Rektors tale til studentane ved semesterstart 2023

Rektor Klaus Mohn ønska studentane velkommen til eit nytt studieår under opningsseremonien i Fadderteltet på Campus Ullandhaug. Les talen her.

Published Sist oppdatert

Rektor Klaus Mohn taler på semesteråpningen i fadderteltet 2023

Kjære studentar,

Veldig fint å sjå dykk! Velkomne skal de vere, alle som ein – til UiS og universitetsfellesskapen!

A warm welcome to our international students. Our campus is a community, with 2,000 employees and 12,000 students. Inspired by curiosity, competence, and companionship, our hope is that you will thrive and grow during your years with us.

Semesteropninga i august er eit høgdepunkt og ei høgtid for alle her ved UiS. I dag tek me imot nye studentar frå fjern og nær, som alle får Universitetet i Stavanger som ein arena for ei ny fase i livet. Veldig inspirerande – og spanande for oss alle!

Mange av dykk er født i 2004, same året me blei universitet. Som 19-åringar flest likar me å tenke at me er litt modigare, litt meir risikovillige enn institusjonar som er eldre enn oss sjølv. Kanskje er det slik for deg og. Eg håpar vel eigentleg det. Som UiS-student skal du uansett ha store forventningar, til oss – og til deg sjølv.

Hos oss skal du få ei utdanning basert på det ferskaste og framste innan forsking. Med faktakunnskap og vitskap skal me gjere vårt for å ruste deg for arbeidslivet, men og for livet.

Kor bra det går avheng i stor grad av deg sjølv. Du har ansvaret for din eigen suksess, og det er du som må arbeide hardt – og reflektere rundt ulike tema i studieprogrammet ditt, i godt samarbeid med faglærarar og medstudentar.

Ved universitetet vårt kan me alle meine kva me vil, og takhøgda er stor. Samstundes skal ein tole å bli konfrontert, så lenge det blir gjort med respekt. Berre slik kan me sikre sivilisert meiningsbryting, som er ei viktig kjelde til erkjenning og innsikt.

Klimaendringane er ei utfordring som vil prege oss alle i stadig større grad. Det blir truleg berre meir ekstremvær, og kanskje til og med naturkatastrofar, slik vi har sett ved fleire høve no i sommar. Difor hastar det med å finne løysingar.  

UiS satsar stort på grøn omstilling og legg til rette for grøne val. Her kjem det godt med med ungdommeleg kreativitet, vilje og pågangsmot. Eg håpar du vil engasjere deg. Ved å ruste deg for eit arbeidsliv i omstilling kan du være med og vise veg, for ei grønare framtid.

Studietida er så mykje meir enn sjølve studiane! Finn ekstra energi og motivasjon til lesesalen ved å være sosial, få vener, ha det gøy, engasjer deg! Då kan studietida by på gode minne – og vener – for livet. 

Utfordre det velkjente. Utforske det ukjente. Vårt felles motto kan forhåpentligvis inspirere også deg i tilværet som student. 

Velkommen som student ved Universitetet i Stavanger, og lukke til med studentlivet!