CIAM seminar om innføring av prinsipp i industrien og verksemder som kan føra til langsiktig og berekraftig verdiskaping.
I dette CIAM seminaret vil du møta representantar frå bedrifter som arbeider med og har fokus på langsiktig og berekraftig verdiskaping på ulikt vis gjennom ressursstyring eller Industrial Asset Management.
Nytt høve til å utvida ditt profesjonelle nettverk og treffa menneske som kanskje jobbar i ein heilt annan bransje enn deg. Bli inspirert til å tenkja på nye måtar som kan vera nyttig til bruk i den verksemda du arbeider i til dagleg. Me presenterar følgjande spennande innlegg:
- Katapult senteret: Samarbeid og teknologiutvikling (Møyfrid Risdal – Vekstpartner)
- Digitalisering for å oppnå eit paradigmeskifte i tradisjonell produksjons-tenking (Anette Anfinnsen – Robotic Innovation)
- Effektivitet og berekraft (Sigbjørn Ullestad – NMI Group)
- Samarbeid mellom universitet og industri (Mona Wetrhus Minde – UiS)
- Nødvendigheita av å tenkja annleis (Øystein Sveinsvoll Skoge – Thor Kraft)
- Dato: Fredag 8. mars
- Tid: kl. 08:00 - 11:30
- Stad: Forum Jæren, Hetlandsgata 9, Bryne
Programmet startar kl 08:00 med ein lett frukost, og me reknar med å vera ferdig innan kl 11:30.
Seminaret vil gå føre seg på norsk og er gratis for medlemmer av CIAM (dvs. tilsette i ein av CIAM’s medlemsbedrifter eller som er personleg medlem eller tilsette og studentar ved UiS). Dei som ikkje er medlemmer vil bli fakturert kr 900,- etter seminaret.