Påmeldings- og betalingsvilkår

Les våre betalingsvilkår nøye før du melder deg på eit kurs eller emne ved UiS Etter- og vidareutdanning (UiS EVU).

Published Sist oppdatert

Fram til søknadsfristen sitt utløp kan du fritt trekkje søknaden i søknadsportalen til UiS Etter- og vidareutdanning (Velg institusjon - EVUweb (fsweb.no )

Vel du å trekkje deg frå eit kurs/vidareutdanning med kursavgift via UIS Etter- og vidareutdanning, er trekkfristen fra et kurset 14 dagar etter motteke opptaksbrev. Dersom du har fått opptak til eit kurs/studie/emne med kursavgift gjeld Lov om angrerett.

Det betyr at du kan fritt kan melde deg av innan 14 dagar etter at du har motteke opptaksbrev. Avmelding skal sendast epost til studiekoordinator oppgitt i opptaksbrevet. Du vil motta ei stadfesting i retur på epost. Ta gjerne vare på den.

Vel du å trekkje deg/slutte etter angrefristen sitt utløp, etter kurset sin oppstart eller ved manglande frammøte, vert heile kursavgifta belasta. Innbetalt kursavgift blir ikkje refundert.

Det er forbrukaren som må bevisa at avmeldinga er sendt innan fristen, dersom det skulle oppstå tvil om dette, jfr. §20 i lova.

Kursavgifta vert fakturert seinast ved kursstart.

Universitetet held på retten til å avlysa kurs med for få påmeldte.

Studentar som har betalt kursavgifta og semesteravgifta vert automatisk oppmeld til eksamen.

Utsetjing

Vel du å trekkje deg frå kurs/emne/studie som har kursavgift/betaling etter utløpet på angrefristen, kan du be om utsetjing til neste gong kurset skal arrangerast. Kursavgifta må likevel betalast inneverande semester.

Det er berre mogeleg å be om utsetjing ein gong. Dersom kurset heller ikkje skal gjennomførast blir kursavgifta rekna som tapt. Me gjer oppmerksam på at ikkje alle kurs blir køyrde fleire gonger. Nokre kurs kan ha andre reglar for utsetjing og permisjon. Sjå kurset si nettside.

Sjå på ulike finansieringsmoglegheiter.