Studentar konkurrerte om beste konsulentrapport

Også i år fekk studentane i kurset “Economics of Motivation” prøva seg som konsulentar i arbeidslivet for å testa ut teoriar i praksis. Oppgåvene tek utgangspunkt i korleis bedriftene motiverer sine tilsette og studentane skal analysera og tilrå tiltak som kan auka motivasjonen. Dei beste rapportane vart presenterte i ein finalen i Sandnes Sparebank Case Competition på Handelshøgskolen ved UiS den 14. november.

Published Sist oppdatert
Møterom med studenter Case Competition 2023
Spente studentar ventar på dommen til juryen om kva studentteam som vinn årets Sandnes sparebank Case Competition

Faget “Economics of Motivation”Handelshøgskolen ved UiS ser spesielt på korleis motivasjon på arbeidsplassen finn stad både gjennom teori og praksis. Studentane lærer å nytta det det dei har lært i forelesingane gjennom å laga ein rapport basert ei reell bedrift. Oppgåva går i hovudsak ut på å evaluera korleis arbeidsgivaren motiverer sine tilsette. Studentane jobbar i team og vel sjølv bedrifta dei ønskjer å undersøkja.

Dei tre studentteama som leverte dei beste case-rapportane konkurrerte om ein førstepremie på heile 40 000 kroner gitt av Sandnes sparebank.

Vinnarane av årets Sandnes Sparebank Case Competion vart Team IVAR med masterstudentane Ingrid Flood, Kaleb Kristensen, Ragnhild Leidland og Ingvild Mørk Salvesen. Teamet gjorde sin case-studie hos IVAR, Interkommunal vann, avløp og renovasjon.
Her er vinnerlaget, Team IVAR, med Juryformann Tomas Nordbø og jurymedlem Venke Furre Haaland

Vinnarane av årets Sandnes Sparebank Case Competion vart Team IVAR med masterstudentane Ingrid Flood, Kaleb Kristensen, Ragnhild Leidland og Ingvild Mørk Salvesen. Teamet gjorde sin case-studie hos IVAR, Interkommunal vann, avløp og renovasjon.

Vinnarane av årets Sandnes Sparebank Case Competion vart Team IVAR med masterstudentane Ingrid Flood, Kaleb Kristensen, Ragnhild Leidland og Ingvild Mørk Salvesen. Teamet gjorde sin case-studie hos IVAR, Interkommunal vann, avløp og renovasjon.
Team IVAR med masterstudentane Ingrid Flood, Kaleb Kristensen, Ragnhild Leidland og Ingvild Mørk Salvesen. .

Vinnarlaget var samstemde, – Bedrifta IVAR var rause med å dela nødvendig informasjon for å gjera ei god oppgåve. Det var ein praktisk måte å læra fag på, å prøva ut på ekte det me har lært i klassen. Å vera konsulentar gav meirsmak og kjendest meiningsfullt. Resultata me fann kan brukast av bedrifta. Det var ei utruleg gøy oppleving, slitsamt, men absolutt verd strevet.

Finalistar, team Bufetat med studentane Andrea Berge, Hakan Demirbas, Silje Linn Meling og Nora Gravdal Ulriksen.
Finalister, team Bufetat med studentane Andrea Berge, Hakan Demirbas, Silje Linn Meling og Nora Gravdal Ulriksen.

Læringen går begge veier

CFO og viseadministrerende direktør i Sandnes Sparebank, Tomas Nordbø, sat i ekspertkomiteen som evaluerte case-studiane i gruppene saman med avdelingsleiar Venke Furre Haaland.  – Innsatsen bidreg begge vegar, både i auka kunnskap til studentane og til bedrifta. Studentane gir tilbakemelding til bedriftene om kvar skoen klemmer når det gjeld tilsettes motivasjonar

– Dette var godt førebudde studentar. Erfaringane er med å førebu studentane til ein god innsats for og karriere i næringslivet. Det å delta og bidra i denne praktiske konkurransen for masterstudentane i økonomi og administrasjon gir både Sandnes sparebank og bedriftskundane våre og andre verksemder i regionen, best mogleg skolerte kandidatar frå Handelshøgskolen ved UiS, seier Nordbø.

Finalistar, team "Randaberg kommune" med Mohammed Alabbasi, Preben Nordahl Idsø, Mumminul Islam Muhammed Mustafa og Anta Niila Olof Alfred Stinnerbom.
Finalister, team "Randaberg kommune" med Mohammed Alabbasi, Preben Nordahl Idsø, Mumminul Islam Muhammed Mustafa og Anta Niila Olof Alfred Stinnerbom

Kunnskapsrike studentar samarbeider med arbeidslivet

Venke Furre Haaland og Thomas N. Middelthon
Juryen 2023: Venke Furre Haaland (UiS) og Tomas Nordbø (Sandnes sparebank).

– Når studentane skal ut i arbeidslivet er det viktig for oss i Sandnes Sparebank og for bedriftskundane våre at dei er best mogleg førebudd. Som ein viktig regional bank ser vi dette som ein del av samfunnsoppdraget vårt, forklarer Nordbø. Samarbeidet mellom Sandnes sparebank og Handelshøgskolen ved UiS har vore nyttig for begge partar, men ikkje minst for alle studentane som er så heldige å ha valt dette faget.

Lærarkreftene ved UiS

Professor Mari Rege ved Handelshøgskolen har saman med stipendiat Espen Sagen undervist i kurset. Sistnemnde har også hatt ansvar for å organisera case-konkurransen. Avdelingsleiar på Handelshøgskolen ved UiS og jurymedlem Venke Haaland rosar studentane og dei vitskapleg tilsette for grundig arbeid. Studentane har lagt ned mange arbeidstimar som har gitt gode resultat både fagleg og ikkje minst praktisk.

Tekst: Egil C. Svela