UiS må spare - påverkar det meg som student?

Heller ikkje UiS slepp unna kutt og hardare rammevilkår i universitets- og høgskolesektoren. Men det skal du som student i liten grad merke.

Published Sist oppdatert
Universitetsbiblioteket i Stavanger

Først og fremst: Du treng ikkje frykte for studieprogrammet ditt. Dersom det skulle bli aktuelt å legge ned studieprogram, vil universitetsstyret pålegge fakulteta overgangsordningar slik at ingen studentar som er tatt opp på programmet blir skadelidande.

Det er elles berre universitetsstyret som kan vedta å legge ned studieprogram. Også såkalla null-opptak på gradstudiar er det styret som avgjer.

Når det gjeld årseiningar kan dekanen vedta nullopptak eller nedlegging, men og her gjeld overgangsordningar. Alle som er tatt opp skal kunne fullføre innan dei tidsrammer som gjeld.

Undervisingstimar

Eit institutt, Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk (IGIS), går frå 75 timar til 67 timar undervising i klasserommet på 15 poengs emne dette studieåret.

Men her har UiS i utgangspunktet lege svært høgt når ein reknar undervisingstimar per studiepoeng, forklarar instituttleiar ved IGIS, Lars Rune Waage. Han peikar på at det i universitets- og høgskulesektoren er vanleg å rekne mellom to og fem undervisingstimar per studiepoeng, tilsvarande mellom 30 og 75 timar for eit 15 studiepoengs emne.

– Med færre timer i klasserommet blir undervisinga lagt opp litt annleis, men sidan det her berre er snakk om ein liten reduksjon frå eit i utgangspunktet høgt tal undervisingstimar, vil dette ikkje få dei heilt store konsekvensane, seier Waage.

– Studia og studentane det viktigaste

 – Det er forståeleg at studentar kan kjenne på uvisse knytt til eigen studiesituasjon når dei høyrer at universitetet må spare. Men studia og studentane er det viktigaste for oss, og me gjer alt me kan for å skåne dei i denne prosessen. Studentane vil difor i liten grad merke at vi må snu litt på skillingen, seier rektor Klaus Mohn.

– Sjølv om tidene kan være litt krevjande akkurat no, har det å pressast mot utkanten av komfortsonen og sine positive sider. Kanskje særleg for eit ungt og innovativt universitet som UiS. Vi ser derfor også på dette som ein moglegheit til å bli enda betre og enda kvassare på innovasjon og nytenking, legg rektor til.

Tekst: Elin Nyberg