Kven skaut William Nygaard?

Torsdag 18. januar 2024 kl. 12:15-13:15,
Universitetsbiblioteket, campus Ullandhaug.

I 1993 blei William Nygaard skoten utanfor heimen sin i Oslo. I dag, over tretti år seinare, veit vi framleis ikkje kven som skaut.

Publisert Sist oppdatert

Banner til arrangement om odd usungset

Attentatet blei kopla til Salman Rushdie, den britiske forfattaren som har levd med strenge tryggleikstiltak sidan Irans leiar i 1989 utlyste ein fatwa mot han. Nygaard var på denne tida redaktør for Aschehough som gav ut boka som utløyste fatwaen mot Rushdie.

Kva er grunnen til at denne saka enda ikkje er oppklart? Kvifor greier ikkje norsk politi å løyse saka? Er det frykta for å legge seg ut med Iran som gjer at denne kriminalsaka framleis ikkje har fått ei løysing? Desse spørsmåla undersøker gravejournalist Odd Isungset i boka «Blodspora i Dagaliveien».

Isungset har jobba med denne saka frå dag ein og er klar på at dette ikkje er ei vanleg kriminalsak utført av ein soloterrorist. Han meiner at vi har med statsterrorime å gjere, og at dette er ei viktig sak for demokrati og ytringsfridom, som også har ei direkte kopling til Stavanger.

Isungset har vore redaktør i Brennpunkt, Dokument 2 og fått Den store journalistprisen, Fritt Ords honnørpris og SKUP-diplom for sitt arbeid med Nygaard-saka. Det er i stor grad Isungsets gravearbeid som leia til at saka vart gjenopna i 2009.

18. januar kl 12.15 kjem Isungset til Universitetsbiblioteket for å halde foredrag om saka. Velkommen!

Valgdebatt: Norge inn i EU?

Man. 25.08.2025

11:15-12:30

Universitetsbiblioteket, Campus Ullandhaug

Frå Sør-Afrika til Noreg på sykkel

Ons. 27.08.2025

11:15-12:15

Universitetsbiblioteket, Campus Ullandhaug

Valgdebatt: Økonomi for Gen Z

Man. 01.09.2025

11:15-12:30

Universitetsbiblioteket, Campus Ullandhaug

Pitch-a-friend: sjekkeshow på campus

Ons. 03.09.2025

19:00-21:00

Tappetårnet
SiS studenthus

Boklansering: Kvinner og makt i sagalitteraturen

Man. 08.09.2025

13:15-14:15

Universitetsbiblioteket, Campus Ullandhaug