Hopp til hovedinnhold

Skal sjå på utviklinga av norske reisemål

I eit utval nedsett av regjeringa, som skal gi råd om reisemålsutvikling og besøksforvaltning i norske kommunar, sit Truls Eric Johan Engström, førsteamanuensis ved Norsk hotellhøgskole.

Publisert: Endret:

Truls Eric Johan Engström, førsteamanuensis ved Norsk hotellhøgskole. Foto: Elisabeth Tønnessen.

– Dette er veldig spennande og interessant. Eg føler meg privilegert over å bli spurt, det er et viktig prosjekt for reiselivet, seier Engström.

– Viktig med felles retningsliner

Ifølgje regjeringa si pressemelding skal utvalet blant anna vurdere om reisemåla har nødvendig handlingsrom til å handtere lokale utfordringar og utnytte potensielle moglegheiter knytt til reiseliv.

Engström tykkjer det er viktig med eit utval som kan einast om ein felles strategi for korleis ein kan forvalte ressursar samstundes som ein skapar verdiar for Noreg.

– Reiselivet bruker mange felles ressurser, natur og byrom i våre produkter. Difor er det viktig å ha nokon felles moment me kan einast om, seier han.

Medlemar med ulike perspektiv

Dei resterande medlemane i utvalet er:

NamnTittelBustad
Trine Skei Grande (leder)StortingsrepresentantOslo
Gro SvarstadDagleg leiarTrysil
Kari Aina EikGeneralsekretærÅlesund
Kirsten Indgjerd VærdalDirektørInderøy
Ann Heidi HansenProsjektleiarBodø
Trond ØveråsAdm. direktørTromsø
Marit VorkinnSeniorrådgjevarØyer
Preben FalckDagleg leiarStavanger
Richard GrovHotelldirektørLoen
Rolf RøtnesFagdirektørNordre Follo
Truls Eric Johan EngströmFørsteamanuensisStavanger



Engström meiner det er ei brei og spennande gruppe med gode moglegheiter for fleire nyttige perspektiv.

– Eg tenkjer at me kan komme fram til ein rettleiar om korleis reiselivet skal utviklast, og at me får belyst det frå så mange sider som mogleg. Det er viktig å få fakta på bordet slik at ein kan ta avgjersler, seier han.

Tekst: Live Kolstad Kvalsvik