Destinasjonar med vinterturisme lir mindre av sesongsvingingar

Oddne Skrede har forska på norske reiselivsbedrifter og deira omgjevnader: Korleis konkurrerer dei med kvarandre? Og korleis drar dei nytte av kvarandre?

Published Sist oppdatert
Portrettbilde av mann foran grønn gressbakke
Oddne Skrede har en mastergrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Bergen. han er tilsett ved Høgskulen på Vestlandet.

Skrede disputerte for ph.d.-graden i leiing, økonomi og reiseliv ved Universitetet i Stavanger 2. november 2022. Han forsvarte avhandlinga Agglomeration and performance in Norwegian tourism.

Konkurransen er hard mellom reiselivsbedrifter som leverer same teneste. Bedrifter som opererer i område med eit breiare spekter av ulike reiselivstilbod greier seg betre enn bedrifter i område med smalare tilbod. Dei har rett og slett betre sjansar for å unngå nedstenging. Politiske eller private tiltak og initiativ som aukar mangfaldet av reiselivstilbod verkar difor å gjere reiselivet meir konkurransedyktig. Reiselivsbedrifter står overfor mange utfordringar, som høge kostnader, sesongvariasjonar og tøff konkurranse. Den langstrekte kysten byr på rike opplevingar, og cruiseturisme står for ein stor del av dei besøkande. Gjennom omfattande utrekningar av tal frå bedrifter ved alle norske cruisehamner, fann han ut at cruiseturistar i gjennomsnitt legg att positive om moderate beløp hjå lokale hotell, restaurantar og kafear.

– Eg undersøkte spesifikt eitt av reiselivet sine største problem: sesongsvingingar. Hotellbedrifter investerer omfattande i romkapasitet som til dels vert ståande tomt i lågsesongen – typisk om vinteren. Eg fann at hotellbedrifter i område med store sesongsvingingar tener langt mindre på kvart tilgjengelege hotellrom. Eg fann òg ut at hotell i destinasjonar som har utvikla vinterturisme lir langt mindre av sesongsvingingar og har høg inntekt i vintersesongen, seier Skrede.

Forskingsresultata gir ny innsikt i kva som påverkar lønsemd hjå norske reiselivsbedrifter. Denne kunnskapen kan nyttast av næringsaktørar og politikarer i arbeidet med å betre rammevilkåra til næringa. Låg inntening er ei strukturell utfordring i reiselivet. Resultata her viser at å jobbe systematisk på destinasjonsnivå for å betre mangfaldet i reiselivstilbodet kan auke innteninga hjå reiselivsbedrifter.