Praksisemne for humaniorastudenter

Alle som tek ein bachelorgrad innafor dei humanistiske faga religion, historie, nordisk eller engelsk kan søke om å gå ut i praksis på ein arbeidsstad som er spennande og relevant for utdanninga. UiS er ein av få utdanningsstader som tilbyr dette. Tilbodet gjer det mogleg å prøve seg og få kontaktar innanfor felt der det elles kan vere vanskeleg å få relevant erfaring.

Published Sist oppdatert

Med relevant praksiserfaring som dette emnet gir, vil studentane stille sterkare i møtet med arbeidslivet.

Brita Strand Rangnes , prosjektleiar
Patrick Gulliksen Petterson og Christiane Høines Baardsen sin praksisperiode innebar mellom anna arbeid med litteraturfestivalen Kapittel.

– Men kva blir eg når eg ferdig, då?

Undersøkjingar syner at studentar innanfor humanistiske fag kjem seg fint ut i arbeidslivet. Likevel er det mange som undervegs i utdanninga si lurer på kva for muligheiter som finst med ein bachelorgrad innanfor humanistiske fag.

Målretta førebuing til arbeidslivet

Det oppløftande svaret er at moglegheitene er mange og varierte. Den store variasjonen gjer feltet - eller feltene- spanande, men det er kanskje ikkje like lett å orientere seg i dette mangfoldet av moglegheiter.

– Å tilby praksis for bachelorstudentar innanfor humanistiske fag er del av eit målretta arbeid for å gjere studentane betre førebudde på arbeidslivet. Praksis er eit godt høve til å løfte blikket og reflektere over kva moglegheiter som ligg i utdanningane innafor humanistiske fag, seier Brita Strand Rangnes, prosjektleiar for praksisemnet.

Praksisemnet gir 15 studiepoeng, og totalt er studentane 225 arbeidstimar ute i verksemdene i løpet av ein 12- vekers periode, i det femte semesteret i bachelorutdanninga.

Praksisperioden skal gi reell arbeidssituasjon

Eit viktig poeng med praksisordningen er at verksemda og den einskilde student gjer seg kjende med kvarandre og saman finn dei oppgåvene som passar best. Samstundes er det eit viktig poeng at studentane skal utføre arbeidsoppgåver som uansett gjerast i verksemdene.

– Vi er opptekne av at dette skal likne på ein reell arbeidssituasjon, seier Rangnes.

Difor valde dei praksisemnet