Eitt universitet: Universitetet i Stavanger!

UiS skal romme mykje når det gjeld variasjon og mangfald, ikkje minst når det gjeld meiningar og perspektiv. Me har sett oss som mål å løyse dei store samfunnsutfordringane i vår tid, og det gjer me best om me står samla.

Published Sist oppdatert

Jula nærmar seg med stormskritt og det same gjer eit nytt årsskifte. Det er no to og eit halvt år sidan eg tok opp leiargjerninga som rektor ved UiS, med ny styringsmodell, nytt styre og ei ny toppleiargruppe. Lite visste eg den gongen om kva me skulle utrette, om kva for endringar me skulle sette i verk – og ikkje minst kva for resultat me skulle skape.

Først må eg innrømme at å bli overmanna av posisjonen som toppleiar ved UiS var eit sjokk. Ikkje det at søknaden var eit innfall. Men eg hadde likevel ikkje tenkt nøye nok over kva det nye tilværet ville innebere. Brått blei eg kasta inn i ein endelaus møtekarusell. Brått blei eg stilt på toppen av alle dei viktigaste prosessane. Og brått var det meg alle såg på – og skulle ha tak i – både internt og eksternt. Det finst ingen stad å gøyme seg lenger.

Men sanneleg har det vore ei gjevande tid òg. Å få arbeide med så gode kollegaar,  medarbeidarar og studentar. Kompetansen og pågangsmotet. Drivet etter forbetring. Og ikkje minst engasjementet for arbeidsplassen og for samfunnet rundt oss.

Då eg tok opp rektorgjerninga var eg sant å seie heller ikkje så optimistisk når det gjaldt utsiktene til å utgjere ein forskjell. UiS er som eit tankskip, tenkte eg. Du kan skyte bort brua, men fartøyet held fram. Det tek årevis å justere kursen. Om eg får til eit knepp eller to i løpet av fireårsperioden, tenkte eg, så skal eg være nøgd. Men der tok eg feil.

Sjølv er det ikkje så ofte eg tenker over det. Kva som er skapt. Kva som er annleis. Kva det er me har fått til gjennom dei siste to åra. Men når me no ser oss tilbake, så er det mykje å glede seg over. Slik er eg sikker på at det er for oss alle, om ein berre tek litt tid til å tenke seg om. Det finst mykje som viser at engasjementet og innsatsen me legg ned, både på leiarnivå og i resten av organisasjonen utgjer ein forskjell. Ein viktig forskjell.

Om det er tre overordna omgrep som har lege bak det meste eg har ønska meg, så er det kvalitet, relevans og integritet. Desse tre omgrepa fekk sidan prege den nye strategien for UiS mot 2030, som blei til gjennom ein lang og grundig prosess, i godt samarbeid med styret, og med god forankring på kryss og tvers i heile organisasjonen. Den nye strategien kom dermed på plass gjennom eit fellesprosjekt. Resultatet står me saman om. Det kan me være stolte over, alle som ein.

Energi, helse og velferd, og læring for livet er blant satsingsområda våre. Me skal bidra til å løyse dei store samfunnsutfordringane i vår tid, og legge til rette for ei meir berekraftig samfunnsutvikling og nye måtar å forvalte ressursar på.

Ei satsing er meir omseggripande. Det er Grøn omstilling. Alle fakulteta er kopla på denne satsinga, dei fleste også med forsking. Med den nye strategien vår har me sådd frøet til ei viktig dreiing i vår sjølvforståing som universitet. Me er ikkje lenger eit oljeuniversitet. Me er eit omstillingsuniversitet. Akkurat dette blir lagt merke til.

Då eg i fjor etter strategiarbeidet presenterte strategien vår for Greater Stavanger, reiste konsernsjefen i SR-Bank seg og sa: «Me har blitt kjent som eit Stavanger der næringslivet har gått framom og vist veg for universitetet. No er rollene bytta om. No er det Universitetet i Stavanger som går framom og viser veg for det regionale næringslivet.» Dette må me ta til oss. Regionen ser til oss. Og me blir lagt merke til på andre kantar av landet. Til seminar og konferansar ved UiS er det no enklare enn nokon gong å invitere store namn. UiS har ei viktig rolle å spele. Ikkje berre i regionen, men òg på nasjonalt nivå, og stundom i andre delar av verda.

Samspelet med omverda har alltid vore viktig for Universitetet i Stavanger. Og dette samspelet held fram. Men samstundes er det viktig at dette samspelet ikkje blir avgrensa til våre nærmaste omgjevnadar. Me spelar ikkje lenger i ein kretsmeisterskap, men skal markere oss på nasjonalt nivå, og på mange område i internasjonal samanheng. Med merksemda festa på kvalitet, kan me heve blikket frå andedammen i sørvest – mot nye horisontar både innanlands og utanlands.

I toppleiargruppa har me hatt leiarsamlingar for å drøfte korleis me kan fungere betre som eit team. Ei utfordring er at me får for lite tid til å snakke saman i andre samanhengar enn møte. Som tilsette ser me kvarandre som oftast i møte. Men elles er det mykje kvar med sitt. Difor gjeld det å finne høve og arenaar som kan krydre tilværet og gje litt fleire fasettar til forholda oss imellom. Berre slik kan me blir betre kjent. Og når me blir betre kjent, så forstår me kvarandre betre, me bygg tillit, blir rausare med kvarande – og alt dette skapar betre samhald.

Universitetet rommar eit mangfald av sterke meiningar som ikkje alltid er samanfallande. Me har stundom kryssande interesser, til dømes når det gjeld fordeling av ressursar. Me har ueinigheit og engasjerte diskusjonar. Men samstundes sit me i same båt. Spørsmålet er difor om me oppi alt dette kan makte å skape ei meir tydeleg kjensle av fellesskap.

Som universitet er me eit fargerikt fellesskap, der ikkje alle til eikvar tid skal gå i takt. Me skal romme mykje når det gjeld variasjon og mangfald, ikkje minst når det gjeld meiningar og perspektiv. Samstundes er det fint å kjenne på eit fellesskap, at ein saman høyrer til noko, noko som gjer at ein kan kjenne seg igjen i andre.

For å klare dette – å handtere konfliktar samstundes som me skal oppleve eit fellesskap – set det store krav til oss som leiarar, og til oss som medarbeidarar. Gode og tillitvekkande prosessar er ein føresetnad for viktige avgjerder. Me må ha takhøgd og openheit nok til at me kan seie det me meiner, sjølv om ikkje alle er einige. Me må våge å høyre kvarandre sine synspunkt og kvifor me er ueinige, utan å bli ufine. Konfliktar skal tolast og handterast, men samstundes skal stilen vår være involverande og inkluderande. Som i eit samliv må me øve oss på å arbeide saman sjølv om forskjellane mellom oss kan være betydelege.

Om me skal lykkast i å stå fram som innovative og nyskapande, utfordra det velkjende, så treng me tryggleik til å seie frå. Samstundes må me kommunisere med respekt og audmjukskap for kvarandre sine meiningar. Husk at me alle er førebilete for kvarandre. På godt og vondt. Det du visar til kollegaane dine i form av åtferd, blir gjerne det du får tilbake.

Her handlar det om kulturbygging. Og kulturbygging kan ein ikkje vedta. Det er til og med kontroversielt om kulturen i det heile teke kan påverkast. Her er nok eg blant dei som er overtydd over at åtferd på individnivå kan spele ei rolle. Dette gjeld og for kjensla av at me driv noko saman, noko som er større og viktigare enn oss sjølve, større enn instituttet, større enn fakultetet, ja, stundom større enn universitetet òg.

I leiarsamlingar i haust har dette temaet stått på agendaen. Her har me reflektert i fellesskap og samtalt rundt samhald og det å høyre saman. Sjølv tenker eg at samhald, tilhøyrsle og tillit er noko som har materielle implikasjonar. For trivsel blant studentar og tilsette, for produktivitet og resultat, og ikkje minst for omdømmet me nyt overfor samfunnet rundt oss.

Fleire har fortalt meg at dei får ei sterkare kjensle av fellesskap og tilhøyrsle til UiS når dei trer ut av fagmiljøet sitt og samarbeider med folk på andre fakultet. I ein komité som skal løyse eit oppdrag på institusjonsnivå. I ei arbeidsgruppe som skal greie ut ei problemstilling som gjeld oss alle. I eit nettverk av forskarar eller administrativt tilsette. Slike arbeidsoppgåver kan styrke samhaldet og gje ei sterkare kjensle av å høyre til eit fellesskap.

Samstundes har me eksempel på at organisasjonen stundom slår sprekker, og at subkulturar presser seg fram. Til dømes ser ein delar av organisasjonen som ønskjer eigne identitetar og logoar for akkurat sine prosjekt og arrangement. For meg er UiS-logoen her eit sjølvsagt val. Ikkje berre fordi det er rett, men og fordi UiS er den sterkaste merkevara. Oppslutning om UiS-profilen vil òg bidra til sameining og ei fellesskapskjensle på tvers av universitetet.

Det som elles ikkje bidreg til fellesskapskjensle er når ein dyrkar ei «me og dei andre»-haldning. Som «me i leiinga» og «dei der nede». Eller «me i administrasjonen» og «dei ute på fakulteta». Eller den kanskje aller meste vanlege er «me som er vitskapleg tilsette» og «dei som er administrativt tilsette». Om slike haldningar og taleformer får dominere, så risikerer ein splid, som igjen kan underminere ideen om felles tilhøyrsle ved UiS.

Omverda har høge tankar om oss. Og sjølv har me sett oss som mål å løyse dei store samfunnsutfordringane i vår tid. Det gjer me betre om me står samla.

Eitt universitet: Universitetet i Stavanger!