Læring for livet – og for arbeidslivet

Arbeidslivsrelevans er høgaktuelt, og nyt stor merksemd frå alle hald. Frå studentar, frå tilsette, frå oss i leiinga, og ikkje minst frå styresmaktene. Ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt er trass alt å ruste unge menneske for eit utkomme i arbeidsmarknaden. At livet er større enn arbeidslivet skal me likevel ikkje tape av syne. Det skal eg kome litt tilbake til.

Published Sist oppdatert

Klaus Mohn, rektor Universitetet i Stavanger

Innleiing av rektor og professor Klaus Mohn på SV-fakultetet sin fagdag, 17. februar 2022.

Arbeidslivsrelevans er knytt til ein tung langsiktig trend i høgare utdanning i Noreg. For 30 år sidan valte om lag 20 prosent av 19-åringane å halde fram med høgare utdanning. I dag er andelen nærmare 40 prosent. Desse tala reiser ei rekke spørsmål, som eg håpar at samfunnsvitarar og andre vil forske på, og som me alle kan grunne på og diskutere. For oss som universitet er det uansett slik at me ikkje kan forholde oss likegyldig til ei slik utvikling.

Høgare utdanning er ikkje lenger for dei få. Utdanningar som tidlegare var tilpassa eit lite utval av folkesetnaden passar ikkje utan vidare for større masser. Det er grenser for kor mange sprenglærde intellektuelle og teoretikarar arbeidslivet er i stand til å svelge unna. Spesielt gjeld dette i ei tid der endringar skjer raskt og krava er høge – til relevans, nytte, verdiskaping og omstilling.

Utdanning, ikkje opplæring

Samstundes er det viktig å ikkje la seg rive fullstendig med. Universiteta må halde på sin eigenart. Me skal tilby oppøving i kritisk refleksjon, over det dei ser og det dei høyrer. Me skal stimulere studentane til å grunne, ikkje berre over det dei lærer, men og over eigne tankesett og åtferd. Berre slik kan ein løfte utdanning frå opplæring for arbeidslivet til «Læring for livet».

Strategien for UiS mot 2030 reflekterer denne avveginga på eit godt vis. Med «Læring for livet» som ei av tre faglege temasatsingar er målet vårt å vere banebrytande på utdanningsfeltet. Det skal me legge til rette for gjennom utforsking og etablering av nye måtar å samhandle på, nasjonalt og internasjonalt. Me skal førebu menneske til eit samfunn i stadig endring, og tilby relevant utdanning for alle fasar av livet, noko som omfattar kunnskap om danning, demokrati og kultur- og historieforståing.

Eit opent universitet

Arbeidslivsrelevans er også tett kopla til vårt mål om å legge til rette for eit opent universitet. På våre kantar har me lang tradisjon for tett kontakt med omverda. For å vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og for endringsprosessar i samfunnet, må studentar og tilsette ved UiS vere i kontinuerleg samspel med samfunnet rundt oss. Men dette skal ikkje være til hinder for ubundne søk etter ny kunnskap. I tida som kjem skal me legge til rette for endå fleire levande møteplassar for kritisk refleksjon, kunnskapsdeling og danning. Til dømes tek me to debattar til veka – om internasjonalisering av akademia.

Universitet og integritet

Nettverk og samarbeid med omverda fell naturleg for mange forskingsmiljø ved UiS, med mange gamle og nye eksempel frå nettopp SV-fakultetet. For UiS ønsker eg at me skal vere opne og utforskande, nysgjerrige og nyskapande. Mot til å vere usamd må gå hand i hand med respekten for kvarandre, internt og eksternt. I møtet med ulike interesser må ein samstundes våge å sette grenser. I motsett fall står integriteten på spel, ein risikerer å tape tillit og truverd, og i ytste konsekvens kan den akademiske fridommen bli utfordra.

Her ved SV-fakultetet står de på sett og vis midt i dette spenningsfeltet. På den eine sida forvaltar de ein sterk akademisk tradisjon, med sterk vekt på kritisk refleksjon og ibuande skepsis til alle typar særinteresser, og kanskje spesielt til næringslivet. På nasjonalt nivå er det samstundes ei utfordring at det er akkurat innan ‘samfunnsvitskap, journalistikk og informasjon’ at studentane seier seg minst nøgd med korleis studieprogrammet førebur dei på arbeidslivet.

Betre utdanningskvalitet

For studentane er det nokså opplagt at relevant praksis og nærleik til arbeidslivet kan vere attraktivt og verdifullt. Likevel må ein spørje korleis ei eventuell utplassering kan gi gevinstar for studentane sitt utbytte av sjølve utdanninga. Medan samhandling med arbeidslivet er eit verkemiddel, er det overordna målet å legge til rette for stadig betre kvalitet i utdanningane våre. Ved universitetet er det spesielt viktig å sikre studentane det dei ikkje kan få andre stadar, nemleg grunnlag for kritisk tenking, kjelder til refleksjon, og evner til å gjere gode val for seg sjølv og andre gjennom eit langt liv.

Eg er glad for at SV-fakultetet tek denne utfordringa på alvor. Her er de gode på samhandling med offentlege og private verksemder gjennom for eksempel praksis i statsvitskap, sosiologi og det nye årsstudiet i kommunikasjon. Og frå før har fakultetet lange tradisjonar med arbeidslivskontakt og praksisorienterte studieprogram – til dømes i journalistikk, barnevern og sosialt arbeid.

Med eit mål om å løfte kvaliteten i kjerneverksemdene våre, ser eg stadig nye eksempel på nye former for samarbeid og samhandling. Slik tek de vare på dei viktigaste av universitetet sine perspektiv og tankesett, samstundes som de førebur studentane for livet – og for arbeidslivet.