Novemberhelsing frå rektor Klaus Mohn

– Eg vil de skal vite at eg er stolt av dykk. Innsatsen de har lagt ned er ein viktig grunn til at Universitetet i Stavanger har kome godt ut av koronasituasjonen. De har alle slutta lojalt opp om smittevernet, og det har fungert. I tillegg har me hatt litt velfortent flaks. Uansett er det fint lite smitte ved Universitetet vårt.

Published Sist oppdatert
Eg er glad for at UiS framleis er ope. Fortsatt kan du pugge på lesesalen, ha kollokvium på biblioteket og drikke kaffi i kantina. Benytt dei høva som fortsatt byd seg til å treffe folk.

Kjære studentar,

Håpar det står bra til, og at de ikkje stresser livet av dykk no midt i eksamenstida. Husk at adventstida er her, og jula er rett rundt hjørnet.

Eg vil de skal vite at eg er stolt av dykk. For eg veit at det kan være tungt å motivere seg for studia i ei tid som denne. Eg veit at de kan sakne det normale livet, med fysisk kontakt, festlege lag og fri myldring på campus. Men midt oppi alt dette har de klart å fortsette. Følgje undervisning, studere på eiga hand, løyse oppgåver og lese til eksamen.

Innsatsen de har lagt ned er ein viktig grunn til at Universitetet i Stavanger har kome godt ut av koronasituasjonen. De har alle slutta lojalt opp om smittevernet, og det har fungert. I tillegg har me hatt litt velfortent flaks. Uansett er det fint lite smitte ved Universitetet vårt.

Sjølvsagt er det kjipt å måtte greie seg utan store konsertar og festivalar. Det er kjipt å måtte sitte heime i staden for å være ute blant folk. Det er kjipt å måtte sitte dagen lang med hovudet inn i skjermen, i staden for å mingle med medstudentar på campus.

Og no i november har forsyne meg rammene rundt livet vårt blitt stramma inn nok ein gong. Smittevernet påverkar oss i alle delar av livet: Studiane, jobben, fritida, ferie, venskap, romansar – og alt anna me lever for.

Eg er glad for at UiS framleis er ope. Fortsatt kan du pugge på lesesalen, ha kollokvium på biblioteket og drikke kaffi i kantina. Benytt dei høva som fortsatt byd seg til å treffe folk.

Visste du at roleg pusting er ein av dei beste måtane å redusere stress på? Frå måndag av set me opp daglege turtilbod til alle studentar på UiS, for alle som ønskjer å strekkje på beina, puste kald og klar haustluft i det knappe dagslyset. Ta gjerne med ein ven eller tre, og gjerne ein du trur kan trenge litt selskap. Eller kom som du er. Møt opp klokka tolv utanfor Arne Rettedals hus. Her blir de møtt av ein turven som tek ei lita gruppe med på tur i Sørmarka eller kvar det måtte vere. Tilbodet står ved lag kvar vekedag fram mot midten av desember.

Før me veit ordet av det er det jul. Om jula ikkje skulle by på dei største juleselskapa, så blir det mindre og meir koselege samlingar, med masse julemat og fine samtaler. Husk elles at det fortsatt er lov å feire livet og eksamensresultata, sjølv under ein pandemi. Klappe seg sjølv på skuldra og være fornøgd med eigne prestasjonar.

Medan me ventar på eit nytt år og eit nytt semester, ber eg om at de tek godt vare på dykk sjølv og medstudentane dine. Ta den telefonen som du har tenkt på. Bank på hos naboen. Om du hjelper andre så hjelper du og deg sjølv. UiS har samtaletilbod og rettleiing til studentar no under korona. Sjekk nettsida vår for meir informasjon.

Eg veit ikkje helt korleis neste semester blir. Men koronasituasjonen vil nok være med oss fram mot sommaren neste år. Det er ikkje så lenge til. For oss alle inneber dette at me må halde oss mykje heime, halde folk på avstand og halde hendene reine.

No må me berre stå i det litt til. Så hald ut. For snart vil alt bli bra igjen!

Ta vare på deg sjølv no – og dei rundt deg. Og så håper eg me sjåast på tur i neste veke!