygging, og er halden fram som eit heidersmerke ved den norske modellen for ressursforvaltning. I dei beste oppgangstidene har næringsinteressene slått kringvern om denne stabiliteten, og einkvar ide om å barbere ekstraordinære overskot i gode tider gjennom auke i skattane har blitt slått tilbake med stor iver. Men no som oljepris, overskot og aktivitet peika nedover, så var ikkje stabiliteten lenger så viktig.

Dette peika eg på i ein gjestekommentar i Stavanger Aftenblad (mai 2020) under tittelen: «Ikkje rør oljeskatten.» Denne bodskapen satte fyr i teltet, og det blei eit hekkans spetakkel. Dei kom på meg frå alle kantar, politisk hald, næringslivshald, arbeistakarhald, kollegaar ved UiS og frå representantar frå ‘folk flest’. Eg fekk fire forsider i Stavanger Aftenblad den aktuelle veka, i ein veritabel kampanje under vignetten «UiS-saken».

Skal eg være ærleg så blei dette etter kvart særs ubehageleg. Eg kjente meg uglesett kor eg gikk, og kikka meg over skuldra jamvel på kjøpesenteret. Det verste var kanskje at ein ein forsøkte å undergrave truverdet i bodskapen min gjennom det eg vil sjå på som ufine åtak på min personlege integritet. Blant anna gjaldt dette påstandar om misbruk av rektor-rolla, samt at styreverv i Nysnø Klimainvesteringer AS burde gjerne meg inhabil i slike saker. Det vanka kraftig pes frå Næringsforeininga, frå NHO Rogaland og jamvel frå tilsette ved UiS som har tett kontakt med olje- og gassnæringa.

Det vanka oppvaskmøte med leverandørnæringa i regionen og med tilsette ved vårt eige Teknisk naturvitskapleg fakultet. Diskusjonane var harde, men eg ville ikkje fire. Som professor i økonomi må eg være i min rett til å opplyse tema i samfunnsdebatten som eg kan noko om, utan at rektor-rolla skal diskvalifisere meg og utan å skjele til bestemte interesser for regionen, næringslivet  eller oppdragsfinansierte kollegaar.

Etter kvart la kritikken seg, olje- og gassnæringa fekk den skatteletta si, og mi intervenering på kommentarplass i Aftenbladet fekk dermed ikkje betyding for utfallet av den konkrete saka. Men viktigare var det kanskje at dei som kritiserte meg fekk ei påminning om kva eit universitet er, og kva det ikkje er. Dermed bidrog saka til å styrke integriteten og omdømme for UiS som ein uavhengig kunnskapsaktør. Internt har eg og fått mykje støtte for akkurat denne saka. Og dei som var dei argaste kritikarane då det brant som verst, har i dag blitt blant dei mest ivrige omstillingsaktørane ved UiS.

Hadja Tajiks bokomslag

Den neste saka eg vil nemne kom i oktober same året, midt under den årlege KÅKÅnomics-festivalen, der eg har vore engasjert i programmeringa sidan oppstarten for fem år sidan. Like før festivalen hadde Hadja Tajik sluppet ny bok. Omslaget var pryda av eit portrett av ei framoverlent Tajik i svarte blonder, grøn velur-dress og høge hælar. Ein kollega ved UiS, fakultetsdirektør Karoline Holmboe Høibo, kommenterte iscenesettinga av Tajik i kritiske og friske ordelag på debattplass i Stavanger Aftenblad ein laurdag i slutten av oktober.

Sjølv delte eg debattinnlegget på Facebook og Twitter, slik eg gjerne gjer med innlegg frå UiS-tilsette, utan kommentarar, og utan å ta stilling til innhaldet. Denne gongen var temaet høgst relevant som opptakt til ein boksamtale med Hadia Tajik under KÅKÅnomics-festivalen seinare same dagen, og blei tagga i tråd med dette.

I etterkant fekk debattinnlegget enorm merksemd i nettaviser og sosiale medium. Normalt vil kommentatorane gjerne dele seg i to leirar i slike saker. Men i denne saka var det alle mot ein, med stygge metodar og retorikk langt under beltestaden. Nær sagt ingen stod opp offentleg og støtta Karoline Holmboe Høibo, korkje innhaldsmessig eller personleg. Under åtak frå alle hald stod ho oppreist i stormen, mellom anna på Dagsnytt 18. Synda hennar var å ha kommentert på iscenesettinga av ein ung, kvinneleg politikarar med innvandrarbakgrunn. Kvinne, innvandrar og utsjånad. Ein giftig cocktail, skulle det vise seg.

Sjølv fekk eg peppar for ikkje å ta avstand frå innlegget, både eksternt og internt – men ingenting som likna på den stormen Karoline Holmboe Høibo måtte tåle. Mitt svar var at eg ikkje legg meg opp i kva dei tilsette meinar. Dei som fortsatt tenker og trur at rektor skal stå inne for alle oppfatningar og meiningsytringar frå tilsette ikkje har forstått kva eit universitet er. Formidling og samfunnskontakt ein viktig del av universiteta sitt samfunnsoppdrag. Som institusjon skal me romme eit mangfald av meiningar, me skal bringe idear og kunnskap til debatt-torget, og gjerne med perspektiv og synsmåtar som kan opplyse, utfordre og utvide det offentlege ordskiftet. Men det var diverre sørgeleg få som las meldinga av Tajik sitt bokomslag med slike briller.

Det me ønsker er å stimulere både tilsette og studentar til kritisk refleksjon, deling og deltaking i offentleg debatt. Difor er eg glad og stolt over at tilsette ved Universitetet i Stavanger engasjerer seg. Mangfaldig, opplyst og høveleg meiningsbryting gjer verda betre. Difor håpar eg både Karoline Holmboe Høibo og andre tilsette ved UiS vil halde fram med å engasjere seg i aktuelle samfunnsspørsmål. Dette er heilt i tråd med vårt samfunnsoppdrag, motto og strategi. Desto meir smigrande er det at handteringa ved UiS av saka rundt Tajik sitt bokomslag er halden fram av Arbeidstilsynet som eit eksempel på god handtering av tilsette som møter hets og press mot ytringsretten.

Trugsmålet mot ytringsrommet er ikkje at det blir for stort. Snarare er risikoen at det blir for trongt, og at døra slår igjen. Difor burde me alle stå opp for ytringsfridommen, sjølv når folk me er ueinige med får offentleg juling. Slik Høyre-politikar John Peter Hernes gjorde for meg under debatten rundt oljeskatten.

Klimarealistene

Den neste saka eg vil nemne er frå i fjor haust. Då fekk eg ein invitasjon som gjorde at eg måtte tenke meg om. Det var frå dei såkalla Klimarealistene, som ville ha meg med på lanseringa av eit nytt tidsskrift. Det enklaste ville sjølvsagt ha vore å takke nei. Men så tenkte eg på kor høgt eg har halde fana for eit opent universitet. Og på Tomas Espedal.  Eg kom dermed til at eg ikkje kunne vike unna denne utfordringa, så stor vekt som eg har lagt på takhøgd, konstruktiv kritikk og verdien av mangfald i det offentlege ordskiftet. Så då takka eg altså ja.

Søndagen før arrangementet skulle gå av stabelen smalt det på Twitter, med brei og tung kritikk, frå menneske eg elles reknar som meiningsfeller og venar. Dei meinte at mi deltaking ved eit arrangement i regi av Klimarealistene ville legitimere klimaskeptiske og antivitskaplege haldningar. Samstundes fekk eg omfamningar frå folk eg normalt er rykande ueinig med. Dei tenkte kanskje at eg ville kaste glans over lanseringa og ønske det nye tidsskriftet velkomen.

Situasjonen var i høgaste grad ugrei. Dette biletet måtte eg snu, og difor kom eg til Klimarealistene med ein kritisk og tydeleg bodskap. Så snart det blei kjent kva eg hadde sagt, så blei det orden i rekkene igjen. Meiningsfellene kom tilbake i veneskaren, og dei som stort sett alltid har vore ueinige med meg tok opp att kritikken.

Ideen om eit opent universitet vog tungt for meg i avgjerda. I tillegg gjaldt det ei sak som ligg meg nær, som er strategisk viktig for Universitetet i Stavanger, og som har stor betyding for politikk og samfunnsutvikling i Noreg. Bak eit parallellvitskapleg slør, kan skepsis til klimaendringar nemleg legitimere ei vegring mot omstilling som mange kan la seg freista av. Dette fant eg det viktig å stå opp mot.

Det ante meg at arrangementet ville få stor merksemd. Og etter som møtet med Klimarealistene heller ikkje blei strøyma på nettet, så kom me til at det beste var om innlegget mitt kunne leggast på UiS sine heimesider. Så alle kunne sjå kva eg faktisk sa.

Mottakinga var overstrøymande. I løpet av den første veka hadde denne teksten 13 000 unike visningar frå UiS sin nettstad, som er ‘all time high’. Den aktuelle FB-oppdateringa frå UiS si side nådde 26 400 personar i løpet av den same veka, og det er årsbeste. Min eigen enkle tweet med lenke til taleteksten fekk 120 000 visningar, 7500 interaksjonar, 700 ‘likes’ og 130 delingar, som er ny rekord. Med god margin! Aftenposten, Dagbladet, Vårt Land og Dag og Tid ba om å få trykke talen min, som og fekk omtale på leiarplass i Dagens Næringsliv og i Dagsavisen, på kommentarplass i fleire riksdekkande aviser, samt i reportasjar på NRK, i dagspressa og i ymse nettmedium.

Med dette blei ein brysam invitasjon og ei kontroversiell møtetedeltaking snudd til ei stor og positiv mediesak for UiS sitt omdømme som opent universitet og som omstillingsuniversitet.

Internasjonalisering av akademia

Den siste saka eg vil nemne har høg aktualitet både for vårt universitet og for norsk akademia i vidare forstand. Bakgrunnen er ei aksellererande internasjonalisering av universitet og høgskular gjennom dei siste åra. Uroa av enkelte av implikasjonane av denne utviklinga, tok konflikt- og folkerettsforskar Cecilie Hellestveit ordet i stammetidsskriftet Khrono. Diverre drukna mykje av den viktige bodskapen i vel friske fråsegn om utanlandske forskarar som internasjonale karrierejegarar utan interesse for interaksjon med det norske samfunnet.

Akkurat dette falt naturleg nok mange tungt for brystet, og bidrog til å sende delar av debatten i grøfta før han hadde starta. For dei som kjente seg støtt blei ikkje saka betra av at Hellestveit blei kåra til årets namn i Akademia i fjor, for på spissformulert vis å ha stilt spørsmål ved auken i talet på utanlandske forskarar ved norske universitet og høgskular. «I denne debatten sto Hellestveit fram som en uredd forsker som med faglig tyngde og velbegrunnede argumenter forsvarte sine standpunkter, også når det stormet som verst og mest usaklig», heitar det i juryen si grunngjeving.

Dei som kjente seg krenka av Hellestveit sine formuleringar var i harnisk, Hellestveit og tilhengarane hennar blei skulda for framandfrykt, og ho blei utsett for fleire forsøk på kansellering. Rektor ved NMBU, amerikanske Curt Rice, uttalte at ho trengte vern mot seg sjølv, og ved Universitetet i Oslo gjorde ein forsøk på å ta frå ho undervisnings-oppgåver. Sjølv har eg fått kritikk både internt og eksternt for å ha gratulert Hellestveit med prisen, for ikkje å ha teke offentleg avstand frå synspunkta hennar, og for ikkje å ha vist medkjensle med internasjonalt tilsette i ein slik vanskeleg situasjon.

Det er kanskje ikkje så enkelt for internasjonalt tilsette å kjenne seg stigmatisert. Eg tenker likevel at me må ha tilstrekkeleg takhøgd til at slikt kan passere. Det eg synest er meir uheldig er at ein har brukt vel så mykje tid på å diskutere dei krenkande sidene ved Hellestveit sine formuleringar som å diskutere oppsider og utfordringar ved sjølve internasjonaliseringa av norsk akademia. Og det er det siste debatten burde handle om.

Ei rivande utvikling i internasjonaliseringa av akademisk verksemd har ført til at nær 1/3 av tilsette ved norske universitet og høgskular i dag har innvandrarbakgrunn. Ved UiS har andelen internasjonalt tilsette stige med nær ti prosentpoeng (frå 18 til 27 prosent) gjennom dei siste fem åra, og det absolutte talet på internasjonalt tilsette er nær dobla gjennom den same perioden (frå like under 300 i 2017 til nær 600 i år).

Internasjonaliseringa opnar ei rekke høve til deling, samarbeid, inspirasjon og forbetring – til beste for norsk akademia, det norske samfunnet – og for det internasjonale samfunnet i og utanfor akademia. Som eit lite land i verda bør ein samstundes være på vakt mot eventuelle utfordringar. Dei viktigaste av desse er truleg knytt til utviklinga av norsk som akademisk fagspråk, innretting av utdanning og undervisning, samt kommunikasjon og samfunnskontakt. Om dette må det gå an å ha ein offentleg samtale utan å bli skulda for framandfrykt.

Difor er eg stolt over at me ved UiS har teke initiativ til ei vidareføring av denne debatten her i Stavanger denne veka. På måndag hadde me eit arrangement på campus med stor deltaking, der eg møtte til innleiing og med eit panel av fem internasjonal tilsette. Og no i kveld, like etter dette, følgjer me opp med eit debattarrangement på Påfyll her i sentrum, med KÅKÅ Kverulantkatedralen og Khrono som medarrangør, og med sjølvaste Cecilie Hellestveit i panelet, saman med andre interessante paneldeltakarar. Med dette håpar eg me kan løfte debatten ut or grøfta og inn i eit meir konstruktivt og lærerikt spor.

Avrunding

Rektor ved eit universitet må sjåast som lagleiar for ein stor og variert akademisk fellesskap. Ikkje som ein offiser i Forsvaret, og heller ikkje som ein næringslivsleiar. Det er ikkje slik at mine syn i samfunnsdebatten utan vidare representerer UiS sitt syn. Det er berre i dei færraste spørsmål at UiS har eit sameina syn. Det er heller ikkje mi rolle å moderere den offentlege debatten, gjennom sensur eller offentleg påtale for meiningar som ikkje fell i smak. Eg kan ikkje legge meg opp i alt som blir meint korkje innafor eller utanfor universitetet.

At deltakinga i diskusjon og debatt frå tilsette og studentar ved UiS skal være klar, konsistent og einstemmig er uansett korkje eit mål eller eit ideal. Taktfast marsj ville tvert om vore eit faresignal. I opparbeiding av ny kunnskap er me tent med usemje, konstruktiv kritikk og høveleg meiningsbryting. Det er denne kulturen me er vane med frå forskinga. Det er denne bryninga mellom ulike argument og synspunkt  som presser tanken til ny erkjenning og ny innsikt. Og det er denne forma me vil bli kjente for også i omgangen med omverda.

Sjølv delar eg gjerne debattinnlegg frå kollegaar ved UiS på Facebook og Twitter, utan dermed å ta stilling til innhaldet – og utan å forplikte UiS til korkje det eine eller det andre synspunktet. Det har eg tenkt å halde fram med. Men etter eg delte debattinnlegget om Hadia Tajik sitt bokomslag må eg innrømme at sjølv eg no tenker meg om ein gong ekstra i omgangen med sosiale medium. Eg er slett ikkje overtydd om at ei slik vegring er av det gode.

Eit faresignal i dagens debattklima er at kulturen for konstruktiv kritikk er under stadige åtak. På mange område er takhøgda på veg ned, spesielt for dei som tek eit perspektiv som ikkje er politisk korrekt, eller som kan verke provoserande for bestemte interessegrupper. I denne samanhengen er det sider ved det norske debattklimaet som er urovekkande. Stadig oftare ser ein tendensar til polarisering, mistillit, gruppetenking, personåtak (shaming) og diskvalifisering (no-platforming) og kansellering. Desse utviklingstrekka utgjer trugsmål mot eit sunt debattklima, og er i ytste konsekvens ein fare for demokratiet.

Tenk om våre tilsette skulle la seg kneble av motstand, krenkingsretorikk og offermentalitet. Det ville øydelegge, ikkje berre for UiS, men for oss alle. Difor er det mitt håp at tilsette og studentar ved UiS vil halde fram med å engasjere seg i aktuelle samfunnsspørsmål. Dette er heilt i tråd med vårt samfunnsoppdrag, motto og strategi. Mangfaldig meiningsbryting gjer verda betre.

I dagens debattklima er det ei stor utfordring å mobilisere til engasjement. Ei sak er at tonen i samfunnsdebatten har blitt hardare. Men samstundes kan det sjå ut som om dei som deltek har blitt meir følsame. Stadig oftare ser ein at individ og grupper let seg forulempe og krenke. Twitter-toget valsar nådelaust over dei som ikkje blir definert som innafor. Faren med eit slikt debattklima er at terskelen for deltaking går opp, at engasjementet går tapt, og at scena blir overlaten til folk med sterk overtyding og svak underbygging. Kva ein slik debattkultur kan få å seie for ytringsrommet er difor noko me må diskutere utan stans.

Ideen om eit opent universitet er viktig, for UiS, for Stavanger-regionen, og for samfunnet for øvrig. Det kan dermed ikkje være noko ulempe at dette er ein ide eg og kan brenne for. For meg inneber dette at me skal dele raust av vår kunnskap, kompetanse og engasjement i møtet med store og mindre tema i samfunnsdebatten. Samstundes er siktemålet at tilsette og studentar skal følgje nyfikent og aktivt med på kva som rører seg utanfor universitetet. Berre slik kan me lykkast i vår aller viktigaste oppgåve, som er å tilpasse forsking, utdanning og innovasjonsverksemd for å møte dei store utfordringane me står overfor samfunnet.

Takk for at de høyrte på!