Suksess for drop-in-vaksinering på UiS

Det vart sett heile 138 vaksinedosar då Stavanger kommune sin vaksinebuss var på Universitetet i Stavanger. Både UiS og Stavanger kommune er veldig godt nøgd med resultatet.

Published Sist oppdatert

UiS var fyrste stopp for Stavanger kommune sin vaksinebuss.

Bussen stod parkert på plassen framfor Arne Rettedals hus på campus Ullandhaug frå 9 til 14 måndag 4. oktober og tysdag 5. oktober.

Heilt frå byrjinga var det stor tilstrømming og kø utanfor bussen. Berre dei fyrste tre timane vart 45 personar vaksinerte.

UiS fyrste stopp

UiS var fyrste stopp for vaksinebussen og smittevernoverlege i Stavanger, Ruth Midtgarden, er veldig godt nøgd med resultatet.

– Vi er no særleg opptekne av gruppa frå 18 til 40 år, sidan det i denne gruppa er færrast vaksinerte. Med besøket på UiS nådde vi mange i denne aldersgruppa, seier ho.

Stor tilstrømming

På førehand var det informert om tilbodet på UiS sine sosiale media og nettsider. Same morgon som tilbodet starta, fekk alle studentar ein SMS med melding om at det berre var å komma for å få vaksine.  Studentane fekk òg informasjon i studentkanalen Canvas. Mange følgde altså oppmodinga om å la seg vaksinere.

Vaksinasjon i Stavanger no

Stavanger kommune har no berre drop-in-vaksine frå vaksinebussen. Dersom du ikkje fekk vaksinert deg da bussen var på campus kan du sjå på ruta til bussen og dra til næraste stopp. Ellers kan du bestille vaksine på vaksinesenteret i Torgveien 15 C i Hillevåg.

Tekst og foto: Elin Nyberg