Klaus Mohn sitt innlegg under Klimarealistene si tidsskrift-lansering

UiS-rektor Klaus Mohn gjekk i rette med Klimarealistene i innlegget han heldt under lanseringa av Klimarealistene sitt nye tidsskrift.

Published Sist oppdatert

Konspirasjon mot klimaforskinga

av Klaus Mohn, rektor og professor, Universitetet i Stavanger

I rolla som leiar for eit mangfaldig akademisk kollegium er det av og til slik at ein kan lure på korleis ein skal posisjonere seg, kva ein skal gjere – og ikkje minst kva ein skal seie. Spesielt gjeld det om ein står mellom kryssande interesser og med press frå ulike hald. Sjølv om krava er klare om tydelege svar, er det ikkje alltid opplagt kva som er rett og galt, og heller ikkje kva som er beste utveg. Om dette fekk eg eit muntert råd ein gong, og det var: «Om ingenting anna verkar, prøv sanninga.» Så la meg difor berre seie det som det er.

Forakt for forsking

Sanninga er nemleg at det er med delte kjensler at eg stilte opp ved dette arrangementet. Invitasjonen gjorde at eg måtte tenke meg om, må eg innrømme. Meiningane rundt meg var delte, og eg har fått stor merksemd av mange slag for at eg valte å stille opp i eit møte i regi av Klimarealistene.

Eg forstår at folk har undra seg over at eg takka ja. For her handlar det ikkje berre om skepsis til menneskeskapte klimaendringar. Her står ein overfor ein organisasjon som i same slengen avviser seriøs akademisk forsking og rådande vitskapleg fundert kunnskap om utviklinga i klimaet på jorda. Og det skjer i tillegg med dårleg tilslørt forakt. For forsking som mellom anna står bak årets tildeling av Nobelprisen i fysikk til Syokuro Manabe og Klaus Hasselmann – for modellering av klimaet på jorda, kvantifisering av klimavariasjon og prediksjon av global oppvarming. Slik forsking er det altså som blir underkjent av Klimarealistene, i ein tone som er konspiratorisk, og med ein retorikk som er betre eigna til å provosere enn til å legge grunnlag for refleksjon, dialog og ettertanke.

Om ein alltid vil forargast i staden for å forsonast så blir det helst berre bråk. Dette er ikkje berre trist, men og farleg. For her står det om store og viktige spørsmål, som føreset både fotfeste og fatning.

For meg reiste denne førespurnaden difor eit dilemma. Var dette noko eg som rektor burde gje rom for, eller hadde eg gode nok grunnar til å avvise invitasjonen? Om eg hadde takka nei, var det vel nokon som hadde skulda meg for feigskap, scenenekt og innskrenking av ytringsrommet. Og når eg enda opp med å takke ja, så blei eg altså mistenkt for å gå god for både Klimarealistene og det nye tidsskriftet deira.

Likevel tvilte eg meg altså fram til at det beste måtte være å stille opp. Det er fleire grunnar til det. Ideen om eit opent universitet er viktig for meg. Han spring ut or ideal om akademisk fridom og ytringsfridom, som inneber aksept for eit mangfald av meiningar og eit mål om at kunnskap, erkjenning og innsikt blir skapt gjennom høveleg meiningsbryting, kritikk og debatt. Og så langt eg kan sjå, så ville akkurat dette arrangementet vore fritt for kritiske røyster om ikkje eg hadde stilt opp.

Klimarealistene stikk kjeppar i hjula og stiller seg på tvers av det meste av det me står for her ved Universitetet i Stavanger. Klimarealistene sitt tankegods kan legitimere ei vegring mot omstilling som mange kan la seg freista av. Så difor nytta tok eg høvet – til å seie tydeleg ifrå.

Grøn omstilling

Ved Universitetet i Stavanger brukte me eit heilt år på å etablere ein ny strategi mot 2030. Resultatet har brei og djup forankring, og reflekterer samstundes den opphavlege marsjordren frå styret: Grøn omstilling. Med dette som utgangspunkt skal UiS bidra til å omstille samfunnet gjennom forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, utdanning og innovasjon.

Til grunn for strategiprosessen låg grundige vurderingar, ikkje minst av dei store samfunnsutfordringane i verda rundt oss. I særklasse står tap av natur og global oppvarming. Her er forskinga så massiv – og resultata så godt underbygde – at dei som fortsatt måtte være skeptiske til menneskeskapte klimaendringar i sanning har bevisbøra på si side.

Uansett står klimautfordringa høgt på agendaen for politikk og samfunnsutvikling, og difor er ho og sentral i UiS sin strategi. Ikkje fordi alle svara er klinkande klare. Men fordi retninga er tilstrekkeleg tydeleg, med god margin. Og fordi risikoen er så stor – både for miljø og menneske – at me rett og slett ikkje kan ta oss råd til å sjå bort frå potensielle tap og skade ved fortsatt global oppvarming.

Samstundes tenker eg at takhøgda skal være stor, og at det beste for usemja er opplysning. Å sette tema under debatt, og gjerne i eit offentleg søkelys. Alternativet er scenenekt og utestenging, ekkokammer og konspirasjon. Ei slik utvikling vil avgrense ytringsrommet, sette den akademiske fridommen under press og legge band på den offentlege debatten.

Difor må ein aldri la dogmatismen fortrenge forvitenskapen. Difor må skylappane aldri få skygge for vidsyn og utforskartrong. Difor må den frie og uavhengige forskinga aldri vike plass for agendabasert kunnskapsproduksjon utan vitskapleg underbygging.

Agendabasert agitasjon

Og her kjem mi første innvending mot det nye tidsskriftet som no blir lansert. For det er vanskeleg å karakterisere utgjevaren som nyfiken, open og interessefri. Snarare enn å stille spørsmål er Klimarealistene ein organisasjon som allereie har svara klare.

Samstundes peikar ein på FN sitt klimapanel og samarbeidande forskarar som både politiske og dogmatiske. Og likevel svarar ein altså med akkurat same mynt: Det er sola som styrer klimaet! Punktum. Og så sikre er ein at ein like godt har sett statementet inn i logoen for organisasjonen.

Då er det i realiteten game over, og ein kan undrast kva poenget eigentleg er med å legge til rette for meir forsking på spørsmålet. Dette reiser viktige spørsmål rundt integritet og truverd til Klimarealistene som utgjevar av eit vitskapleg tidsskrift, og ikkje minst til tidsskriftet sjølv.

Målet for tidsskriftet skal visst nok være å skape ein uavhengig plattform for vitskapleg forsking. Men med Klimarealistene som utgjevar skurrar det noko alvorleg. For vertsorganisasjonen er alt anna enn uavhengig. Det første dei gjer merksam på er at dei «… representerer den klimarealistiske majoriteten i Norges befolkning.»

Vidare held ein fram at dette er ein organisasjon for dei som meinar at klimaet blir dominert av naturlege variasjonar. Her understrekar ein vidare at ein ikkje er einig med FNs klimapanel, når dei påstår at utslepp av CO2 endrar klimaet dramatisk. Korleis dette kan sameinast med ideen om uavhengigheit og integritet er ei gåte. Agitasjon har ingen plass i akademisk tradisjon. Bindinga til interesseorganisasjonen

Klimarealistene blir elles tydeleg når ein ser at redaksjonsrådet for tidsskriftet spring direkte ut av det vitskaplege rådet for organisasjonen. Dette vitskaplege rådet består av 28 menn og to kvinner og gjennomsnittsalderen er høg. Her slepp eg ikkje unna inntrykket av at dette er ein organisasjon som er tettare knytt til fortida enn til framtida.

Redaksjonen er svakt rusta

Eg googla elles redaktøren Geir Hasnes for å sjekke akademisk bakgrunn, CV og forskingserfaring. For å finne ut kva som har rusta han til rolla som redaktør for eit vitskapleg tidsskrift, rett og slett.

Ikkje uventa dukka det opp ein del kritiske debattinnlegg rundt klimakrise, klimapolitikk og FN sitt klimapanel, med retorikk og språkføring som høvar seg dårleg for ein som ber om truverd som vitskapleg forskar: «FNs bærekraftsmål – den ultimate stupiditet», heiter det til dømes i tittelen til eit debattinnlegg på nettstaden Resett.no, og eit anna innlegg har tittelen «Det «grønne skiftet» kan bare skje ved å myrde alle menneskene i verden.»

Meir uroa blei eg likevel over fleire nyare debatt-innlegg – igjen på nettstaden Resett.no - med spekulasjonar om valfusk i presidentvalet i USA førre året. Engasjement for konspirasjonsteoriar er ikkje den aller beste ballast for redaktøren av eit vitskapleg forskingstidsskrift, tenker nok eg. Her skulle eg heller sett teikn på fordomsfri forvitenskap og balansert refleksjon.

Det største problemet er likevel at eg ikkje finn spor av ein forskingsagenda frå redaktøren si side, inga oversikt over vitskapleg publisering og/eller teikn til erfaring med tidlegare arbeid knytt til vitskaplege tidsskrift. Spørsmålet om vitskapleg kompetanse og forskingsmessige kvalifikasjonar står dermed utan svar.

Frå redaktøren si innleiing til det nye tidsskriftet heiter det elles:

“… scientific journals all over the world have been directed not to publish articles that do not suit their political rulers and their elite. Climate change has become a key phrase for creating fear in the public; consequently, science showing that we do not have to fear climate change has no place in the scientific institutions supported by the State.”

De får ha meg unnskyldt, men igjen luktar dette konspirasjonsteori. Med slikt lykkast redaktøren verkeleg ikkje å sette ein tillitvekkande tone, og legg dermed heller ikkje opp til ein open, fordomsfri og uavhengig invitasjon til publisering av vitskaplege forskingsresultat.

Møter ikkje krava

Ein nøkkelfaktor i produksjonen av forskingsbasert kunnskap er kritisk diskusjon i akademiske kollegium. For publisering i vitskaplege tidsskrift kjem denne mekanismen til uttrykk gjennom fagfellevurderinga. Det nye tidsskriftet har ei ordning for fagfellevurdering, men ordninga verkar noko uklår og ikkje overtydande. Det er nemleg redaksjonsrådet som skal finne fagfeller til vurderingane, og redaksjonsrådet er utgått frå Klimarealistene sitt vitskaplege råd.

Så langt er det brukt ein reviewer til kvar artikkel. Vitskaplege tidsskrift av ein viss standard vil normalt nytte meir enn ein reviewar i fagfellevurderinga, og ein legg elles stor vekt på at reviewarane ikkje har bindingar eller interesser, korkje til forfattaren eller til utgjevaren.

Alt i alt må nok denne lesaren difor konkludere med at Science of Climate Change ikkje møter standardkrav til vitskaplege tidsskrift. Det minner meir om eit medlemstidsskrift for ein interesseorganisasjon, eller ei «fanzine for pseudovitenskap», som ein skreiv på Twitter her om dagen.

Om de vil ha mine råd på vegen vidare, ser eg to mulige retningar:

  1. Definer tidsskriftet som eit medlemsskrift, legg bort dei vitskaplege pretensjonane og ikkje lat som tidsskriftet er noko meir enn det er.
  2. Legg ned tidsskriftet, og råd alle innsendarar til å søke publisering i etablerte og velrenommerte publiseringskanalar i staden.

Om ein ikkje når gjennom med arbeida sine i tradisjonelle vitskaplege forskingstidsskrift, så er den mest sannsynlege forklaringa at forskinga ikkje held mål.

Takk for at de høyrte på!