Æresdoktor for energi og omstilling

Ved årsfesten for Universitetet i Stavanger fredag 29. oktober 2021 blei eit nytt æresdoktorat tildelt Fatih Birol, som til dagleg er administrerande direktør for Det internasjonale energibyrået (International Energy Agency; IEA) i Paris.

Published Sist oppdatert
Innlegg frå rektor klaus Mohn

Fatih Birol
Fatih Birol, administrerande direktør for Det internasjonale energibyrået (IEA) er tildelt eit æresdoktorat ved UiS.

Ideen om eit slikt æresdoktorat kom opp i samtaler om tettare samarbeid mellom UiS og IEA i løpet av det siste året. Eg er glad og stolt over at ein slik kapasitet no er knytt til UiS, og ser fram til eit tettare fagleg samarbeid både med Birol og med IEA.

Omstilling løfta omdømet

Som eit lærestykke i moderne PR-kunst presenterer Det internasjonale energibyrået sin flaggskiprapport World Energy Outlook i London kvar haust. Dette er referanserapporten som gjennom lang tid hadde blitt sett på som ein hjørnestein i det retoriske forsvarsverket for dei veletablerte delane av olje- og energinæringa.

Ein viktig del av bakgrunnen er at IEA gjennom ei årrekke blei skulda for å tone ned vekstpotensialet for fornybar energi. Gjennom år etter år viste den faktiske utviklinga av sol- og vindenergi ei vesentleg raskare veksttakt enn det som låg i framskrivingane frå IEA. Eg har sjølv engasjert meg i evaluering av IEA sitt modellarbeid og framskrivingar på dette feltet.

Inntrykket har sidan endra seg gradvis, etter som IEA jekka opp utsiktene og den faktiske utviklinga av sol- og vindenergi sakka litt på farten. I klimarørsla kom det store omslaget i inntrykket av IEA likevel ikkje før våren 2021. Då lanserte IEA ein større kravanalyse med scenario for energisituasjonen mot 2050 under føresetnad om at verda skulle nå eit mål om null nettoutslepp av CO2: Net zero by 2050. I denne samanhengen understreka IEA med Fatih Birol i spissen at: «No new oil and natural gas fields are needed in the net zero pathway…».

Utspelet vakte stor oppsikt, og blei sett som eit omslag i IEA sitt syn på olje- og gassutvinning verda over. Sanninga er sjeldan så enkel som i avisoverskriftene. Men FN tok uansett høvet til å forsterke sine tidlegare tilrådingar om at verda må akselerere omstillinga bort frå fossile brensel. I Noreg sette bodskapen frå IEA ny fart i den politiske debatten om oljeverksemda og klimapolitikken inn mot valkampen 2021. Alt i alt bidrog dette til å styrke IEA sitt omdømme som agent for energiomstilling i møtet med klimautfordringa.

Ein tradisjonsrik energi-organisasjon

IEA blei etablert i 1974 for å ivareta vestlege forbrukarland sine interesser for stabilitet i energiforsyninga etter det første store oljeprissjokket. Gjennom åra er aktiviteten utvida til å omfatte økonomisk utvikling, miljø- og klimaomsyn. Med hovudkontor i Paris, er IEA organisert som eit slags underbruk av OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling). IEA tener interessene til i alt 29 industrialiserte, vestlege medlemsland, som alle er storforbrukarar av petroleum.

Etter ei rivande utvikling gjennom dei siste 20 åra blir IEA i dag lytta til og nemnt av politikarar og industrileiarar over heile verda. Slik har det ikkje alltid vore. Ei av forklaringane er at samanhengar mellom energitryggleik, vekst og velferd har kome på dagsorden for politikarar i stadig fleire land. I tillegg har klimautfordringa auka etterspurnaden etter verdsomspennande vurderingar av status og utsikter for energisituasjonen. Med godt tilpassa kompetanse, medviten strategisk posisjonering og god marknadsføring er IEA blant aktørane som har utnytta desse trendane aller best.

Stort apparat for omfattande analyser

Etter stor innsats i leiande posisjonar for analyseverksemda i IEA gjennom to tiår skal Fatih Birol ha sin del av fortenesta for denne utviklinga. Under Fatih Birol sin leiarskap som sjeføkonom utvikla IEA ein analyseorganisasjon som i dag produserer eit rikt sett av regelmessige og tematiske rapportar, omfattande datasett og skreddarsydde tenester. World Economic Outlook er i dag dermed berre toppen av isfjellet, eller flaggskipet i ein svær kortesje av analyseprodukt.

Mykje tyder på at høge ambisjonar er ei viktig forklaring bak den raske framveksten av IEA i det internasjonale energisamfunnet. Ikkje minst er dette inntrykket knytt til Fatih Birol, som står fram som ein mann med stor kompetanse, sterk vilje og god oppdrift. Han blei fødd i Ankara i 1958, og fekk seg ein bachelor-grad i ingeniørfag frå universitetet i heimbyen, før han seinare drog til Austerrike og tok mastergrad og doktorgrad i energiøkonomi ved Universitetet i Wien.

I Wien arbeidde Birol i nokre år for Opec-sekretariatet før han begynte i IEA i 1995. Her har han gått gradene, og var sjeføkonom i nærmare 15 år, før han overtok stillinga som administrerande direktør frå hausten 2015. I praksis hadde han likevel vore toppfiguren i mange år. Kven har vel høyrt om Maria van der Hoeven, som var direktør fram til 2015 – eller Nobuo Tanaka, som var direktør før ho? Som stjerna på IEA-laget var det Fatih Birol som scora måla, og som no har hatt kapteinsbandet i seks år.

Med Fatih Birol som gallionsfigur blir IEA sine analyser hardt marknadsført nett slik det høver seg i eit moderne multimediesamfunn. Birol er ein sann globetrotter, svært flittig på konferansefronten, gir stadig interju for papir-, nett- og TV-medium, og både han og IEA er i tillegg ivrige på sosiale plattformar for kommunikasjon.

Respektert premissleverandør

IEA nyt i dag stor respekt som premissleverandør i stadig viktigare fora av industrileiarar og politikarar over heile verda. Regjeringar og organisasjonar har dekorert Fatih Birol med ei rekke prisar og medaljar for innsatsen han har gjort for IEA, for forståinga av koblinga mellom energi- og klimasituasjonen i verda og for arbeidet med å styrke bruken av økonomifaget på energiområdet.

Den imponerande karrieren står på sett og vis i kontrast til framtoninga, som er enkel og likesæl, med glimt i auget og ein venleg replikk til alle han møtar. Birol elskar fotball, og i 2013 fekk han æresmedlemskap i favorittklubben Galatasaray. Men bak den folkelege fasaden anar ein konturane av ein ærekjær og ambisiøs analytikar, med stor arbeidskapasitet og ein vilje av stål.

Eit spørsmål som meldte seg for seks år sidan var korleis Birol ville handtere overgangen frå stillinga som sjeføkonom til posisjonen som toppsjef, frå analytikar til politikar, så å seie. Toppstillinga ved IEA føreset eit eige sett av eigenskapar – som diplomat og statsmann. Han som sjeldan hadde brukt manuskript under taler og prsentasjonar, og som heller ikkje er like elegant og polert som mange av dei som i dag har topproller i det internasjonale politiske landskapet.

Men Birol har gjort skepsisen til skamme. For han slår dei aller fleste ned i støvlane når det gjeld kompetanse og kapasitet. I tillegg har han skjøtt på med ein stor porsjon sjarm og eit enormt nettverk av ressurssterke nøkkelpersonar. Pakken er nærmast uslåeleg.

Med Fatih Birol i leiarstolen har IEA løfta ambisjonane som premissleverandør ikkje berre for energipolitikken verda over, men i aukande grad og for klimapolitikken. Tidlege teikn på dette såg me i etterkant av IPCC-møtet i Paris i 2015, der 131 land hadde meldt inn nasjonalt bestemte mål (INDC) for reduksjon i CO2-utslepp i perioden etter 2020. Tanken var at CO2-utsleppa i enkeltland skulle bli overvaka og evaluert mot desse måla, og at måla over tid skulle bli utvida og innstramma for etter kvart å bringe verda stadig nærmare 2-gradersmålet for global oppvarming. Denne prosessen dannar eit hovudtema for klimatoppmøtet i Glasgow denne hausten (2021). Til dette trengst ein overnasjonal organisasjon med tillit og truverd, som har kompetanse til å måle, aggregere og evaluere. I dette arbeidet har IEA posisjonert seg aktivt for ei sentral rolle.

Interesser skapar utfordringar

Ei utfordring som står att i denne samanhengen er at IEA er ein organisasjon som er utgått frå den rike delen av verda, og som i dag er avgrensa til 30 fullverdige medlemsland. På den andre sida har FN sitt klimapanel heile 195 medlemsland, og berre eit bittelite mindretal av desse er i dag medlemmar av IEA. At IEA ikkje ser dette som avgjerande er til lita nytte, sjølv om dei skulle være klare til å ønske fleire medlemmar velkomne om bord. Den enkle grunnen er at ei av dei verkeleg viktige konfliktlinjene i klimaforhandlingane hittil har gått mellom industrialiserte land på den eine sida, og framveksande økonomiar og utviklingsland på den andre.

Spørsmålet blir dermed om IEA har sjanse til å opparbeide naudsynt tillit og legitimitet for ei slik rolle. Slike utfordringar ligg bortanfor det energi- og økonomifaglege domenet der Fatih Birol tradisjonelt har boltra seg.  Med aukande uro i energimarknaden, skjerpa krav om vekst og velferd og sterke interessemotsetnadar rundt klimautfordringa blir det ekstra spanande å følgje med IEA under Fatih Birol sin leiarskap i åra som kjem.

Fatih Birol og IEA har store kompetansemessige grensesnitt mot den nye strategien vår mot 2030, med spesiell relevans knytt til ‘Energi’ og ‘Grøn omstilling’. Med Birol på laget har eg håp om at samarbeidet kan styrkast, om forsking (kompetanse, data og modellar), innanfor utdanningsfeltet (gjesteførelesingar, rettleiing, utveksling av studentar og tilsette) og innanfor innovasjon og samfunnskontakt (bruk av ny kunnskap, samarbeid om arrangement).

At ein kapasitet som Fatih Birol no er å finne som æresdoktor i UiS sine rekker er dermed både gledeleg og smigrande for oss som universitet, og etterlet eit stort potensial for strategisk samarbeid.