Strategi 2030 for Universitetet i Stavanger

Vi skal vere eit ope og innovativt universitet med høg kvalitet i utdanning, forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid. Den felles retninga vår skal vere prega av ansvaret for berekraftig omstilling. Vi skal vere kjenneteikna av høg trivsel blant studentar og tilsette. Energi, helse og velferd, og læring for livet er satsingsområda våre.

Published Sist oppdatert
Modell av strategien til UiS fram mot 2030
Illustrasjonen viser våre strategiske satsingsområder energi, helse og velferd og læring for livet, saman med grøn omstilling og et ope universitet.

Strategi 2030 for Universitetet i Stavanger (UiS) er gjeldande frå 1. januar 2021.

Samfunnsoppdrag

Samfunnsoppdraget vårt er høgare utdanning, forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid, formidling og innovasjon. Dette oppdraget har vi konkretisert og gjort til mottoet vårt:

Vi vil utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Universitetet i Stavanger
Bølge på åpent hav

Visjon: drivkraft i kunnskapsutvikling og endring

Universitetet i Stavanger skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet.

Profil: eit innovativt universitet

Vi er relevante og synlege gjennom å utfordre, utforske og utvikle samfunnet. Tilsette og studentar skal samhandle tett med omgjevnadene i ein internasjonalt retta og innovativ region. Vi har eit regionalt, nasjonalt og globalt blikk i dei faglege aktivitetane og har internasjonalt orienterte medarbeidarar og studentar. UiS vil prioritere studentaktiv og innovativ læring, undervisingskvalitet og innovasjons- og entreprenørskapsaktivitetar. Vi skal ha framtidsretta utdanningar og kritisk og uavhengig forsking av høg internasjonal kvalitet der idear blir omsette til verdiskaping for individ og samfunn.

Verdiar: uavhengig, involverande og skapande

Verdigrunnlaget er styrande for åtferda vår i møte med studentar, tilsette og samfunnet. Det gjev oss retning for korleis vi skal nå visjonen og måla våre som universitet. Universitetet i Stavanger er:

Uavhengig

Studentar og tilsette skal vere i kontinuerleg samspel med samfunnet, samstundes som vi driv uavhengig kritisk søken etter ny kunnskap. Som institusjon bygd på demokratiske og humanistiske verdiar vernar vi om akademisk fridom og den uavhengige forskinga, og fremjar ideal som ytringsfridom, integritet og likeverd. Gjennom kritisk refleksjon og tydeleg kommunikasjon skal tilsette og studentar setje dagsorden for viktige saker og vere aktive deltakarar i fag- og samfunnsdebatten.

Involverande

Vi verdset eit ope samfunn, og skal involvere studentar og samfunnet i den akademiske fellesskapen. Vi deler kunnskapen og kompetansen vår. Ved involvering får avgjerdene eit vidare kunnskapsgrunnlag. Respekt for at vi alle er ulike og har ulik bakgrunn gjev vilkår for sosial og fagleg deltaking. Universell utforming skal prege studia våre og det fysiske og digitale læringsmiljøet. I læringsmiljøet vårt ser vi på mangfald som ressurs.

Skapande

Vi vil flytte grenser for kunnskap og ferdigheiter. Kreativitet og skapande aktivitet skal kjenneteikne den vitskaplege, kunstnariske og administrative verksemda vår. Vi skal fremje bruk av ny kunnskap og kloke avgjerder i samfunns- og arbeidsliv. Vi skal gje grobotn for livskraft, gode levevilkår og berekraftig utvikling. Studia skal vere danningsreiser som dyrkar fram kritisk tenking og reflekterte livsval for den enkelte.

Strategiske ambisjonar fram mot 2030

Grøn omstilling

UiS skal bidra til å omstille samfunnet gjennom forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, utdanning og innovasjon.

Jærstrand sett frå lufta

Vi skal bidra til å løyse dei store samfunnsutfordringane i vår tid, og vil legge til rette for ei meir berekraftig samfunnsutvikling og nye måtar å forvalte ressursar på.

Vi skal

  • samarbeide med offentleg sektor og næringsliv for omstilling av arbeidslivet og utvikling av nye næringar, og legge grunnlag for eit meir berekraftig og mangfaldig samfunn.
  • prioritere forsking som er direkte knytt til berekraftig utvikling, og satse på tverrfagleg forskingssamarbeid som bidreg til grøn omstilling i samfunnet.
  • integrere mål om berekraft i utdanningane våre. Kunnskap om berekraftig utvikling skal byggje på tverrfagleg samhandling, med mål om viktig omstillingskompetanse for kandidatane våre.
  • vere ein uavhengig brubyggjar mellom ulike aktørar i samfunnet. Vi skal fremje kunnskapsdeling og kritisk, konstruktiv debatt for å bidra til ei raskare og meir rettferdig omstilling.

Strategiske ambisjonar fram mot 2030

Energi

UiS skal ha ein leiande posisjon innan forsking, utdanning og innovasjon på energifeltet. Kompetansen vår innan teknologi, økonomi og samfunnsforståing skal møte omstillingsbehov i energiforsyninga.

Vindmøller sett frå lufta gjennom skylag

Vi skal vidareutvikle den særeigne kompetansen vår gjennom heilskapleg og tverrfagleg kunnskapsproduksjon innan energiforsking og -utdanning.

Vi skal

  • bygge kunnskap og kompetanse som kan stimulere til raskare omstilling av energiforsyninga globalt til meir berekraftige energiløysingar.
  • utvikle ein breiare energiprofil med tverrfaglege perspektiv for å identifisere og løyse dei samansette energiutfordringane verda står overfor.
  • vere ein pådrivar for innovasjon og verdiskaping på energiområdet og vere ein attraktiv samarbeidspartnar for samfunns- og arbeidsliv.
Strategiske ambisjonar fram mot 2030

Helse og velferd

UiS skal vere eit leiande universitet for utvikling av framtidas helse- og velferdstenester gjennom innovasjon og tverrfagleg samarbeid.

Tre helsearbeidarar ved operasjonsbordet.

UiS skal tilby framifrå utdanningar innan helse og medisin, eksellent forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid og samarbeid som fremmar livskvalitet og velferd gjennom heile livsløpet. Vi skal bidra til betre helse- og velferdstenester.

Vi skal

  • bygge kunnskap som støttar opp om velferdssamfunnet for framtida, og bidreg til god folkehelse gjennom brei satsing på helse- og velferdsforsking.
  • bidra til utvikling av tverrfagleg kompetanse som kan møte utfordringane knytte til ressursknappleik og auka behov for helse- og velferdstenester.
  • utvikle teknologi og nye metodar for å bidra til eit framtidsretta og berekraftig helsevesen. Samhandling, tryggleik og simulering i undervising skal vere viktige element i helsesatsinga vår.
Strategiske ambisjonar fram mot 2030

Læring for livet

UiS skal vere banebrytande på utdanningsfeltet gjennom å utforske og etablere nye måtar å samhandle på, nasjonalt og internasjonalt.

Stavanger sett frå lufta ved innseglinga og bybroa

UiS skal utvikle ny kunnskap om læring og læringsmiljø til barn og unge. Gjennom kandidatane våre og partnarskap med praksisfeltet skal vi bidra til betre kvalitet i barnehagar og skular. Vi skal førebu menneske til eit samfunn i stadig endring, og tilby relevant utdanning for alle fasar av livet, noko som omfattar kunnskap om danning, demokrati og kultur- og historieforståing.

Vi skal

  • gjere det norske utdanningssystemet betre gjennom forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, utdanning og samarbeid med styresmakter og praksisfelt.
  • bli kjente for fleksible og ettertrakta utdanningar og inngå i nasjonale og internasjonale partnarskap for å sikre relevans for arbeids- og samfunnsliv.
  • stimulere til kunstnarisk utviklingsarbeid og bidra til kreative og skapande prosessar isamfunnet gjennom innovasjon i grensesnittet kunst, kultur og samfunn.
Strategiske ambisjonar fram mot 2030

Eit ope universitet

UiS skal vere samarbeidsorientert, raust og inkluderande, og legge til rette for levande møteplassar for kritisk refleksjon, kunnskapsdeling og danning.

Campus Ullandhaug ved campusdraget og grøne plenar

UiS skal vere eit treffpunkt for tankekraft, der barrierane er brotne ned mellom ulike fagmiljø og mot verda rundt oss. Vi skal vere kulturberar og kulturelt utforskande. Gjennom studiar, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid og samfunnskontakt skal vi utfordre det velkjente.

Vi skal

  • vere leiande på utfordringsbasert utdanning og forsking, der studentar, tilsette og eksterne partnarar samhandlar om å løyse reelle samfunnsutfordringar ved å bygge opp under kritisk refleksjon og konstruktiv debatt.
  • gjere forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid av høg kvalitet allment tilgjengeleg. Utdanningane og forskingane våre skal utviklast i tett samarbeid med andre akademiske institusjonar, med arbeids- og kulturliv, frivillige organisasjonar og samfunnet elles.
  • dele kunnskap gjennom samarbeid og formidling internt og eksternt. Universitetet skal vere opent og innbydande, med tilrettelagt infrastruktur og digitale løysingar som sikrar kontinuerleg tilgang. 
Strategiske ambisjonar fram mot 2030

Eit godt lærings- og arbeidsmiljø

UiS skal vere ein stad der framifrå prestasjonar blant studentar og tilsette blir støtta opp av eit godt lærings- og arbeidsmiljø.

Studentar ved studieavslutning på UiS campus

UiS skal vere eit attraktivt universitet å studere og arbeide ved. Gjennom høg kvalitet i kjerneoppgåvene våre skal vi tiltrekke oss ambisiøse studentar og tilsette. Vi skal utvikle kultur for tverrfagleg kompetanse og samarbeid.

Vi skal

  • sikre helsefremmande lærings- og arbeidsmiljø gjennom deltakarstyrte prosessar, fagleg og personleg utvikling og berekraftig campusutvikling.
  • utvikle digitale arenaar og fysiske møteplassar som legg til rette for kunst, kultur og interaksjon med samfunnet rundt oss.
  • fremme studentvelferd for alle og stimulere studentane til aktivt engasjement for kvarandre og for utvikling og styring av verksemda.

Historia om UiS reflekterer på mange måtar historia om byen og regionen vår.

Relevante lenker