Korleis skal akademia møte generasjon Z?

Rektor Klaus Mohn sin tale under Nasjonalt studieveilederseminar 2023.

Published Sist oppdatert

 Studenter på campus.

Tale av Klaus Mohn, rektor og professor ved Universitetet i Stavanger, under Nasjonalt studieveilederseminar, Stavanger, 25. oktober 2023.

God morgon, alle saman – og velkomen til Stavanger!

«Han såg ikkje ut som student. Han var ikkje student. Han var ein forkledd bonde.»

Saknet blant studentar etter tryggleik og tilhøyrsel er alt anna enn eit nytt fenomen. Allereie for 140 år sidan skreiv Arne Garborg om Daniel Braut si manglande tru på seg sjølv og evna til å lukkast som student i «Bondestudentar». Her er ei bok mange i generasjon Z og kan kjenne seg igjen i, når kjensla av sjølvtillit ebbar etter som utfordringane tårnar seg opp.

Heilt enkelt å være student har det aldri vore. Og slik skal det kanskje heller ikkje være. For i høgare utdanning er det jo nærmast eit hovudpoeng at ein skal utvikle sjølvstende i møte med utfordringar og vekse mot større oppgåver.

Inspirert av den tyske filosofen Hannah Arendt, meiner den amerikanske filosofiprofessoren Elizabeth Minnich at det er overveldande viktig å legge til rette for eit utdanningssystem som stimulerer studentane til å grunne, ikkje berre over det dei lærer, men og over eigne tankesett og åtferd. Berre slik kan ein løfte utdanning til noko meir enn opplæring.

Sjølv ønsker eg meg studentar som er evig nyfikne, skamlaust engasjerte og svoltne på kunnskap og forståing. Som ikkje er drivne av eit tankelaust jag mot vinning, men av eit reflekterande søk mot meining. Som har mot til å seie frå når keisaren er utan klede.

Dette er i sanning ikkje enkelt. Me legg lista høgt, og dermed er det kanskje ikkje så merkeleg at studentane, spesielt i tunge stunder, kan finne tilværet og forventningane dei møter som uoverkomelege.

                                                                   –

Kvar generasjon er samstundes prega av tida dei veks opp i. Med større eller mindre medvit blir ein forma av utviklinga i samfunnet rundt seg, og ikkje minst av hendingar i eige liv. Difor vil kvar generasjon representere noko anna enn studentane før dei.

Generasjon Z, som no er på veg inn i universiteta, er til dømes prega av den digitale revolusjonen. Blant dei yngste studentane våre har digitale og sosiale medium blitt dominerande for den sosiale omgangen. Store delar av tida deira skjer online, og mange av dei kjenner tilvære slik det fortoner seg gjennom ein skjerm. Ein verknad av dette er at mange av dei til dømes kan finne det særs vanskeleg å bruke telefonen til å ringe og snakke med folk dei ikkje kjenner. «Ringing er siste utveg», sa vgs-elevar i ein reportasje i Stavanger Aftenblad nyleg.  

Medan samkvem og kommunikasjon før i tida var knytt til tid og rom, er det no meir opp til individet, om ein skal tru forskar i medievitskap her ved UiS, Luise Salte, i den same reportasjen. Generasjon Z handlar på sett og vis meir om den einskilde, og individet sine rettar.

Mange av våre yngste studentar har uansett fått ein annan oppvekst ein tidlegare generasjonar. Ein oppvekst der dei i større grad har vore midtpunktet i eige liv enn det som var vanleg tidlegare. Onde tunger omtaler denne samfunnsutviklinga som eit steg i retning individuell og kollektiv narsissisme.

Men det å vere meir medviten på seg sjølve er ikkje med naudsyn av det vonde. I møtet med eit arbeidsliv og eit samfunn som er i stadig endring kan det faktisk være ein fordel at ein passar betre på seg sjølv, og spesielt om ein samstundes er tilpassingsdyktig.

                                                              –

I møte med denne utviklinga i menneskenatur og samfunnsstruktur er det altså at me må lykkast i å utvikle eit utdanningstilbod som gir best muleg danning og nytte. I omgjevnadar og arbeidsmarknad i stadig omvelting må og skal me by på utdanningar som svarar på samfunnet sine behov. Sjølv tenker eg då at fleksibilitet er eit nøkkelord. Dette gjeld sjølvsagt i utforminga av studieprogramma. Men me må og bli flinkare til å vise korleis og til kva ein kan bruke ulike utdanningar og korleis ein kan kombinere utdanningar.

Det er og fleire enn før som i dag tenker på korleis dei kan skape sin eigen arbeidsplass, som frilansar eller sjølvstendig næringsdrivande. Samstundes er det fortsatt mange nok som går for eit tryggare tilvære og ei sikker inntekt. Då er det kanskje eit poeng at ein sjølv i slike yrke må være betre budd på endring enn tidlegare.  

Men samstundes som både studentane og me skal være tilpassingsdyktige, må me halde fram med å stille krav. Minne dei om at ingenting kjem av seg sjølv. Utvikle evner til kritikk og sjølvrefleksjon. Viss ikkje vil me svikte vår oppgåve, og gjere dei unge og samfunnet ein bjørneteneste.

                                                          –

Det er lenge sidan 1883 og Daniel Braut si tid. I dag veit me meir, om korleis livssituasjon, erfaringar og utfordringar pregar menneske, og evna og viljen er større til å gjere noko med det.

Kor mykje betre studentane har det er likevel eit opent spørsmål. Økonomi og velstandsnivå er mangedobla. Men likevel er misnøyen utbreidd. Vilkåra for helsehjelp, velferd og gode liv er og mykje betre. Likevel er det fleire som opplever vanskar, av sosial og psykisk karakter.  

                                                        –

Eit sentralt spørsmål i denne samanheng er om me skal finne løysingar på alle utfordringane studentane møter. Eller om me skal gje hjelp og støtte til å leve med utfordringar, og sette dei i stand til å finne løysingar på eiga hand.

I media kan me lese om studentar som ikkje klarar å slappe av fordi dei er konstant uroa for økonomien og at mange prioriterer jobb framfor studiar for å få det til å gå rundt. I dag arbeider nesten ni av ti studentar  ved sidan av studiene. Den enklaste løysinga er å gje dei meir pengar. Men eg er ikkje overtydd om at dette er den beste løysinga.

Samstundes syner ei fersk kartlegging frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse at den delen av unge i alderen 15–25 år som planlegg å ta høgare utdanning har gått ned med 7 prosentpoeng dei siste to åra. Halvparten av dei spurte synest det er vanskeleg å forstå kva jobbar dei kan få med ulike utdanningar. I tillegg synest meir enn halvparten det er vanskeleg å velje rett utdanning.

                                                            –

Det er lett å kjenne seg igjen i slike problemstillingar. Sjølv visste eg ikkje heilt kva eg ville etter vidaregåande. Då blei det engelsk grunnfag ved det som i dag er UiS. Som 19-åring kjente eg meg truleg like bortkomen som Daniel Braut og studentane i dag. Men eg beit meg fast i pensumbøkene, og etter enkelte skrekkinngytande opplevingar som førstereisstudent, forstod eg stadig meir av kva som var forventa av meg. Så fant eg passande vanar og rutiner, og då gikk det seg gradvis til. Førsteåret som student blei dermed i all hovudsak ei positiv oppleving.

Så forma tanken seg om å gå for samfunnsøkonomi. Men den gongen kunne ein ta eit par grunnfag før ein valde fordjuping. Dermed blei det historie grunnfag på meg, igjen her i Stavanger. Og dermed hadde eg to årsstudium utan studielån. Men så fôr eg til Bergen, og studiar i samfunnsøkonomi ved UiB og Norges handelshøyskole, avbrutt av utvekslingsopphald i Mannheim i Tyskland.

Som de skjønar er jobben de gjer med å gje råd til studiesøkarar og studentar viktig. Og det er til dykk dei kjem, for å snakke om studieval, omval, trivsel og studiemeistring. De gjer òg råd om studieteknikk, og roar med at sjølv om ein kjem skeivt ut frå hoppkanten treng løpet på langt nær vere køyrt. For ein kan ende opp som nobelprisvinnar i kjemi sjølv om ein stryk på første eksamen i faget.

                                                            –

De skal vite at de gjer ein særs viktig innsats, sjølvsagt for studentane som de rådgjer. Men òg for samfunnet. For på same måte som studentane gjer ein innsats for samfunnet ved å leggje ned tid og ressursar på å ta ein utdanning, gjer de med ein innsats Norge er heilt avhengig av.

Lukke til med seminaret!