Hopp til hovedinnhold

UiS er medarrangør av Stavanger 2025

I 2025 er Stavanger 900 år. Jubileet skal byggje identitet og fellesskap, gjere Stavangerregionen meir attraktiv, og føre til utvikling i kommunedelane.

Publisert: Endret:
Biskop Anne Lise Ådnøy, ordførar Kari Nessa Nordtun og rektor Klaus Mohn signerte samarbeidsavtale for Stavanger 2025.

Stavanger kommune er hovudarrangør for jubileet, og no blir Den norske kyrkja og Universitetet i Stavanger med i arbeidet vidare. Medarrangørane får innverknad på kva jubileumsåret skal innehalde, og skal i tida fram mot 2025 lyfte aktuelle satsingsområde og problemstillingar i fellesskap.

Tre jubileum - éi stor feiring

– Byen, domkyrkja og Stavanger bispedømme er 900 år på same tid. Gjennom dette samarbeidet blir tre jubileum til éi stor feiring. Kyrkja og universitetet har eit regionalt nedslagsfelt, og er spesielt viktige for nokre av hovudelementa i byjubileet. Det handlar om domkyrkja, som Stavanger er bygd rundt, og kunnskap og kompetanse til å møte den grøne omstillinga som Stavanger no går i møte, fastslår ordførar Kari Nessa Nordtun.

Ho legg til at kommunen allereie har eit tett samarbeid med UiS og kyrkja, blant anna gjennom restaureringa av Stavanger domkyrkje.

Leite etter framhaldet

Stavanger kommune skal framover jobbe tett med kyrkjeverja, som har ansvar for domkyrkja og mellomalderkyrkjene i Stavanger, med Stavanger bispedømme og med domkyrkja og St. Petri meinigheit.

– Forteljinga om byen og kyrkja er uløyseleg knytt saman. Samarbeidet rundt jubileet vil ikkje berre handle om historia vår, men også om kva rolle religion, tru og kyrkje vil ha for identitet og samfunn i framtida, forklarer biskop Anne Lise Ådnøy.

Utvikling av studentbyen

Samarbeidet med UiS vil krinse rundt omstilling for å møte framtidas utfordringar, og skal utvikle Stavanger vidare som studentby.

– Universitetet i Stavanger ønsker å leggje til rette for møteplassar for meiningsbrytning, kunnskapsdeling og kunstnarisk utvikling. Derfor gler vi oss til å vere med å arrangere Stavanger sitt jubileum. Vi skal markere den tradisjonsrike fortida vår, feire ein levande by i ein internasjonal region og ikkje minst vise korleis vi kan bidra til å løyse utfordringane framover, for ei meir berekraftig samfunnsutvikling og nye måtar å forvalte ressursar på, seier rektor Klaus Mohn.

Les meir om Stavanger 2025 på Stavanger kommune sine nettsider